Regissør Alexander Kristiansen instruerer skodespelarar i innspeling av scener brukt i den omdiskuterte dokumentarfilmen «Frontkjempere», om norske soldatar i tysk teneste.Lukas Salnas, Filmavdelingen AS/NRK
Tukling! Tøv! Revisjonisme! Lagar du film eller bok om krigen, kan du rekne med å få tilbakemelding.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er, for å plukke frå eit rikt arsenal av tilgjengelege metaforar, eit minefelt:
Norsk krigs- og okkupasjonshistorie.
Kva er det som gjer norske krigshistorikarar så rasande? Kvifor ladar dei kanonen kvar gong ein film, serie, for ikkje å seie bok om for eksempel kva heimefronten visste, kjem på markanden?
— Det har eg også lurt på, seier leiar i Den norske historiske foreining, Thomas V. Hagen.
Men først til der slaget står akkurat no:
I desse dagar har NRK lansert ein dokumentarserie om dei såkalla frontkjemparane, norske soldatar på tysk side i andre verdskrigen. Nedslaktinga frå kritiske faghistorikarar ser ut til å kunne bli særleg stygg denne gongen, og kanskje også frå film og TV-kritikarane (Morgenbladet: «Lissepasning til ekstremhøyre»).
Nerderiet
Første episode var ikkje vist offentleg før faghistorikarane gjekk til angrep, først på Facebook-sida til seniorforskar på Holocaust-senteret, Terje Emberland. Inn frå flankane kom kollegaer, og snart kom hardhendte kronikkar og intervju trillande. Emberland kom på Dagsrevyen, kollegaen på Dagsnytt 18.
Emberland er bidragsytar i serien han kritiserer, men no føler han seg lurt, misbrukt av serieskaparane.
— Visst kan historikarane av og til komme med grenselaust nerderi, seier han når Khrono ringer, det er ikkje det.
For eksempel meinte ein debattant at skaparane av dramaserien «Kampen om tungtvannet» dumma seg ut. Fordi eit fly brumma på feil frekvens.
Historikar Terje Emberland er ein aktiv debattant og har gått hardt ut mot ein ny dokumentar om norske soldatar som deltok på tysk side under krigen.Holocaust-senteret
— Dette er ikkje viktige detaljar, slikt pirk bør vi unngå. Men sjølve grunnforteljinga må vere solid forankra.
Dokumentaren om frontkjemparane er alt anna enn solid, meiner Emberland. Dessutan føler han seg klipt, redigert, ignorert, kort sagt misbrukt som akademisk alibi.
— Som følgje av manglande kontekstualisering og kjeldekritikk formidlar serien SS-mennenes revisjonistiske kvitvasking, knytt til det største brotsverket i moderne tid, slår han fast.
Vi kan få inntrykk av at andre verdskrigen blei utkjempa mellom nokre slemme gestapistar på Victoria terrasse og ein speidargjeng på Frogner
Terje Emberland, krigshistorikar
Det finst om lag 30 norske filmar om krigen, og eit osean av bøker. Diskusjon og kritikk har det vore sidan starten. Maskinen gjekk for fullt i tiåra etter freden, heilt til 1992, då det av ein eller annan grunn stansa opp. Med «Max Manus» i 2008, om krigshelten med same namn, tok det seg opp igjen. Filmen blei starten på ei bølgje av populære krigsdrama som ikkje ser ut til å legge seg. Med den store Max Manus-produksjon starta også «krigen» om krigen.
Krigshistorikaren Lars Borgersrud var raskt ute med karakteristikken «tøv».
Emberland er ikkje særleg snauare.
— Vi kan få inntrykk av at andre verdskrigen blei utkjempa mellom nokre slemme gestapistar på Victoria terrasse og ein speidargjeng på Frogner. Blockbusterane formidlar dei mest klisjéfylte oppfatningane av okkupasjonshistoria, versjonar faghistorikarane for lengst har gitt opp, om dei nokon gong har eksistert.
Bråket
Etter «Max Manus» har ei rad meir eller mindre storstilte, og omdiskuterte, produksjonar kome på marknaden.
I fjor var det serien «Atlantic Crossing» som fekk gjennomgå. «Sjelden kan en NRK-leder så åpent ha innrømmet at han ofrer sannheten for antall klikk», meinte professorar i Aftenposten og peikte på NRKs dramasjef Ivar Køhn.
Så er det berre å bla seg bakover.
