«Krigen» om krigen

Fryktar «jussifisering» av historiefaget: — Kritikken går for langt

Leiar for historikarlauget, Thomas V.H. Hagen, meiner fagfolk overdriv kritikk av filmar og bøker, og at det er ein viss «saueflokkmentalitet» blant faghistorikarar. — Debatten er ikkje så fri og open som han burde vere, seier han.

Forfattar Marte Michelet møtte faghistorikarar til debatt under eit seminar i Oslo i 2018, etter at boka "Hva visste Hjemmefronten?" hadde kome ut. Etterkomarar etter heimefrontsoldatar har varsla søksmål mot forfattaren dersom ho ikkje trekker boka.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Mange er svært kunnskapsrike og har veldig mykje dei vil ha sagt. Men så er det dette med å gi kritikken ei form. Faghistorikarane kunne godt ha vore meir generøse, konstruktive og inkluderande overfor andre som driv med historieformidling.

Thomas V.H. Hagen, som er leiar i organisasjonen for faghistorikarane i Noreg, Den norske historiske foreining (HIFO), siktar til den hissige retorikken som er blitt retta mot ei rad film- og dokumentarproduksjonar om andre verdskrigen siste åra. Han trekker også fram journalisten Marte Michelets omdiskurte bok «Hva visste Hjemmefronten?» som eit eksempel.

— Eg synest enkelte går for langt. Det gjeld både kritikken mot «Frontkjempere» og Michelets bok, seier Hagen, som understrekar at han uttalar seg like mykje som forskar som leiar av HIFO.

Hagen har sjølv doktorgrad med ei avhandling om okkupasjonstida.

Ikkje hjelp i advokatar

Michelets bok har vekt storm med påstanden om at Heimefronten skal ha vore kjent med at norske jødar ville bli deporterte. Tre historikarar har laga ei «motbok» for å vise at boka hennar ikkje held mål. Michelet har innrømma feil i boka, men held på den sentrale påstanden. Det har ført til at etterkommarar av krigsheltane i Heimefronten truar med søksmål om ikkje boka blir trekt frå marknaden.

Det siste meiner Hagen er svært uheldig.

— Eg fryktar ei «jussifisering» av den offentlege samtalen. Det er utruleg viktig i eit demokrati at mange er med og diskuterer sanningane om fortida. Men det kan ikkje vere slik at vi skal hente inn juristar for å snakke om historie, seier Hagen.

Fakta

Krig og kritikk

  • Ei lang rekke filmar og bøker dei siste åra er blitt utsette for hard kritikk og skuldingar om historieforfalsking frå krigshistorikarar, seinast Frontkjempere som nå går på NRK.
  • Boka Hva visste Hjemmefronten? av Marte Michelet er truga av søksmål frå etterkomarane av krigsheltane i Heimefronten.
  • Filmane Den 12. mann og Max Manus, og serien Atlantic Crossing har alle blitt skulda for historieforfalsking av faghistorikarar.
  • Det er laga ca. 30 norske filmar om andre verdskrigen. Etter at Max Manus kom i 2008, har det blitt gjort ei rad store produksjonar for eit stort publikum.

At ein hentar inn skarpskodde advokatar for å gå i rette med Michelets bok, meiner han er eit dårleg teikn, som kan gjere det «farleg» å ytre seg om historiske spørsmål.

— Ingenting blir avklart i ein rettssal utover det reint juridiske. Vi må tolerere meiningsforskjellar og sikre eit rikt kunnskapsgrunnlag. Samtale er det beste, også når det er gjort alvorlege feil eller kjeldeetiske overtramp.

— Retorikk og opphengt i form

«Frontkjempere» som blir vist på NRK i desse dagar er blitt utsett for knallhard kritikk frå fleire historikarar, mellom anna Terje Emberland, som er forskar ved Holocaustsenteret. Han er sjølv med i dokumentarserien som ekspert, men har sidan tatt avstand til både måten han er redigert og brukt på og det han meiner er einsidig framstilling av norske soldatar som slåst for nazistane.

