Tilsetting

Dumpa toppkandidat i Bergen får støtte frå 40 internasjonale forskarar

Forskarar frå 17 land har signert støtteerklæring til Eirik Hovden. Også det norske fagmiljøet mobiliserer. 

Eirik Hovden, forsker Universitetet i Bergen
— Eg set stor pris på støtteerklæringane, seier historikar Eirik Hovden. Han er i sluttfasen som leiar for forskargruppa Cancode. Denne veka held han foredrag på ein internasjonal konferanse i Bergen om Magnus Lagabøtes landslov.
Publisert Sist oppdatert

«Som Dr. Hovdens internasjonale samarbeidspartnarar og kollegaer vart vi ekstremt overraska og sjokkert over å høyre at namnet hans var blitt fjerna frå lista» (...), står det i brevet som no er sendt til leiinga ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. 

Brevet er signert av 40 forskarar i Europa, USA, Canada og Asia.

Eit tilsvarande initiativ er tatt i det norske fagmiljøet og har så langt samla nær 40 signaturar.

Både det internasjonale og norske fagmiljøet ber no fakultetsstyret og dekan Camilla Brautaset gripe inn og sørge for at Hovden blir tilsett.

Som Khrono tidlegare har fortalt, var Eirik Hovden søkar til ei nyoppretta forskarstilling som sprang ut av eit forskingsprosjekt han sjølv hadde vore leiar for i fire år. Den sakkunnige komiteen vurderte Hovden som best kvalifisert og innstilte han som nummer ein av to rangerte. Dernest gjennomførte Hovden prøveforelesing, utan spesielle merknader.

Etter intervjurunden blei Hovdens namn fjerna og berre kandidaten som vart rangert som nummer to av den sakkunnige komiteen, vart innstilt. Vurderingane som låg til grunn er hemmelege.

— Har sett UiB på kartet

Dei internasjonale fagfellane gir han dei beste skottsmål både fagleg og personleg: Hovden «har sett Universitetet i Bergen på kartet som ein av dei fremste institusjonane i Europa innan fagfeltet». Hovden er karakterisert som ein utmerkt akademisk organisator og leiar, raus, omsorgsfull og ansvarsfull. Han får også skryt for sine pedagogiske evner.

Tilsettingssaka var opphavleg sett opp til behandling i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet 10. september, men vart utsett i siste liten, etter at Khrono omtalte saka. 

Ifølgje dekan Camilla Brautaset kom saka relativt «seint til oss», og dei rakk ikkje å få «ferdigstilt sakspapira tidsnok til at det vart vurdert som foreinleg med forsvarleg saksførebuing». Det er fakultetsstyret som bestemmer kven som skal få jobben.

Eit ekstraordinært fakultetsstyremøte er førebels sett opp til 3. oktober.

Dekan Camilla Brautaset får to brev i posten med underskriftskampanjar til støtte for Eirik Hovden. Det er fakultetsstyret som bestemmer kven som får jobben.

«Falske premisser»

Hovden har fire år bak seg som leiar for Cancode, ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen som har undersøkt endringsprosessar i islamsk lov. Prosjektet er delvis finansiert med støtte frå Trond Mohn forskningsstiftelse. 

Som ledd i avtalen forplikta fakultetet seg til å opprette ei forskarstilling i forlenginga av prosjektet, i det aktuelle fagfeltet. Det er denne stillinga Hovden har søkt på. 

I brevet som følgjer den norske støtteerklæringa står det at «fakultetet har forpliktet seg til å satse på kandidatens (altså Eirik Hovdens) fagområder islamsk lov og arabisk». Den no innstilte kandidaten oppfyller ikkje desse vilkåra, «sjølv om kandidaten er anerkjent på et annet fagfelt», ifølgje brevskrivarane.

Brevet slår fast at dersom fakultetsstyret godkjenner innstillinga, betyr dette realiteten at HF fakultetet har «gått inn i et samarbeid med Trond Mohn Forskningsstiftelse på falske premisser».

Fagmiljøet er i tillegg uroa for at prosessen bidrar til å undergrave rolla faglege vurderingar skal ha i tilsetjingar til vitskapelege stillingar på universitetet. 

Underskrivarane ser også med «bekymring på at men eventuell annen ansettelse enn Eirik Hovden vil svekke arabiskfaget ved UiB».

Sterke reaksjonar

Både i og utanfor fagmiljøet har det vore sterke reaksjonar på tilsettingsprosessen etter at Khrono først skreiv om saka 5. september. Frå før har fakultetsleiinga i Bergen fått brev frå professor Jacob Høigilt ved Universitetet i Oslo, som var ein av tre medlemer i den sakkunnige ekspertkomiteen. 

Der skreiv han mellom anna at han var «sjokkert over hvor uryddig HF ved UiB framstår i denne saken, og spør meg selv hvorfor det var noen vits i å lese kandidatenes arbeider og skrive men grundig vurdering av dem».

Verken dekan Camilla Brautaset, eller dei to instituttleiarane som stod i spissen for intervjukomitéen har ønskt å kommentere saka. 

Powered by Labrador CMS