I 2017 var igjen historikarane ute med raudeblyantane. Regissør Harald Zwart fekk så Hollywood-øyrene flagra for «Den 12. mann», men han var førebudd på bråk. Filmen er eit historisk drama om Jan Baalsruds flukt frå Troms til Sverige vinteren 1943, tidlegare filmatisert i Arne Skouens «Ni liv» i 1957.
I 2015 var det TV-serien «Kampen om tungtvannet» som sette sjåarrekordar. Det var den med feil brumming i flymotorane. Men det var meir enn flyalarmen som gjekk av. «Grov historieforfalskning», tordna tidlegare avdelingssjef ved Forsvarsmuseet Thor Brynhildsen.
Filmen, forsvarte regissøren seg, var fiksjon. Om enn basert på fakta.
Og omtrent slik går kampane i frontlinja, bølgjande fram og tilbake.
For ikkje å gløyme journalisten Marte Michelets bok «Hva visste Hjemmefronten», som er blitt ein kamp for seg, og kanskje større enn dei som er blitt nokon av filmane og seriane til del. Sprengkrafta i boka ligg i påstanden om at krigsheltar i Heimefronten skal ha vore kjende med at norske jødar ville bli deporterte. For dårleg dokumentert, meiner mange faghistorikarar, som til og med har skrive ei eiga «motbok» for å senke Michelets bok.
Fleire av etterkomarane etter krigsheltane i Heimefronten er i harnisk, eller krigshumør, som det eigentleg betyr. Dei ville saksøke forfattaren om ikkje boka blir trekt tilbake.
Fiksjonen
— I Noreg har vi fleire krigsekspertar enn innbyggarar, nesten. Det er viktig å hugse på når du skal fortelje ei historie frå verkelegheita.
Harald Rosenløw Eeg er diktar, forfattar, og har kome heilskinna gjennom tre store filmmanus med handling lagt til krigen. Seinast var han med å skrive manus til «Den største forbrytelsen» om deportasjonen av norske jødar, basert på ei tidlegare bok av Marte Michelet.
Forfattaren Harald Rosenløw Eeg står bak manus til fleire norske filmar om andre verdskrigen i Noreg. Han har gode erfaringar med historikarsamarbeid, men meiner at begge partar kan bli nærsynte. — Mange gløymer at alt blir gjenskapt, vi må rekonstruere. Samstundes må vi som forfattarar ofre noko, seier han.Fartein Rudjord
— Det er veldig viktig å høyre på «nei-folk», historikarar som har kunnskap om stoffet og som ikkje nødvendigvis er einig i alle framstillingane og hypotesane våre, seier Eeg, og går over til eit anna «nei».
Spelefilmen «Kongens nei» frå 2016 handlar om kong Haakons flukt under invasjonen i 1940, eit historisk faktum. Men derifrå er det ikkje rett fram og balansere kjelder og dramaturgi. Forfattaren vil nå inn til hjartet, ikkje berre hovudet.
Det kan jo vere livsfarleg å seie feil ting
Harald Rosenløw Eeg, manusforfattar
— Vi lærte veldig mykje i arbeidet med «Kongens nei». At vi ikkje måtte prøve å dikte der vi ikkje absolutt følte at vi måtte. Vi prøvde å halde oss til fakta så langt det var mogleg innan for filmmediet. Men kvar gong kongen lukkar døra, veit vi ikkje kva som blir sagt. Læresetninga var at alt som blei sagt i filmen, skal kunne ha blitt sagt, men ikkje nødvendigvis akkurat der det blir sagt i filmen.
— Det er lett å få lyst til å begynne å dikte, som fiksjonsforfattar, å la seg rive med, fortel Eeg.
— Korleis er det å jobbe i kompromisset mellom dokumentert fagkunnskap og fiksjonsforteljing i underhaldningsfilmformatet?
— Nokre er litt sure for at du ikkje har med snøen frå 1940. Men mange gløymer at alt blir gjenskapt, vi må rekonstruere. Samstundes må vi som forfattarar ofre noko. Men ein må gjere nokon val, ein kan ikkje fortelje alt.
— Kjennest det farlegare å skrive om krigen enn andre ting?
— Heilt klart. Det kan jo vere livsfarleg å seie feil ting, noko som ikkje kling heilt med nokon si oppfatning. Det har nokre av debattane vist. Men all forsking som kan opplyse er bra.
— Har du fått mange telefonar frå sinte krigshistorikarar?
