— Akademikarar skal ta side, seier historikar Marie Smith-Solbakken. Forskinga hennar vart forsøkt stansa, men er no blitt fjernsynsdokumentar.

I 2020 blei Marie Smith-Solbakken skulda for forskingsjuks av ein konsulent frå oljebransjen. — Dersom det å vere kritisk forskar betyr at usemje ikkje kan handterast som debatt, men skal føre til varslingssak, då er vi på ein farleg veg, seier ho.

Professoren som snudde forteljinga om «Alexander Kielland»-ulykka

Publisert Oppdatert

«Eg har to bursdagar kvart år».

Ein av dei 89 overlevande frå «Alexander Kielland» fortel, i ein ny dokumentarserie som blir vist på TV 2 i desse dagar. Den andre «bursdagen» for den gamle oljearbeidaren er 27. mars. På den datoen i 1980, på ein stormfull torsdagskveld i Nordsjøen, kantra bustadplattformen «Alexander Kielland». 123 menneske omkom.

Det er fortsatt den største arbeidsulykka i norsk historie, og eit nasjonalt traume som i fredstid berre kan måle seg med 22. juli i omfang. Men som aldri har fått si avslutning, eit sår som aldri har fått heile.

Fakta

«Alexander Kielland»-ulykka

  • 27. mars 1980 kantra bustadplattforma «Alexander L. Kielland» på Ekofiskfeltet i Nordsjøen, då eitt av beina vart rive av.
  • 212 personar var om bord. 123 omkom, 89 vart redda.
  • Ulykka er det verste i norsk arbeids- og industrihistorie.

— Eg har møtt mange sinte menn, seier Marie-Smith Solbakken, professor i historie ved Universitetet i Stavanger.

For det er menn som har sete på alle sider i norsk oljehistorie, som har vore arbeidsfeltet for Smith-Solbakken i heile hennar karriere. I arbeidet med det mest dramatiske kapittelet har ho sett sterke kjensler i sving, 40 år etter havariet.

— Det var menn som omkom, som overlevde, som var redningsmannskap, som styrte industrien, som granska.

Nokon, av dei som lever, er sinte for dei aldri fekk fortalt si historie. Andre er sinte, kanskje nettopp fordi historiene no blir fortalte, fordi den etablerte og offisielle forteljinga er blitt utfordra gjennom historikarens arbeid.

— Akademikarar skal ta side, seier professoren.

Denne haldninga har hatt sin kostnader, fagleg og personleg for Smith-Solbakken. I 2020 vart ho skulda for å fabrikkere data og jukse med forsking.

Dei stemmelause

Offisielt blei bakgrunnen og årsaka til katastrofen ferdig forklart og konkludert av granskingskommisjonen som regjeringa nedsette dagen etter ulykka: Ein sveisefeil på eit støttestag frå det franske verftet som bygde plattforma førte til at det eine beinet på plattforma knakk og riggen velta.

Smith-Solbakken har arbeidd med oljehistoria heile karrieren, men først etter mange år våga ho seg inn i den vanskelege, tragiske og betente historia om «Alexander Kielland».

— Eg stiller spørsmål ved måten granskinga gjekk føre seg på. Ved den manglande medverknaden og involveringa av viktige grupper. Eg stiller også spørsmål ved konklusjonen. Eg møter bitterheit og sinne over å ikkje ha blitt høyrt. Det er som om eg har skrudd på ein kanal som ikkje har fått plass.

Smith-Solbakken og kollegaene hennar har tatt dei stemmelause si side, slik ho ser det. Dei som ikkje fekk plass i offisiell granskingar, dei tekniske rapportane og dei departementale konklusjonane. Ikkje stålkonstruksjonane, men menneska. I tre år samla ho og kollegane hennar forteljingane til over 300 av dei:

Dei som døydde, dei som overlevde, dei som sat igjen, familie, kollegaer, arbeidsgivarar, venner, naboar, redningsmannskap, industrieigarar, journalistar, forskarar, fagforeiningsfolk og andre som vart råka av ulykka, personleg eller profesjonelt.

