Ytringsfridom
Professoren og stipendiaten er rykande ueinige. I dag møttest dei til kaffi — direkte hos Khrono
Avkolonisering, tyskervitsar og strid om strukturell rasisme — ein fare for ytringsfridomen? Nei, meiner Tellef Raabe. Ja, meiner Kristian Gundersen.
No møtest desse to til digital kaffi hos Khrono.
Kva med å ta ein samtale over ein kaffi, datt det ut av Tellef Solbakk Raabe, og inviterte like godt Kristian Gundersen.
— Heilt i mi ånd, svarte Gundersen.
Onsdag kl. 10.00, og seinare i opptak, kunne du følgje samtalen, med eller utan kaffi, på Khrono.
Ytringshysteri?
«Myte, hysteri, komisk».
Doktorgradsstipendiaten ved Universitetet i Cambridge, Tellef Raabe, sparte ikkje på krutet i intervju med Khrono nyleg. Det er på tide å legge bort det han oppfattar som illusjonen om at ytringsfridomen er under press i akademia, meinte han. Og gjekk rett i angrep på «mannen bak 'ytringsfriheten er truet'», som han kalla han:
Professoren i biologi ved Universitetet i Oslo, Kristian Gundersen.
— Hysteriet om at ytringsfridomen er trua er eit større problem enn at ytringsfridomen er trua, seier stipendiaten til Khrono.
Gundersen syntest på side, ikkje overraskande, at både diagonosen og karakteristikken blei heilt feil.
— Raabe representerer ein ytringsfridomsrelativisme som ser ut til å ville avgrense ytringsfridomen, fyrte Gundersen tilbake.
Plussord, skjellsord
Mediesakene har kome på samleband siste månadene, om Ludvig Holberg-statuer, strid om «tyskervitsing», diskusjon om hagebenk og raseideologi og påstandar om strukturell rasisme på kunst- og friluftsutdanningar.
På sin plass og viktig å få fram, meiner den eine. Malplassert og konstruert av konfliktjagande medium, meiner den andre.
Eller kva skal ein seie om avlysings- eller kanselleringskultur, avkolonisering, strukturell rasisme og identitetspolitikk er hyppig i munnen på debattantane om dagen, både som plussord og skjellsord, alt ettersom — eller som mytar.
Det blir mykje krangling på Twitter.
No bli det samtale over (det digitale) bordet.
Nyeste artikler
Smitte i studentbustad i Alta
Her er studiegjelda de ber presidenten rydde opp i: 1.600.000.000.000 dollar
Hetsing og personangrep i Jodel-kanal på jussfakultet
Tilsetting av åtte toppledere på dagsorden
Ikke bom i kampen mot midlertidige stillinger i akademia!
Mest lest
Bredside mot Forskningsrådet: «Et system fullstendig blottet for selvinnsikt»
Strykrekord på eksamen for ferske sykepleiestudenter
Toppsjefen i Norce går av
Rektor ønsker seg flere ansatte med hijab
Mener Asle Tojes rasisme-forståelse er anti-akademisk