sjukmeld student

Sjuk student vil klaga til sivilombodet

Etter eit halvt år har Thomas Hellevang fått innvilga arbeidsavklaringspengar. Men saka til den sjukmelde studenten rullar framleis i Nav-systemet.

Då Khrono møtte Thomas Hellevang i mai, var saksmappene tjukke. Sidan den gong har endå fleire dokument kome til.

— Eg trur eg allereie har for høg utdanning til at eg kan få støtte til meir utdanning, seier Thomas Hellevang.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Khrono har skildra saka hans fleire gongar: Han vart akutt sjuk då han var på jobb som forpleiingssjef i Ghana i fjor sommar. I august byrja han på årsstudium i rettsvitskap ved høgskolen i Molde, men magesmertene gjorde at han måtte gi seg etter første halvår. Då starta problema: Sidan Hellevang hadde vore student, hadde han ikkje krav på sjukepengar, sa Nav.

No har Hellevang fått vedtak om at han får arbeidsavklaringspengar attende til 1.februar i år.

Restarbeidsevne

44-åringen er framleis ikkje frisk, og får oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Men, som han viser til i eit innlegg på Facebook-sida til Fellesforbundet for sjøfolk, mange vil ha ei restarbeidsevne. Han har tidlegare sagt at han ville gjera noko fornuftig medan han var sjukmeld.

— Eg har allereie ei bachelorgrad, og reknar med at eg ikkje vil kunne få støtte til meir, seier Hellevang.

Han er utdanna kokk og deretter kosthaldsøkonom, og då han søkte studieplass i Molde, var det fordi han etterkvart ser føre seg å jobba på land.

Nav skriv på sine nettsider at i nokre tilfelle kan utdanninga ein ønskjer å ta verta godkjend av Nav som eit såkalla arbeidsretta tiltak.

Då pandemien kom, vart det gjort endringar som gjorde at permitterte kan ta utdanning medan dei ventar på å koma seg attende i arbeidslivet. Som Khrono har skrive, har både universitet, høgskular og fagskular fått midlar til å gjennomføra utdanningsopplegg for denne gruppa.

Men ordninga gjeld ikkje sjukmelde, og sjukmelde er heller ikkje nemnde i endringane i folketrygdlova, som nyleg var handsama i Stortinget.

— Klarar ikkje å trenga gjennom

— Ein Kafka-prosess, seier Hellevang.

Saka hans har vore til handsaming åtte ulike stader i Nav-systemet. No er det «berre» sju igjen.

Handsaminga gjer at Hellevang vil klaga saka inn for Sivilombodsmannen.

— Det gjer eg fordi det har vore sakhandsamingsfeil, og fordi eg òg meiner at Nav ikkje har gjort det dei skal, sett i forhold til utgreiingsplikta dei har etter forvaltningslova, seier Hellevang, og legg til:

— Dette systemet skal ein ikkje klara å trenga gjennom. Det er mange som har saker gåande med Nav i årevis.

Tok opp saka med statsråd

Både Ruth Grung (Ap) og Ove Trellevik (H) har teke tak i saka. Grung tok opp Hellevang si sak i eit skriftleg spørsmål til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen, og var slett ikkje nøgd med svaret: Isaksen skreiv at han ikkje kunne gå inn i ei enkeltsak, men viste til at det er lett å forstå at enkelte brukarar kan oppleva at dei fell mellom stolar.

— At forvaltninga skal opptre på ein heilskapeleg måte er ei utfordring som Arbeids- og velferdsetaten no har sterk merksemd på, skreiv statsråden.

— Nav skulle vera ei dør inn for å nettopp gi heilskapelege og relevante støttetiltak slik at folk kom raskt attende i arbeid, utdanning eller fekk best mogleg livskvalitet med den helsa dei har. Thomas Hellevang er eit klassisk døme på at det ikkje er tilfelle, sa Grung til Khrono.

Trellevik har tidlegare sagt at ein ønskjer at det skal vera lettare å kombinera sjukepengar og utdanning, og me ønskjer òg at folk skal omskulera seg og kunne ta anna arbeid.

Powered by Labrador CMS