Bengt Hammer (til venstre) er ein av dei overlevande som blir intervjua i TV 2-dokumentaren og som er del av minnebanken. Til høgre Marie Smith-Solbakken og fotograf Tord Paulsen.

Det er nokre av desse stemmene som kjem til orde i TV 2-dokumentaren, som samstundes teiknar eit breiare bilde av bakgrunnen, og med det kanskje også årsakene til den tragiske ulykka i 1980.

— Eg begynte med norsk oljehistorie i doktoravhandlinga mi, men tok aldri skikkeleg tak i Kielland-ulykka. Eg hoppa eigentleg over det. Det vart for komplisert, for mange meiningar, for mykje sorg. Så tok eg tak i det i 2013. Min inngang skulle vere å få fram alle stemmene og meiningane som ikkje har fått plass, fortel Smith-Solbakken.

Det tekniske og det menneskelege

Deretter kom publikasjonar slag i slag. Og intervjua med dei 300 stemmene er no blitt ein minnebank plassert ved Oljemuseet i Stavanger. Minnebanken er framleis under utviding der.

Tidleg vart det lansert mange moglege forklaringar, andre enn dei offisielle, på kvifor plattforma velta, kvifor det berre tok 20 minutt frå staget knakk til det gjekk gale, mangelfull sjøsikring og inspeksjon, feil oppankring, overbelastning og teoriar om eksplosjon.

Ifølgje historikaren var granskinga prega av hemmeleghald, og i sluttresultatet vart mange av dei moglege årsaksforklaringane underkommunisert.

— I staden for å ta med dei menneskeleg faktorane, korleis verksemda var styrt og leia, handla det om det tekniske og den strukturelle kollapsen.

Det er her dette med å ta side, som historikar, som forskar og fagmenneske, kjem inn.

For kva skal akademikarar eigentleg uttale seg om, kva rolle har dei? Kor sikre må dei vere, og særleg når emnet er så samansett, betent og blanda inn i personlege og kollektive traume, som «Alexander Kielland» er?

— Eg meiner akademikarar skal ta side, skal vere kritiske, utfordre og bringe fram ny kunnskap. Det er det eg og mine medforskarar har gjort i Kielland-saka. Vi har vore i arkiv, vi har høyrt stemmer og tatt dette fram i ålmenta. Det er det som er vår jobb. Denne jobben vart aldri gjort på 1980-talet. Arkiva var lukka, dei overlevande fekk aldri snakke. Dei fekk aldri uttrykke seg fritt, som vaksne menneske. Dei kjende seg infantiliserte, seier Smith-Solbakken.

Skuldingar om juks

Heller ikkje pressa viste nemneverdig interesse for å gå djupare i materien og i dei menneskelege dimensjonane og kostnadene, meiner ho. Men i forskingsarbeidet ho no har gjort, har også dette endra seg, etter at særleg Stavanger Aftenblad kom på banen. Journalisten Ellen Kongsnes (som også er historikar) har vore ein sentral medspelar i minne- og dokumentasjonsprosjektet med dei 300 stemmene.

I 2020 tok det heile ei uventa vending.

Då fekk rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn (og fleire andre), ein klage på bordet. Avsendar var Graeme Dick, sivilingeniør med 36 års fartstid i olje- og gassindustrien. Klagen ramsa opp 20-30 punkt i boka «Råolje», som Smith-Solbakken og forskargruppa hennar gav ut i 2015. «Forfalskning», «fabrikkering», slo Dick fast på punkt etter punkt,

Saka vart grundig omtalt i Khrono i 2021.

UiS-rektoren, som sjølv har bakgrunn frå oljeindustrien, fekk kritikk, først fordi klagen ikkje vart avvist i utgangspunktet. Deretter for å hale handteringa ut i eit halvt år. Til slutt, i mars 2021, la dekan Odd Magne Bakke fram konklusjonen av granskinga som frikjende Smith-Solbakken for alle skuldingar om brot på forskingetiske normer og retningslinjer. Til å hjelpe med vurderinga hadde dekanen henta inn to historieprofessorar frå Universitet i Oslo, Einar Lie og Finn Erhard Johannessen. Lie slo fast at påstandane om fabrikkering var «grunnlause».

