Thomas (44) ville gjera noko fornuftig medan han var sjukmeld frå jobben som kokk.

Men då han byrja å studera juss, mista han retten til sjukepengar.

No­ har han flytta heim til mora for å spara pengar.

Utan rettar

HAN valde å verta student.
Då mista han all inntekt

Publisert Oppdatert

Samnanger (Khrono): Sola speglar seg i sjøen i Tysse i Samnanger aust for Bergen. Thomas Hellevang (44) hadde hatt god tid til å fiska og pussa opp det gamle naustet - hadde han berre orka.

Med utdanning som kokk og deretter bachelorgrad i kostøkonomi, ernæring og leiing frå dåverande Høgskolen i Akershus, har Hellevang jobba på både båt og rigg i nærare tjue år. I fjor sommar reiste han på ein ekstratur til Ghana, og håpa å koma seg heim slik at han kunne studera juss ved Høgskolen i Molde frå august. Som frivillig i Fellesforbundet for sjøfolk ser han at å kunna litt rettsvitskap slett ikkje er dumt.

Men verken sommaren eller studiet vart slik Hellevang hadde sett føre seg.

Korona, galleblære, malaria?

— Vent, eg må berre ta ein paracet, seier Hellevang, som sit ved kjøkenbordet i Samnanger.

Fire gongar i døgnet i mange månader har han teke paracet på eitt gram - altså dobbelt så sterk dose som vanleg. Det hjelper på smertene i magen, men berre ei stund.

Det heile starta då han var i Ghana. Han vakna om natta med store smerter i både rygg og mage, og kasta opp. Han var innom to sjukehus i Ghana før han vart send heim. Sidan den gong har han vore til eit utal undersøkingar. I Ghana trudde legane at det var noko gale med bukspyttkjertelen, i Noreg har det vore snakk om både malaria, korona, blindtarmbetennelse og nyrestein. I vinter fjerna Hellevang galleblæra, utan at det hjelpte: Smertene er framleis store.

Nav meiner eg er student, og Lånekassen meiner eg skal gå til Nav.

Thomas Hellevang

Samstundes som han var sjukmeld, tenkte han at han kunne prøva å studera.

— Eg hadde kontrakt med reiarlaget ut juli. Etter at eg vart sjuk, vart eg sjukmeld, men i fjor haust fekk eg beskjed om at dette kom til å ta eit par veker.

Hellevang reiste difor til Molde for å starta på årsstudium i rettsvitskap, og fekk seg ein stad å bu. Men ganske raskt oppdaga han at han slett ikkje var frisk. Han fekk tatt nokre eksamenar før jul, men innsåg då at han ikkje kom til å klara å fullføra - smertene var for store.

Thomas Hellevang har smerter i magen heile tida. Eittgrams paracet hjelper nokre timar, men så sterke medisinar har naturleg nok også biverknader.

Sjukmeld frå januar

I januar vart han sjukemeld på nytt.

Heilt frå i august i fjor har Hellevang vore i kontakt med Nav, og informerte då om at han hadde tenkt å studera. Om lag like lenge har han vore i kontakt med Nav om å få sjukepengar. I februar kom avslaget: Nav meiner Hellevang ikkje var yrkesaktiv dei siste fire vekene før han vart sjuk. Dei definerer han som student, og då har ein ikkje krav på sjukepengar på same måte.

— Nav meiner eg er student, og Lånekassen meiner eg skal gå til Nav, seier 44-åringen tørt.

— Eg var sjukmeld fram til eg byrja å studera, og eg kan prova at eg har vore sjuk heilt sidan juli i fjor.

Han har hytte i Fusa, og plar vera mykje der. Men no bur han fast i Samnanger, med mor Eva Hellevang og kattungen Kattinka.

— Eg har huslån å betala på. No har eg 40 000 i studielån ståande på ein konto, og så veit eg at eg får 40 000 att på skatten. Så eg prøver å bruka så lite pengar som mogleg, seier Hellevang.

For tida har han ikkje legeattest som gjer at han kan reisa til sjøs.

— Den kan eg sikkert få att, og så får eg byrja å jobba. Eg må jo ha pengar å leva for.

— Klarar du det?

— Eg klarar ikkje å jobba 12-15 timars dagar slik ein ofte gjer på ein båt eller rigg, nei, ikkje før eg er frisk.

Det er mange år sidan Thomas Hellevang flytta heimefrå. Men no har han flytta inn hos mor Eva Hellevang - han veit ikkje når han kan rekna med å ha inntekt neste gong.

Naudsynt med forvaltningsrett

Først på nyåret fann Hellevang ut kva som truleg er årsaka til at han vert send rundt i ring: Kapteinen på båten sende inn eit skjema til reiarlaget, som førte til at forsikringsselskapet Gard betalte for sjukehusopphald i Ghana. Dette skjemaet skal seinare sendast til både Nav og Sjøfartsdirektoratet. Men det har ikkje vorte gjort, viste det seg då Hellevang byrja å nøsta i det i februar i år.