— He he. Nei, eg blir ikkje ringd ned, men får haugar med bøker og e-postar. Eg får demonstrert kor sterkt medium filmen er og kor mange menneske det når fram til. Litt av kicket med filmprosjekta har nettopp vore å få samarbeide med historikarar.
Sanning(ane)
Historie har òg ei historie.
Det kan professor i vitskapshistorie ved Universitetet i Bergen, Svein Atle Skålevåg, mykje om. Han startar med ei avgrensing, ein slags formildande reservasjon.
— Eg er ikkje krigshistorikar.
Men så gir han seg i kast med nokre tankar om fenomenet.
— Eg har alltid tenkt at krigs- og okkupasjonshistorie er eit litt særeige felt som har vore ganske upåverka av relativismen som har gjort seg gjeldande på mange andre område. Krigshistorikarane ser ut til å vere overtydde empirikarar. Dei som driv med dette tenker ikkje i så stor grad at det kan finnast fleire sanningar, seier han.
Det er altså steinharde fakta som gjeld, krigshistoriefaget har ikkje vore noko for filosofar.
Dei som driv med dette tenker ikkje i så stor grad at det kan finnast fleire sanningar
Svein Atle Skålevåg, vitskapshistorikar
Andre delar av historiefaget har utvikla seg litt annleis, meiner Skålevåg. Teorikøyret som nådde Noreg på 1980- og 90-talet, postmodernismen, trengde også inn til dei historiske institutta.
— På eit vis er historiefaget blitt meir smålåtent, haldninga om at historikarar veit best er ikkje så sterk som før. Då faget blei utfordra av postmodernismen på åtti- og nittitalet, handla det mykje om språkfilosofi og sjølve grunnlaget for kunnskapsproduksjonen. Kritikk mot skråsikker historisk kunnskap stod heilt sentralt i dette. I dag er historikarar flest forsona med denne kritikken.
Med mogleg unntak, altså, for krigs- og okkupasjonshistorikarane.
— Det er i alle fall ingenting som vekker så mykje debatt som krigshistorie. Det er ukontroversielt å seie, seier Skålevåg.
Dersom det då finst noko som er ukontroversielt å seie.
Tonen
For kanskje er faktisk krigshistorikarane større kranglefantar enn andre historikarar?
Det har som sagt leiaren Den norske historiske foreining, Thomas Hagen, også lurt på. Med doktorgrad om film, kulturpropaganda, kvardagsmotstand og fangehistorie under okkupasjonen er han sjølv i faresonen.
Svaret han har kome fram til, under tvil, er nei.
Men ifølgje Hagen er utestemme vanleg blant historikarar generelt, også når dei er inne.
— Det er ein lang polemisk tradisjon i historiefaget som ofte blir tatt med inn i den offentlege samtalen. Mykje av historikarutdanninga handlar dessutan om å lære seg å lese kritisk. Ein historikar som ser ein film eller les ei bok vil alltid sjå dette opp mot det hen sjølv er opptatt av. Det gjeld også gode filmar, seriar og bøker. Men det er gjerne dei dårlege som får mest merksemd. Og sidan vi har fått veldig mange fleire filmar og tv-seriar, aukar medietrykket.
Jan Heiret leiar eit historisk institutt heilt utan krigshistorikarar. Han registrerer samstundes ei umetteleg interesse for okkupasjons- og krigshistorie både blant studentar og folk flest. Han har også ei sterk interesse sjølv.Runhild Heggem
I Noreg har vi dessutan fleire faghistorikarar enn nokon gong. Men veldig få av dei er å finne i dei akademiske bastionane, på universitet og høgskular. Dei fleste profesjonelle krigshistorikarane jobbar, som Thomas Hagen og Terje Emberland, på satellittane: ved ulike senter, museum og arkiv.
— Det er kanskje dumt. Det er ei formidabel, heilt umetteleg interesse der ute, også blant studentane, seier Jan Heiret, historikar og leiar for Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap ved Universitet i Bergen (UiB).
— Men skulle satsinga stått i forhold til interessa i folket, ville vi fort blitt eit reint andre verdskrig-universitet.
Instituttleiaren arbeider med nyare norsk historie, det gjer okkupasjonstida til ein nødvendig bit. Han følgjer derfor med på det som rører seg. «Vi forskar på og underviser i alt», står det på nettsidene. Men ingen – ingen – spesialiserer seg på andre verdskrigen. Unntaket frå regelen ligg langt nord. I fleire år har UiT Noregs arktiske universitet husa to store prosjekt om krigshistorie med avleggarar sør til Nord universitet og NTNU.