Johannessen meinte derimot at arbeidet burde undersøkast nærare av ein forskingsetisk komité.

Dekanen var einig med Lie og avviste klagen.

— Eg er ingen teknikar, men eg har kompetanse nok til å referere kva andre meiner. Eg opplevde det som at det skjedde ei kortslutning hos nokre aktørar, som tilla meg meiningar og konklusjonar eg ikkje har hatt, men som eg har referert, seier Smith-Solbakken.

Professoren seier ho opplevde eit press frå krefter i industrien for å undertrykke sider ved ulykka enkelte ikkje ønskte å sjå.

Trussel mot fri debatt

— Eg oppfatta det som eit aggressivt og grunnlaust angrep, og det kom veldig overraskande på meg. Eg forventa ein offentleg debatt, ikkje at eg og forlaget skulle bli «anmeldt» til rektor og skulda for juks, seier Smith-Solbakken.

Ifølgje henne blei det lite tid til forsking i denne perioden. Eit halvår gjekk med til å forsvare seg og skrive tilsvar til skuldingane. Erfaringa har gjort professoren skeptisk til måten næringsliv og industri, i alle fall delar av det, møter akademia på.

Dei første overlevande kjem i land på Sola utanfor Stavanger. 89 menneske overlevde Alexander Kielland. 123 omkom.

— Dersom det å vere ein kritisk forskar betyr at usemje ikkje kan handterast som debatt, men skal føre til varslingssak, då er vi på ein farleg veg. Det kan føre til vegring mot å drive kritisk forsking. Eg vil gjerne debattere. Eg vart møtt med dei konservative konklusjonane som kom i 1980, som enkelte er veldig kritisk til at blir rokka ved. Eg meiner også desse stemmene er viktige. Men ein skal ikkje bli klaga inn for forskingsjuks berre for å referere dei. Ein hard debatt skal ein akademikarar tole, men utmattande formelle prosessar som dette gagnar ingen. Det er ein trussel mot demokratiet og den frie debatten.

Khrono kontakta klagaren, Graeme Dick, i fleire omgangar med spørsmål då saka vart omtalt i 2021, men fekk ikkje svar.

Smith-Solbakken seier det særleg var støtta frå dei mange overlevande og pårørande etter ulykka som vart viktig for henne i denne tida.

— Det er ikkje oljeselskapet Conoco Phillips, næringa og styresmaktene som eig denne historia. Det er ikkje ekspertane og juristane eller teknologiske miljø, seier Smith-Solbakken.

Eller for den saks skuld, historikarane.

Hard dom frå Riksrevisjonen

— Vi fortel historia nedanfrå, gjennom stemmene, forteljingane og sitata, som vi samanstiller i det store minneprosjektet. Det er eit egalitært prosjekt, seier professoren.

Fakta

Marie Smith-Solbakken

  • Professor ved Universitetet i Stavanger, med norsk oljehistorie som spesialitet. Har forska på «Alexander Kielland»-ulykka sidan 2013 og gitt ut fleire bøker, seinast «Plattformen som ikke kunne velte» saman med fotografen Tord F. Paulsen.
  • Saman med ei gruppe forskarar, forfattarar og journalistar har ho i perioden møtte 300 involverte tidsvitner. Det har resultert i eit minnearkiv.
  • I 2022 sender TV 2 dokumentarserien «Katastrofen Kielland». Dokumentaren bygger i stor grad på materiale får Smith-Solbakkens forskingsprosjekt. Serien er produsert av Screen Story Film & TV.

Den fleirstemmige, eller polyfone, metoden er kanskje vel så kjent i skjønnlitteraturen som i historiefaget — eller frå skjeringspunktet mellom dei. Blant dei mest berømte representantane er den kviterussiske nobelprisvinnaren, journalisten og historikaren Svetlana Aleksijevitsj.

