mellombels tilsette

Ser til instituttsektoren for å gi betre arbeidsvilkår

Instituttsektoren får det til, så då bør universiteta òg kunne ha ein buffer og løna forskarar som er mellom eksternfinansierte prosjekt. Det meiner fleire rektorar.

Då dette biletet vart teke leia dei Universitetet i Bergen og OsloMet. No leiar Dag Rune Olsen og Curt Rice UiT Noregs arktiske universitet og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet. Begge rektorane seier dei ser føre seg at ei form for brufinansiering mellom eksternfinansierte forskingsprosjekt er ei god løysing.

— Eg meiner det er på tide med ein øyremerkt pengepott som gir universiteta insentiv til å sikra dei vitskapeleg tilsette normal tryggleik, sa Magnus Marsdal frå tankesmia Manifest til Khrono tysdag.

No får han støtte frå fleire rektorar.

— Har byrja å snakka om ein variant av dette ved NMBU. Trur faktisk ikkje det trengst friske midlar, skreiv Curt Rice på Twitter etter å ha lese saka.

— Eg trur Marsdal her byrjar å røra ved ei løysing som kan fungera. Men eg trur det er størst sannsyn for å få dette til på institusjonsnivå, seier Rice til Khrono.

Rektorkollega Dag Rune Olsen ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) er samd.

— Dette er eit openbert forslag. Det er slik instituttsektoren jobbar. Det handlar om å våga å vera arbeidsgivar, seier Olsen.

Vil laga eigen buffer

UiT-rektoren seier som Rice at han meiner institusjonane kan ha ein pott sjølve.

— Eg vil understreka at eg er for å få meir pengar frå sentralt hald. Men eg meiner dette er noko me må ta høgd for i eigne budsjett.

Også Rice peikar på instituttsektoren.

— Dei har nesten berre såkalla faste mellombels tilsette, men dei driv lite med oppseiing. Dei klarar å skapa ein buffer, seier Rice.

Han seier at han og Olsen ikkje har snakka saman om ein bufferpott.

— Det handlar nok om at forslaget om brufinansiering ikkje er nytt, humrar Guro Lind, leiar i Forskerforbundet.

— Dette er noko som er diskutert ved institusjonane, seier Lind, og legg til at ho for nokre år sidan sat i eit utval ved Universitetet i Oslo som såg på mellombelse stillingar.

Lind seier at Forskerforbundet gjerne ønskjer brufinansiering, men som eitt av fleire verktøy.

— Det er bra at tenketankane ser etter løysingar og ser at bruken av mellombelse stillingar er eit problem. Men det aller viktigaste for å få ned bruken av slike stillingar er auke av basis, seier Lind.

Eg er utolmodig, seier Guro Lind, leiar i Forskerforbundet.

Kartet og terrenget

Universitetet i Bergen (UiB) behandla ei sak om mellombelse stillingar på siste universitetsstyremøte. Med 10,83 prosent av dei tilsette i mellombels stilling, er ikkje UiB verst i klassen. Men i forskarkategorien står meir enn 38 prosent av dei tilsette utan fast jobb.

— Utifrå kravet om færre mellombelse stillingar i tildelingsbrevet for 2020 bør bruken av mellombelse stillingar ved UiB framleis verta redusert i den komande treårsperioden, heiter det i saksframstillinga.

Steinar Vagstad, som er styremedlem og òg mangeårig leiar i Forskerforbundet, problematiserte kravet som er kome frå forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe:

— Me er bedne om å presentera eit kart som ser fint ut. For nokre år sidan omklassifiserte UiB ein del stillingar, til fast tilsett på eksterne midlar. Men kontraktane er ikkje lenger enn pengane strekkjer seg. Me løyser problemet med mellombelse stillingar dersom me seier at alle som har prosjekt på meir enn seks månader får fast stilling, sa Vagstad.

Inga Berre, som òg representerer vitskapeleg tilsette i fast stilling, sa at ho meiner omlegginga til å tilsetja fast når det er finansiering til meir enn to år, har vore ei god endring.

— Det ansvarleggjer fagmiljøa og institutta på ein heilt annan måte. Så må ein vera ein endå betre arbeidsgivar for denne gruppa.

Kva seier så UiB-rektoren om forslaget om øyremerkt buffer?

— Ein interessant tanke, seier Margareth Hagen, og fortel at ei form for brufinansiering er noko som har vore drøfta ved UiB.

— Det er interessant om denne debatten no vert løfta, seier ho.

Utval ved NTNU

Også ved Noregs største universitet, NTNU, vert brufinansiering no drøfta. Det skriv rektor Anne Borg i ein e-post til Khrono.

Ho skriv at det ikkje er ønskjeleg at enkelte forskarar opplever å verta sagt opp når ekstern finansiering tek slutt, og at å ta vare på denne gruppa av tilsette er NTNU sitt ansvar som arbeidsgivarar.

— Me er ikkje tente med å missa høgt kvalifiserte tilsette, eller risikera å ikkje kunne rekruttera dei kandidatane me ønskjer på grunn av at situasjonen er uføreseieleg. Eg tenkjer difor at me bør lytta til konstruktive innspel til korleis me skal gjera situasjonen for faste forskarar meir føreseieleg. Brufinansiering er ein mogleg veg å gå, skriv Borg.

Ho skriv vidare at dette er noko ein ikkje systematisk har ved NTNU i dag, men at universitetet er i ferd med å etablera ei arbeidsgruppe som skal sjå på desse spørsmåla.

Også Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO) kommenterer via e-post. Han skriv at det viktige er om det kjem friske midlar eller ikkje.

— Dersom dette skal verta øyremerkt frå ramma må noko prioriterast ned. Gitt at me i stor grad nyttar ramma til løn, må talet på ordinære leiande vitskapelege stillingar ned. Det vil svekka utdanningsoppdraget vårt, skriv Stølen.

Han seier at han meiner ein heller bør etablera ein stillingsstruktur der forskarstillinga har ein karriereveg der det er mogleg med opprykk.

— Det er viktig at me i langt større grad evner å arbeida med faste forskarar som i instituttsektoren, meiner Stølen.

Ikkje mista kloke hovud

Khrono har skrive om Ingrid Eftedal, som hadde vorte varsla om oppseiing etter å ha vore forskar i 20 år ved NTNU. Saka vart då utsett.

— Dei som er tilsett i mellombelse stillingar er svært dyktige forskarar som Noreg er avhengig av. Eg er overraska over Eftedal-saka. Her har ein ein røynd forskar med mykje kompetanse, seier Lind i Forskerforbundet.

Men mange av dei som er tilsett i mellombelse stillingar er yngre enn Eftedal. Lind er oppteken av korleis ein rekrutterer til akademia, Rice seier ein må ha arbeidsvilkår som gjer at dei klokaste hovuda vil jobba som forskarar.

— Me er positive til dei fleste innspela som handlar om korleis ein kan få ned talet på tilsette i mellombels stilling, seier Jonas Stein.

Han leiar Akademiet for yngre forskarar.

Stein seier at dagens finansieringsordning gjer at det ikkje alltid er like lett å flytta forskarar mellom prosjekt; ein lingvist kan ikkje gjera det same som ein statsvitar. Men også han peikar på instituttsektoren og at det der er annleis løyst.

— Kva er ei god løysing for å få ned talet på mellombelse stillingar?

— Å få fleire faste stillingar. Det handlar òg om korleis ein brukar dei mellombelse stillingane. Eg meiner institusjonane må ta noko av risikoen og heller tilsetja forskarar i faste stillingar.

Powered by Labrador CMS