Nord for polarsirkelen er både folk og faghistorikarar om mogleg endå meir kranglevorne enn i sør (SJÅ FOTNOTE).
Nordlendingane
— Vi møter i blant at «dette er ikkje historia slik vi forstår ho, eller liker ho». Vi bør liksom ikkje forvirre historia med fakta, seier Fredrik Fagertun, dosent ved UiT og leiar for forskingsprosjektet «Den andre verdenskrigen i Nord».
I avisa Nordlys har diskusjonen gått friskt, med krasse skildringar av arrogante og sviktande faghistorikarar – frå journalist- og forfattarstanden – og med skyts tilbake frå faghistorikarane. Under polemiske skuldingar om «tabloid skråsikker kjekk polemisk tone», «korstog», «karakterdrap» og «sjofle spekulasjoner» ligg spørsmålet om Nord-Noregs rolle i krigen og historia er blitt underkommunisert. Dette har vore den rådande oppfatninga, at Max Manus og gutta på skauen stal etterkrigs-showet.
Krigshistorikar Fredrik FagertunUiT
— Befolkninga her er kanskje litt kranglete på den måten at dei insisterer på at deira historie ikkje blir lagt merke til. Veldig mange meiner noko om den nordnorske krigshistoria, og gjerne at ho er blitt kraftig underkommunisert. Jau, kan hende bryr ein seg mindre lenger sør i landet, men alle regionar vil kunne seie det same. Vestlandet, Sørlandet, Trøndelag …
Fagertun peikar på at forfattarane skal selje bøker, forskarene får løna si ein gong i månaden.
— Det komplekse er ikkje alltid så lett å selje. Mange bøker om krigen har gått seg fast, ein finn ei kjelde som seier noko, kanskje er det veldig spennande, og så blir denne brukt for alt ho er verd. Faghistorikaren vil sjå seg om etter fleire kjelder som forklarer og dokumenterer frå ulike perspektiv.
Dosenten var blant dei som kritiserte «Den 12. mann» for å tukle med sanninga.
— Ein stor del av filmen lagar eit nummer av at tyskarane jagar Baalsrud. Men faktum er at tyskarane trur Baalsrud er død. Dette er ein aksjon dei har bygd inn for å skape action, det er historieforfalsking!
Khrono har ringt regissør av «Den 12. mann», Harald Zwart, men han har ikkje svart.
Kjelda
Det neste medieoppslaget kjem kanskje til å handle om søksmålet mot journalisten Marte Michelet frå aldrande og indignerte heimefrontbarn.
Kanskje kjem ein lokalhistorikar til å rase mot underkommunisert krigshistorie på Nordmøre. Kanskje, eller ganske sikkert, kjem ein faghistorikar til å skulde den neste filmen om krigen på NRK for historieforfalsking. Eller for å at bombeflya brummar på feil frekvens.
I mellomtida må Terje Emberland konstatere at han blir sett av fleire hundre tusen, som ekspertkommentator i dokumentaren om frontkjemparane, mot sin vilje. Kan det vere meir enn det reint faglege som driv han inn i desse debattane?
Folk engasjerer seg på ein annan måte enn når det handlar om trelasthandelen på 1700-talet
Terje Emberland, krigshistorikar
— På ein måte, ja. Krigshistoria er knytt opp til viktige politiske spørsmål i notida. Det handlar om demokrati, kamp mot totalitær ideologi, mot rasisme og antisemittisme.
— Men er det ikkje litt dumt at filmar så ofte blir hamra ned av faghistorikarar – folk som kan kunsten å formidle løftar jo historia ut til folket?
— Det er ikkje sånn at det blir hamra ned kvar gong. Problemet oppstår når filmskaparane ikkje tar med den beste forskinga som er tilgjengeleg i det dei skal formidle. Men sjølvsagt må ein gjere dramaturgiske og narrative grep. Eg er ikkje imot det, og der er heller ingen motsetnad.
Emberland meiner suget etter krigshistorie, i tillegg til nerderiet, kjem frå ei djupare kjelde.
— Av alle epokar engasjerer okkupasjonshistoria i størst grad. Ein grunn er at denne delen av historia handlar om moralske val og spørsmål som mange menneske opplever som påtrengande. Folk engasjerer seg på ein annan måte enn når det handlar om trelasthandelen på 1700-talet. Det er fint for oss som driv på med desse tinga.
