sjukmelde studentar

Lånekassen sender han til Nav. Nav sender han til Lånekassen

Dersom studentar berre skal forhalde seg til Lånekassen må dagpengar, sjukepengar og ordningar andre har krav på i NAV, også finnast i Lånekassen, meiner Norsk studentorganisasjon.

Thomas Hellevang har flytta heim til mor si for å spara pengar. Han fell mellom to stolar etter å ha vorte sjuk som student.
Publisert Oppdatert

— Lånekassen sender meg til Nav, og Nav meiner eg skal til Lånekassen.

Det sa Thomas Hellevang då Khrono fortalde historia hans: Etter å ha vorten sjuk då han jobba som kokk, begynte Hellevang å studera. Men det tok ikkje lang tid før han skjønte at han var langt frå frisk - og vart sjukmeld på nytt.

Det halve året som student gjer at han ikkje har krav på sjukepengar.

Norsk studentorganisasjon (NSO) har drøfta Hellevang si sak, fortel velferds- og likestillingspolitisk ansvarleg Jonas Økland.

— Me ønskjer eit fokus på overgangen frå student til arbeidstakar, og på gråsona student og arbeidslaus, seier han.

— Per no verkar ikkje regelverket å ta omsyn til denne problemstillinga, uavhengig av kva side ein kjem frå.

Ønskjer fleire ordningar

Dersom ein vert sjuk som student, kan ein få omgjort noko av lånet til stipend. Men Økland meiner at Lånekassen burde ha ordningar for meir enn berre lån.

— Kan ein ikkje finna ut kor ein skal? Slik det er i dag, vert ein sendt rundt. Verken Nav eller Lånekassen veit kven som har ansvaret i slike saker. Politikarane meiner du skal halda deg til Lånekassen så lenge du er student, men då må me ha ordningar for dagpengar og sjukepengar òg, seier Økland.

Khrono har skrive fleire saker om at studentar som har mista deltidsjobben ikkje har krav på dagpengar - fordi dei er studentar.

Tilpassa verkelegheita

— Denne saka viser at det er behov for ein gjennomgang av dei ulike ytingane ein har, og sjå på korleis dei verkar saman, seier SV-politikar Sara Bell.

Ho står på andreplass til partiet si stortingsliste i Hordaland.

— Hellevang seier at han ikkje orkar å berre gå heime. Burde ein ikkje kunne studera om ein vert sjukmeld?

— Eg vil på ingen måte legga det inn som noko krav. Men dersom ein ser at ein innan det året ein kan vera sjukmeld har kapasitet til det, bør det kunne leggast til rette for det, seier Bell.

Ho er, som NSO, oppteken av ordningar som sikrar dei som er mellom studieliv og arbeidsliv.

— Det trengs ein heilskapleg gjennomgang. Me må sikra at me har ein velferdsstat som er tilpassa verkelegheita

Ho rosar Hellevang:

— Eg er imponert over staminaen hans. Ved å løfta denne saka viser han kor ressurssterk han er - det er mange som ikkje orkar å seia ifrå.

Fleire politikarar tek tak

Hellevang har sjølv teke kontakt med ei rekkje politikarar på Stortinget. Den som har teke tak i saka hans, er Ove Trellevik (H).

— Det er noko som skurrar fantastisk i denne saka, har han sagt til Khrono om saka.

No har også ein annan hordalandspolitikar, Ruth Grung (Ap), engasjert seg. Ho seier til Khrono at ho håpar saka løyser seg.

— Bør ein kunne studera som sjukmeld, om slik omskulera seg?

— Det er eit spørsmål kva Lånekassen, og slik det offentlege skal finansiera. Men det som er viktig, er å ha gode køyrereglar for støtte, seier Grung.

Endringslogg: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det i ingressen at Norsk studentorganisasjon (NSO) ønsker at studentane berre skal forhalde seg til Lånekassen. Dette stemmer ikkje, og Khrono beklagar. Ingressen er retta opp og presisert 13.mai kl 18.13. Det riktige er:

Dersom studentar berre skal forhalde seg til Lånekassen må dagpengar, sjukepengar og ordningar andre har krav på i Nav, også finnast i Lånekassen, meiner Norsk studentorganisasjon.

Powered by Labrador CMS