— Dersom dette hadde vorte gjort, hadde eg allereie vore i Nav-systemet. Då kan det henda nokon hadde sagt til meg at det ikkje var ein god idé å verta student.

— Angrar du?

— Tja. Dersom eg hadde visst alt eg veit i dag, ville eg ikkje gjort dette. Men samstundes ser eg at det er heilt naudsynt å kunne noko om forvaltningsrett, seier Hellevang.

Det var den eksamenen han rakk å ta før han innsåg at han ikkje orka å studera.

Nav: Ikkje yrkesskade

I tillegg til at han ikkje får sjukepengar, har 44-åringen òg fått avslag på godkjenning av yrkesskade. Nav skriv i vedtaket at «for at en skade skal kunne godkjennes som en yrkesskade må skaden først og fremst skyldes en arbeidsulykke. Det innebærer at det også må være årsakssammenheng mellom arbeidsulykken og skaden. En slik årsakssammenheng må fremstå som mest sannsynlig eller mest nærliggende. I tillegg må det tillegg må det foreligge en personskade eller sykdom - eventuelt dødsfall».

Etter å ha klaga, har Hellevang no fått beskjed om at saka skal handsamast på nytt.

— Eg var på jobb i Ghana - og eg vart sjuk der, seier han.

— Ja, du var heilt frisk då eg køyrde deg til Flesland 18.mai. Og alle som såg deg i bilkortesjen 17.mai kan vitna på at det ikkje var noko som feila deg då, seier Eva Hellevang.

Har skrive femti e-postar

Eva Hellevang har vore leiar i Samnanger Høgre i 24 år, og er like oppgitt som sonen.

— Eg har skrive e-post til femti stortingspolitikarar, seier Thomas Hellevang.

I e-post til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen viser han til det Khrono òg har skrive om: At permitterte kan studera medan dei er arbeidsledige. Ordninga har vorte forlengd heilt til juli i år.

— Me må passa på at folk ikkje vert varig ståande utanfor arbeidslivet. Denne ordninga vil føra til at dei får kompetanse som gjer at dei står sterkare når dei skal inn i arbeidslivet att, sa finansminister Jan Tore Sanner i fjor haust.

Diku og Kompetanse Norge lyste ut midlar, og heile 46 utdanningsinstitusjonar har fått pengar til å laga kurs og anna tilpassa utdanning.

Hellevang seier han tenkte han skulle gjera det same: Ta utdanning medan han var sjuk, og ikkje berre gå heime og motta sjukepengar. Han er kritisk til at Nav ikkje informerte han om at dette ikkje var ein god idé, og viser til rettleiingsplikta Nav har.

Ved som skal kløyvast og eit gamalt naust som skal fiksast. Men Thomas Hellevang orkar ikkje å jobba meir enn eit par timar om dagen.

Håpar å få saka opp i spørjetimen

Av politikarar er det i hovudsak representantar frå Høgre og Framstegspartiet som har svara. Hellevang seier at det overraskar han. Han hadde rekna med at dette var ei sak venstresida ville ta tak i. Men Jonas Gahr Støre (Ap) har svara, gjennom ein administrasjonssekretær: Brevet frå Hellevang er sendt vidare til Arbeiderpartiet sine representantar i Arbeids- og sosialkomiteen.

Støre tok opp saka med Malin Stavsøien i spørjetimen i Stortinget: Stavsøien skaffa seg ny jobb då ho vart permittert, skriv NRK, men vart etter kort tid pemittert også frå den nye stillinga. Nav meinte kvinna hadde sagt opp den første stillinga si utan god grunn, og ville ikkje gi henne dagpengar før etter tolv veker. Men Stortinget ba regjeringa sikra at permitterte ikkje får forlenga ventetid på dagpengar fordi dei har bytt jobba medan dei var permitterte under pandemien.

No håpar Thomas Hellevang at nokon vil ta opp hans sak òg. Isaksen svara i saka om Stavsøien at det er mogleg å vera fleksibel innanfor Nav sitt system, og det er akkurat denne fleksibiliteten 44-åringen frå Samnanger etterlyser.

— Det verkar som om Nav-tilsette ikkje veit kva som er rett og ikkje, seier han oppgitt.

Kan ta fleire år

— Eg var kanskje dum, men eg tenkte ikkje på at eg ikkje kom til å få støtte, seier Hellevang.

Han ser føre seg meir fagforeiningsarbeid på sikt, og ønskjer å ta fleire juss-fag - men då som privatist.

No ventar han på nye undersøkingar hos lege. Den siste beskjeden han har fått, er at han kan ha fått i seg ein framand bakterie. Det kan ta eit par år før kroppen vert normal att. Men dette er berre ei hypotese - framleis veit ikkje legane kva som faktisk feilar han.

— Korleis får du dagane til å gå?

— Eg orkar å kløyva litt ved. Elles les eg mykje, eg skriv, og eg går på tur. Dersom eg ikkje skal gjera noko, vert eg jo heilt ko-ko.

Thomas Hellevang ville ikkje berre gå heime og venta på svar frå legane. Det straffa seg.

Powered by Labrador CMS