Fred, ser det ut til, er for krigshistorikarane ei det beste.
**
Fotnote:
1. «Dette er galt – rett og slett tull – det var du som brukte begrepet ‘kranglevorne’ og forveksler det med at faghistorikere og representanter for de lokalhistoriske krigshistoriemiljøene ikke alltid er enige», skriv Fredrik Fagertun i tilbakemelding på tekstutdraget. Til korrekturen: «Det er nå 50 år siden vi i nord sluttet å bruke bindestrek i nordnorsk».
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) må gjennomføre en grundig kartlegging av psykososiale og organisatoriske faktorer som kan gi risiko for psykiske plager og muskel- og skjelettplager hos arbeidstakerne.
Da Arbeidstilsynet i slutten av januar gjennomførte et tilsyn på Det juridiske fakultet, fikk fakultetet ros for å arbeide systematisk med Helse, miljø og sikkerhet.
Men det var også litt kritikk å spore. Denne handler først og fremst om manglende dokumentasjon av kartlegging, risikovurdering og oppfølging av organisatoriske og psykososiale forhold som kan gi risiko for psykiske plager og muskel- og skjelettplager hos arbeidstakerne.
Arbeidtilsynet har nå pålagt UiO å ta tak i dette. Fakultetsdirektør Oddrun Rangsæter sier at fakultetet allerede har gjort et omfattende arbeid når det gjelder dette, men at de ikke har vært flinke nok til å dokumentere det de har gjort.
Dekan Ragnhild Hennum understreker at de ikke tar lett på påleggene fra Arbeidstilsynet.
— Vi tar dette alvorlig, og vi ser at vi må bli flinkere til å dokumentere hvordan vi arbeider, sier Hennum til Uniforum.
Lørdag 1. mars ble det holdt markeringer i flere norske og nordiske byer til støtte for studentprotestene i Serbia.
I fire måneder har studenter og ansatte ved landets universiteter ledet an i store protester mot Serbias president Aleksandar Vučić, i det som har blitt kalt den største studentprotesten i Europa siden 1968.
Markeringene i helgen ble holdt på dagen fire måneder etter ulykken i den nord-serbiske byen Novi Sad som krevde 15 menneskeliv.
I Oslo ble det lagt ned 15 hvite kaniner og 15 roser utenfor Nobel fredssenter, og mer enn 200 personer møtte opp, i følge arrangøren.
— Etter det som skjedde i Novi Sad, er det ikke noen veien tilbake. Vi må vise at folk i Serbia står ikke alene i denne kampen. Nå er det nok, sa Olga Radojkovic i en appell.
I tillegg til Oslo, ble det holdt markeringer i Bergen, Trondheim, Narvik, Malmø, København og Helsinki, alle under parolen «Kjærlighet fra nord til sør».
15 hvite roser og 15 kaniner utenfor Nobel fredssenter til støtte for studentprotestene i SerbiaVesna Marjanovic
Den indonesiske regjeringen annonserte drastiske kutt i utdanningsbudsjettet den 17. februar 2025.
Studentene frykter at reduserte budsjetter vil føre til reduserte studentstipend og dyrere skoleavgifter. Konsekvensen kan bli at enda flere indonesiere velger å forlate landet, skriver Le Monde.
Studenter roper slagord under en av flere store studentdemonstrasjoner i Indonesia den siste tiden. Her fra Jakarta den 21. februar 2025.Tatan Syuflana
Regjeringen vil kutte utdannings- og forskningsbudsjettet med en fjerdedel. Studentprotestene har vart i flere dager.
Allerede har 5 millioner indonesiere valgt å emigrere fra det folkerike landet med 283 millioner innbyggere.
Mange av studentdemonstrantene har plakater der det står «best å stikke av først», som sikter til at flere nå ser det som nødvendig å forlate landet for å sikre sin fremtid.
Fem nordiske akademiske kunstig intelligens-sentre og nettverk fra Norge, Sverige, Danmark, Finland og Island etablerer nå en samarbeidsavtale på tvers av landene.
Det skriver det norske KI-nettverket NORA-ai i en pressemelding. Avtalen mellom sentrene og nettverkene ble signert i Stockholm onsdag.