— Historikarar, journalistar og forfattarar må få lov til å skrive. Mi historie har vore ringverknadene av ulykka. Det betyr ikkje at eg manglar respekt for arbeidet granskingskommisjonen gjorde, eg har stor respekt for det arbeidet. Men dei konsentrerer seg i det vesentlege om ein årsak. Mitt mål er å få fram det fleirtydige.

Smith-Solbakkens arbeid var sterkt medverkande til at Riksrevisjonen gjekk gjennom granskingsrapportane etter «Alexander Kielland»-ulykka på nytt. Rapporten, som vart offentleggjort i mars 2021, var at det etter 41 år var gått for lang tid til at ei ny gransking av ulykka kunne gjennomførast.

Riksrevisjonen peikte samstundes på at ansvarsforhold kring ulykka ikkje vart avklart og at fleire moglege årsakssamanhengar ikkje vart undersøkte. Mange vart ikkje spurt eller høyrt i granskinga, blant dei dykkarane som undersøkte vraket.

I tillegg felte rapporten ein hard dom over handteringa til både industrien og norsk styresmakter i etterkant av katastrofen: Overlevande og etterlatne fekk ingen eller svært mangelfull oppfølging.

Den heite historia

Striden om historia er like gammal som historia sjølv. Smith-Solbakken er langt frå den første historikaren eller forfattaren som har fått det heitt om øyrene. I seinare tid er debatten om Marte Michelets bok «Hva visste Hjemmefronten» den som har vekt mest oppsikt.

Den debatten har Smith-Solbakken følgt med lupe.

— Eg har samla heile debatten, fleire hundre sider. Eg har planar om å skrive noko om den, men har ikkje kome så langt. Det var ein veldig hard, men også veldig open debatt. Og ulikt skuldingane som kom mot meg, har påstandar blitt sett fram i det offentlege rommet.

Professoren meiner arbeidet til Ragnar Ulstein, intervju med heimefrontsoldatar som Michelets arbeid bygde på, minner veldig om minnebanken ho har arbeidd med.

— Det er også eit kjempestort materiale der mange ulike menneske fortel om sine erfaringar frå sin ståstad.

I fjor skapte fjernsynsdokumentaren «Frontkjemperne» eit veldig rabalder, der fleire kjende historikarar retta tungt skyts mot filmskaparane.

Smith-Solbakken meiner ho står på solid grunn når dokumentarserien «Katastrofen Kielland» no rullar over skjermane. I dokumentaren er historikaren sjølv gjort til ein sentral karakter, forskaren i møte med menneska og forteljingane deira som ein raud tråd. Det grepet var professoren først skeptisk til.

— Eg ønskte å vere bak kamera, men dei ville ha meg framfor.

Kanskje var det fordi ein av filmskaparane, Håvard Klyve Parr, sjølv er historikar at ho ombestemte seg.

Døden på Dagsrevyen

— Eg syntest han og dei andre var så dyktige, så eg vart overtydd og gjekk med på det. Dei har gjort eit veldig grundig og godt arbeid. Eg synest dokumentaren er vellykka og viser respekt for alle sider i saka, også dei som granska ulykka.

Men framfor alt handlar denne dokumentaren, og historia, om alle dei andre.

Liv Berland, som mista mannen sin, Karstein, den torsdagen i mars 1980, fekk beskjeden på Dagsrevyen. På skjermen gjekk bileta av dei døde som vart bore ut av redningshelikopteret. «Det verste var å sjå alle dei omkomne. Er det mannen min? Er det mannen min?», seier Berland i dokumentaren. Sonen sat i badekaret, ho måtte sjå til han, men gjekk ut for å få med seg innslaget frå nyheitssendinga.

Der fekk ho vite at alle dei overlevande no var komne i land og dei pårørande varsla.

Samtalane Smith-Solbakken har hatt gjennom sitt prosjekt avdekker at det ikkje er traumet frå sjølve ulykka dei overlevande og etterlatne i dag opplever som det vondaste.

— Det verste, og mest audmjukande, for dei har vore å ikkje bli høyrt.

* Retting, 17.1. kl. 17.25: I artikkelen vart Svetlana Aleksijevitsj omtalt som russisk. Det rette er kviterussisk.

Powered by Labrador CMS