Hagen trekker fram «Atlantic Crossing», ein fiksjonsserie baserte på verkelege hendingar om prinsesse Märthas rolle i krigen. Serien fekk hard medfart av historikarane.

— Faghistorikarane kunne godt ha vore meir generøse, konstruktive og inkluderande overfor andre som driv med historieformidling, seier Thomas V.H. Hagen

Serien formidlar «en grunnleggende usann fortelling om krigen», skreiv for eksempel professor ved UiT Norges arktiske universitet, Tom Kristiansen i Aftenposten. Sakprosaforfattar og historikar Ivo de Figueiredo meinte serien kryssa «grensen frå dårlig film til fake history». Dei «dårlege» filmane er ifølgje Figueiredo tre andre norske krigsfilmar, «Max Manus», «Kampen om tungtvannet» og «Kongens nei».

— Dette er openberre overdrivingar. Når fleire av dei tyngste historikarane seier om «Atlantic Crossing» at dette ikkje har noko med verkelegheita å gjere, ja, då seier ein veldig lite til publikum. Det blir retorikk, og ein blir i overkant opphengt i form, seier Hagen.

— Ikkje nødvendig å slå kvarandre i hovudet

Khrono har i ein lengre artikkel sett søkelys på konflikten mellom forfattarar og filmskaparar og krigshistorikarane. Ei lang rekke filmar og bøker dei siste åra er blitt utsett for hard kritikk og skuldingar om historieforfalsking frå fagfolka.

— Krigshistorikarane ser ut til å vere overtydde empirikarar. Dei som driv med dette tenker ikkje i så stor grad at det kan finnast fleire sanningar, uttalte professor i vitskapshistorie ved Universitetet i Bergen, Svein Atle Skålevåg.

Regissør av «Frontkjempere», Aleksander Kristiansen, har på si side skulda historikarar for å gå på akkord med sanninga i forsøk på å vinne debattane.

Når det gjeld «Frontkjempere» er Hagen eining i mykje av kritikken, men også her meiner han enkelte har ein lite konstruktiv måte å framføre kritikken på.

— Eg tenker sjølv at serien har manglar. Men å kalle det for revisjonisme og kvitvasking er drygt. Det er ikkje nødvendig å slå kvarandre i hovudet.

Historikarar – litt saueflokk

Leiaren i historikarlauget meiner også å spore ein viss «saueflokkmentalitet», der historikarar ikkje alltid tør å gå imot kollegaer i faglege spørsmål:

— Med ein gong ein går ut og meiner noko, får ein gjerne nokon allierte og nokon uvenner. For dei som kjenner fagmiljøa, er det veldig tydeleg kven som er einige og ikkje. Debatten er ikkje så fri og open som han burde vere, mellom historikarane. Eg skulle ønske historikarane hadde mot til oftare å gå ut fagleg mot nære kollegaer, sjølv om dei har gode relasjonar personleg, seier Hagen.

Debatten om «Hva visste Hjemmefronten?» er i følgje Hagen illustrerande.

— Diskusjonen ber preg av at mange er einig med siste talar. Eg er glad for at motboka kom, men synest ho har fått råde grunnen for mykje åleine. Også den boka kan lesast kritisk. Historikarane slår tilbake, og fordjupar seg i fotnotar og detaljar. Men ein kunne godt tatt debatten til eit høgare nivå og fått fram korleis historikarar jobbar og bygger opp forklaringane sine, og korleis det råder ulike historie- og kunnskapssyn.

Han legg samstundes til at han blir både glad og stolt over at norske historikar er så synlege i ordskiftet.

— Det er akutt viktig for samfunnet. Men då må vi også tolerere til dels skarpe meiningsforskjellar, utan å bli ufine med kvarandre.

Powered by Labrador CMS