Universitetet i Bergen

Trekker omstridd tilsetting frå sakslista. — Kan ikkje gå i detaljar

Saka der ein toppkandidat til stilling ved Universitetet i Bergen blei dumpa etter hemmelege vurderingar, har vekt reaksjonar. No trekker utfallet ut i tid.

Camilla Brautaset, Universitetet i Bergen
Camilla Brautaset er dekan ved Humanistisk fakultet, Universitetet i Bergen. Ho seier at den omstridde tilsettingssaka blir utsett, men ikkje primært fordi ho er omstridd.

— Vi er ikkje ferdige med saksbehandlinga. Utover det kan eg ikkje gå i detaljar.

Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen seier dei ikkje kom i mål med saksførebuinga.

Det er fakultetsdirektør Kim Ove Hommens svar på kvifor saka fredag ettermiddag blei fjerna frå sakslista til møtet i fakultetsstyret som er sett opp til 10. september. 

På direkte spørsmål om årsaka til at saka blir halden igjen er reaksjonane og kritikken som har kome fram i saka, er svaret: 

— Det kan eg ikkje svare ja eller nei på. 

Ifølgje dekan ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), Camilla Brautaset, var det fakultetsdirektøren, i kraft av å vere styresekretær, som tok den «endelege avgjerda» om å utsette saka.

Khrono får opplyst at saka truleg kjem opp på eit ekstraordinært fakultetsstyremøte om to til tre veker. 

Ikkje innstilt

Reaksjonane har vore mange og sterke på måten tilsettingsprosessen til den nyoppretta stillinga ved Universitetet i Bergen har gått føre seg på: 

I fire år hadde Eirik Hovden leia ei forskargruppe og eit prosjekt, som var utgangspunkt for opprettinga av ei førsteamanuensisstilling, delt mellom to institutt på fakultetet. Prosjektet var delfinansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse, med føresetnad om at universitetet skulle opprette stillinga. 

Den sakkunnige komiteen hadde vurdert Eirik Hovden som den best kvalifiserte søkaren og innstilte han som nummer ein av to rangerte. Dernest gjennomførte Hovden prøveforelesing, utan spesielle merknader. 

Etter siste ledd, intervjuet, blei Hovden eliminert, og i praksis vurdert som ikkje kvalifisert til stillinga. I staden er berre kandidaten som vart rangert på andreplass av den sakkunnige komiteen, innstilt til jobben av instituttleiarane.

Det er fakultetsstyret som får innstillinga på sitt bord, og som har siste ord. 

Hemmeleg vurdering

Ei av dei kritiske røystene er professor ved Universitetet i Oslo, Jacob Høiglit, som var ein av dei tre fagekspertane i den sakkunnige komiteen. I eit brev til dekan Camilla Brautaset og dei to instituttleiarane, Martin Paulsen og Teemu Ryymin, gir han uttrykk for at han er «sjokkert over hvor uryddig HF ved UiB» framstår. 

— Som sakkunnig komité var vår anbefaling veldig tydeleg med tanke på kven som var på første og andreplass, uttalte Høigilt til Khrono.

Verken Paulsen, Ryymin eller Brautaset har ønskt å kommentere kritikken til Khrono.

Intervjurunden er den einaste delen av tilsettingsprosessen som ikkje er offentleg tilgjengeleg. Det er dermed ikkje mogleg å etterprøve kva slags vurderingar som ligg til grunn for at Hovden vart tatt bort som aktuell kandidat — heller ikkje for Hovden sjølv.

Medan Hovden vart vurdert som svært godt kvalifisert, var den andre kandidaten på grensa til å vere kvalifisert, sett opp mot utlysingsteksten til stillinga.

— Som sakkunnig komité var vår anbefaling veldig tydeleg med tanke på kven som var på første og andreplass, seier Høigilt.

— Ikkje ferdig

Dekan Camilla Brautaset seier at det i denne saka, med så stor merksemd, omfattande dokumentasjon og med eit stort trykk på alle involverte partar, er særleg viktig at styret får nok tid til å setje seg inn i alle delar av saka. Ho seier også at dette var «ei sak som kom relativt seint inn til oss».

— Det er slik sett ikkje kontroversen i seg sjølv som er årsak til utsetjinga, seier Brautaset.

— Vi fekk dessverre ikkje ferdigstilt sakspapira tidsnok til at det vart vurdert som foreinleg med forsvarleg saksførebuing for at saka skulle kunne behandlast i fakultetsstyremøtet førstkomande tysdag.

Ifølgje fakultetsdirektør Hommen er det ikkje uvanleg at saker blir utsett, som i dette tilfellet. Han peikar også på ei anna sak som dei har måtta ta ut av lista og utsetje, fordi dei ikkje har hatt tid til å førebu saka godt nok.

Powered by Labrador CMS