gigantsum
Så mange milliardar har EU gitt til norsk forsking og innovasjon
Berre sidan mai i år har norske aktørar motteke meir enn 2,2 milliardar kroner frå EU. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er stornøgd med utviklinga.

Nye tal viser at norske deltakarar har henta heim 2,46 prosent av pengane frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020.
Sidan programmet starta i 2014 har norsk næringsliv, akademia og offentlege verksemder konkurrert seg til om lag 13,6 milliardar kroner.
Det skriv regjeringa i ei pressemelding torsdag.
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er svært nøgd med utviklinga.
— Eg er imponert over at norske aktørar gjer det stadig betre i konkurransen om EU-midlane. Eg har stor tru på at dei skal klare å levere sterkt også i åra framover når det nye programmet startar opp, uttalar Asheim i pressemeldinga.
Nybø: — Auka satsing
I haust bestemte regjeringa at Noreg skal vere med også i det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon, som startar opp i 2021.
— No blir vi også med vidare i det enda større programmet Horisont Europa, som startar opp neste år. Der har vi ei auka satsing på innovasjon og det er lagt opp til enda større deltaking frå næringslivet, seier næringsminister Iselin Nybø i pressemeldinga.
— Eg vil oppmode næringslivet, instituttsektoren, offentleg sektor og akademia til å søkje på EU-midlane, legg ho til.
1 milliard til vaksineprosjekt
Vaksinekoalisjonen CEPI, som har hovudkontor i Noreg, har fått 1 milliard kroner til prosjektet «Covid-19 vaccines». Desse midlane vil bli kanalisert til fleire utanlandske miljø.
Målet er ei rask utvikling av dei mest lovande Covid 19-vaksinekandidatane, og sikre at desse blir klare til å produsere i stor skala.
CEPI har mellom anna gitt pengar til ni vaksinekandidatar, åtte av desse er no er i klinisk utprøving. Blant dei som er kome lengst er vaksinane til Moderna og Oxford/AstraZeneca, kjem det fram i pressemeldinga.
Nyeste artikler
Kongelig overrekkelse av Holbergprisen i Bergen
Kritikk og tillit
Så mange fullfører graden de har begynt på
Sats på lærebokordningen!
En kunsterfortelling preget av hardt arbeid, levd liv og tvil
Mest lest
Politivold-saken på Kongsberg: — Jeg mistet skoleplassen
Innførte masterkrav. Halvparten av søkerne forsvant
Har gyldig bachelor, men OsloMet vil ikke godta den
Akademia skal ikke være for alle – en provokasjon
Arbeidsgivers fagforening?