Kunstig intelligens

«Oppblomstring av forstokka argument». Samla fullt hus til samtale om ChatGPT

Reaksjonen på lanseringa av samtaleroboten ChatGPT er prega av «overdramatisering», ifølge pedagogikkprofessor.

Professor i universitetspedagogikk, Arild Raaheim, håpar ChatGPT skal føre til ein utdanningsrevolusjon, der undervisarar tenker i heilt andre baner enn eksamen når det gjeld studentane si læring og utvikling.

Reaksjonen på lanseringa av samtaleroboten ChatGPT er prega av «forstokka argument» og «overdramatisering», ifølge pedagogikkprofessor.

«ChatGPT — trussel eller mulighet i forskning og utdanning?» spurte Universitetet i Bergen, og inviterte eit knippe av sine eigne forskarar for å utforske spørsmålet i førebels siste del av ein seminarserie. Spørsmålet ser ut til å engasjere — aulaen var fylt til siste benkerad.

Blant innleiarane var Arild Raaheim, fritalande pedagogikkprofessor og kjent kritikar av tradisjonelle eksamensformer. Han raljerte i mange leddsetningar i si oppsummering av det han oppfattar som ein «forstokka» reaksjon frå akademikarar i møtet med ny teknologi:

Samanlikna med PC

— Overdramatisering med fokus på negative konsekvensar, etterfølgd av forslag om restriktive tiltak, som ledd i å oppretthalde ein bestemt praksis, som ikkje berre fører med seg at ein går glipp av nye moglegheiter, men inneber ei oppblomstring av forstokka argument for utgåtte alternativ og løysingar, og innføring av ytterlegare restriktive tiltak.

ChatGPT vart lansert i fjor haust av det amerikanske selskapet Open AI og er langt meir avansert enn liknande verktøy som har vore i bruk tidlegare.

Samtaleroboten er basert på kunstig intelligens og data generert frå brukarane, som stadig utvidar kapasiteten. ChatGPT er allereie i stand til å skrive avhandlingar, dikt og løyse matematiske oppgåver i høgt tempo. På universiteta har dette skapt særleg uro for plagiat og for at studentar skal bruke ChatGPT til å jukse på eksamen.

Dette er ei uro Raaheim jamstilte med å stikke hovudet i sanden.

Han uttrykt seg kritisk til dei som har ønskt å satse meir på tradisjonelle eksamensformer — som han sjølv er ein uttalt motstandar av. Raaheim ville heller ønske samtaleroboten velkommen for å «styrke studentane sin læring og kritiske refleksjon».

Han samanlikna frykta for ChatGPT med uroa for bruk av PC for ei tid tilbake.

— Då studentar for kanskje berre ti år sidan bad om å få bruke PC på eksamen, var svaret at studentane trengde å øve seg på å skrive med penn.

— Lyst til å bli effektive

Kva med forskarane?

Barabara Wasson, professor og leiar ved Centre for Science of Learning & Technology (SLATE) presenterte smakebitar av forskarane sine reaksjonar, som ho har fanga opp.

— Sidan nyttår har eg spurt nesten alle eg har treft på om ChatGPT. Fleire har sagt at dei har lyst til å bruke den til å bli meir effektive. For eksempel som sparring-partner. Eit eksempel er ein stipendiat som brukar ChatGPT som skrivecoach, sa Wasson.

Fullsatappa i UiBs aula for å høyre på diskusjonen om truslar og moglegheiter med kunstig intelligens i form av ChatGPT.

Ei oppfatning av at «ChatGPT skriv betre enn meg», er alt vanleg, og nokre forskarar har tatt teknologien i bruk til å redigere og fikse opp eigne tekstar, litteraturlister — og kurere skrivesperre, ifølgje professoren.

Men korleis kan ein gjere dette på ein ansvarleg måte som forskar?

— Vi må bli flinkare til å kommunisere med den. Vi må ha veldig god fagkunnskap for å vurdere kva som er sant eller ikkje. Og vi må utvikle vår kritiske vurderingsevne, var tre av reseptane frå Wasson, som la til:

— Dette gjeld ikkje berre studentar. Også vi forskarar må bli flinkare til dette.

8. februar flyttar diskusjonen seg til Universitetet i Agder, som inviterer på Zoom til seminar med same tittel, «mulighet eller trussel?».

Powered by Labrador CMS