Ifølge pressemeldingen har samarbeidet som formål å sikre at akademia spiller en sentral rolle i utformingen av politikk og innovasjon knyttet til kunstig intelligens i Norden og Europa.
Samarbeidet har fått navnet Nordic AIR (AI Research, Education, and Innovation Partnership), og i pressemeldingen formidles det at dette er det første initiativet av sitt slag i Norden, med fokus på grunnleggende KI-forskning for det nordiske samfunnet og næringslivet.
— I en stadig mer polarisert og uforutsigbar verden er det viktig å samarbeide med pålitelige partnere. Samarbeidet vil også sikre en global nordisk innflytelse, med åpenhet og tillitsbasert tilnærming og demokratiske verdier i fokus, uttaler administrerende direktør Klas Petterson i NORA.ai.
Bilde fra signeringsmøte i Stockholm onsdag.NORA.ai
I eit oppfølgingsmøte same dag som varselet kom inn kom det fra at entreprenørane opplevde at dei ikkje blei høyrde, og at dei meinte framdrifta var så rask at arbeida ikkje kunne gjerast på ein sikker måte.
To dagar etterpå var Statsbygg på inspeksjon på byggjeplassen utan å finna noko gale. Statsbygg formidlar overfor Uniforum at det uansett er sett i verk tiltak for å gjera arbeidsforholda endå sikrare.
Det skal ikkje ha vore ei bestemt hending som førte til varslinga, men ei bekymring om framtidige utfordringar.
Ifølge prosjektleiar for Statsbygg, Sven Wertebach, går alt etter planen med byggjinga av Livsvitskapsbygget. Det skal heller ikkje vera snakk om foreseinkingar.
Livsvitskapsbygget skal stå klart i 2026.Hans Fredrik Asbjørnsen / Statsbygg
Floridas guvernør Ron DeSantis (R) kunngjorde mandag at han oppretter sin egen versjon av DOGE (Department of Government Efficience), som Elon Musk leder på nasjonalt nivå.
Guvernøren skriver på nettsiden sin at formålet med departementet er å kutte «unødvendige utgifter» fra delstatens budsjett og spare skattebetalerne for penger.
Blant forslagene guvernøren har lagt fram er en grundig gjennomgang av universitetenes økonomi.
Ifølge avisen Tallahassee Democrat sa DeSantis at delstaten vil se nærmere på universitetenes drift og utgifter, inkludert gjeld og økonomistyring. Han ønsker også å evaluere emnene som universitetene tilbyr og ansatte for å «sikre at studenter i Florida får en utdanning som forbereder dem best mulig for en meningsfull jobb etter endt utdannelse».
DeSantis foreslår også å kutte 70 statlige styrer og kommisjoner for å fjerne «unødvendig byråkrati» og kutte 900 statlige stillinger i delstaten. Ifølge guvernøren vil kunstig intelligens bli brukt i kuttprosessen.
Over 300 virksomheter får penger til opplæring i lesing, skriving og digitale ferdigheter, skriver regjeringa i ei pressemelding.
Den deler ut 87 millioner kroner til dette formålet.
Ordninga heter Kompetansepluss, og skal gi arbeidstakere med lav formell utdanning mulighet til å styrke voksnes grunnleggende ferdigheter i lesing, skriving, regning og digitale ferdigheter, i tillegg til norsk og samisk.
Brannvesenet i Bergen har vært på Studentsenteret til Universitetet i Bergen på Nygårdshøyden etter at det ble oppdaget en mistenkelig lukt som kunne minne om propan, skriver Bergens Tidende (BT).
Det ble startet evakuering, og litt før klokken halv åtte uttalte brannvesenet til BT at de var ferdige på stedet.
Grunnen til lukten skal ha vært at det har kommet litt gass ut i forbindelse med en gassovn.
Nyeste artikler
Økonomien på UiB trenger nye tanker
Vil legge ned utdanning av trafikklærere
Terje Mørland fikk direktørjobben i Sikt
Næringslivets ansvar for forskning
Wrestling-milliardær Linda McMahon er USAs nye utdanningsminister
Mest lest
Harald Eia vil gi tilbake: — Jeg har vært en parasitt
Universitetet i Oslo betalte advokat 150.000 for ikke å gjøre noen ting. — En hån
Tjener 300.000 i året på bistilling: — Må være veldig bevisst på hvor grensene går
Oppsigelsene har begynt ved universitetene i Nederland
Norske forskere vurderer å flytte fra USA — peker på Trump