korona

Ønskjer tilsette tilbake til kontora

Mange kan framleis ha heimekontor, men institusjonane ønskjer flest mogleg tilsette tilbake til kontora. — Me har ansvar for 19.000 studentar, seier universitetsdirektør.

Dette biletet vart teke før koronautbrotet. Men dei fleste utdanningsinstitusjonane vil no ha tilsette attende på jobb, i alle fall delvis, og har laga smittevernrettleiarar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me ønskjer å ha folk både campus, både for arbeidsmiljøet sin del og for å ta tilbake campus.

Det seier Bård Mæland, rektor ved VID vitskapelege høgskule.

Men med campus i fleire av dei største byane seier ikkje VID at alle tilsette må koma attende til campus.

— Me er fleksible. Nokre tilsette tek imot studentar no, andre skal ikkje ha undervisning på eit par veker. Dersom det er tilsette der det ikkje er naudsynt at dei er på campus, kan dei gjera ein avtale med næraste leiar, seier Mæland, og peikar òg på individuelle omsyn som sjukdom eller lang reiseveg.

Skal ikkje berre vera heime

Khrono har vore i kontakt med mange av utdanningsinstitusjonane, særleg dei som ligg i dei store byane. Alle legg til rette for at ein kan ha heimekontor, slik helsestyresmaktene og regjeringa har sagt:

— Alle som er avhengige av kollektivtransport i rushtida bør framleis vurdera å bruka heimekontor, sa helsedirektør Bjørn Guldvog førre veke.

Regjeringa tilrår heimekontor to-tre dagar i veka for dei som kan. Vidare er det tilrådd at dei som kan, droppar kollektivtransport, og at dei som ikkje må vera på jobb til normaltid, og som ikkje har barn i skulepliktig alder eller barnehage, forskyv arbeidstida.

— Me legg ikkje opp til at nokon berre skal ha heimekontor. Men samstundes er det skilnad på kva oppgåver dei tilsette har. Me har 19 000 studentar, og må ha ein infrastruktur kring dei, seier Kjell Bernstrøm, universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen.

For tilsette som ønskjer heimekontor, må dette avtalast med næraste leiar.

Fleire: Heime for dei som kan

Både Nord universitet og Universitetet i Agder (UiA) seier at tilsette i utgangspunktet no skal møta som vanleg på arbeidsstaden. Men også her kan det verta gjort unntak, både for tilsette som er avhengig av kollektivtransport, eller for tilsette som er i risikogruppa.

— Me følgjer utviklinga i regionen vår tett, samarbeider med kommunelegane og er klare for å bruka arbeid heimefrå i større grad om det vert naudsynt, skris kommunikasjonsdirektør Øivind Eskedal ved UiA i ein epost til Khrono.

Universitetet i Stavanger (UiS) skriv på sine nettsider at tilsette skal jobba på campus, med unntak av tilsette i risikogrupper. Det vil òg vera mogleg for andre å få jobba heimefrå dersom ein har arbeidsoppgåver som gjer det mogleg.

– På universitetet driv dei fleste tilsette med undervisning, eller forskar saman med kvarandre eller studentar. Situasjonen er difor at tilsette må vera på campus der studentane og andre forskarar er. Arbeidet er ofte av ein slik art at det er sterkt knytt til campus, seier universitetsdirektør Ole Ringdal til Stavanger Aftenblad.

Høgskolen i Innlandet seier no at alle som har arbeidsoppgåver som kan verta gjort heimefrå skal gjera det minst to-tre dagar kvar veke, medan NLA Høgskolen oppmodar tilsette som ikkje har konkrete arbeidsoppgåver som må gjerast på arbeidsstaden om å jobba heimefrå.

Som NLA har BI campus i fleire av dei største byane. Kommunikasjonsdirektør Ole Petter Syrrist-Leite ved BI skriv i ein epost til Khrono at tilsette som har funksjonar der det ikkje er naudsynt at dei er på campus, vert bedne om å jobba heimefrå. Dette gjeld førebels ut august.

I Bergen kan tilsette ved Norges Handelshøyskole få jobba heimefrå, etter avtale med næraste leiar. Høgskulen på Vestlandet, som held til mellom anna i Bergen, ønskjer tilsette attende på campus. Men tilsette i risikogruppa skal jobba heimefrå, og alle vert oppmoda om å unngå kollektivtransport til jobb.

Samfunnsansvar og smittehindring

Som Khrono har skrive, var det fleire av utdanningsinstitusjonane som hadde tenkt at fysisk oppmøte på kontoret skulle vera normalen for dei aller, aller fleste frå semesterstart. Men NTNU har endra på dette, og har, som tidlegare meldt, no kome fram til at terskelen for heimekontor skal vera lågare enn ein vedtok i juni.

Universitetet i Oslo ville også ha alle attende på jobb frå 1.september, har rektor Svein Stølen tidlegare sagt til Khrono.

Stølen vil framleis ha tilsette attende på jobb. Men:

— Me skal legga til rette for at tilsette kan koma fysisk attende til jobb, samstundes som me skal følgja styresmaktene sine råd om å redusera talet på reisande i kollektivtrafikken og dei andre smittevernreglane som geld. UiO vil som stor verksemd balansera kor mange som må vera på jobb for å utføra samfunnsoppdraget med heimekontor for å hindra smitte, skriv Stølen i ein sms til Khrono.

Han skriv at det er næraste leiar som har ansvar for å vurdera kven som kan vera fysisk på kontoret og kven som skal ha heimekontor.

OsloMet har tidlegare sagt at halvparten av dei tilsette kan vera på kontoret samstundes.

UiT bidrar til mindre kollektiv-press

Ved UiT Norges arktiske universitet opprettheld dei hovudregelen om at tilsette skal vere på campus, men vil bidra til at presset på kollektivtransport vert mindre.

— Vår hovedregel er framleis at ansatte skal arbeide på sin vanlege arbeidsplass på campus og at det er vanlege reglar om arbeidstid som gjeld, hvis ikkje anna er bestemt for den enkelte, seier Jørgen Fossland, universitetsdirektør ved UiT Norges arktiske universitet.

UiT ønsker samtidig å følgje opp regjeringa sine anbefalingar om å bidra til å redusere presset på kollektivtransport i rushtida, særleg i Tromsø.

– Vi oppfordrer først og fremst våre ansatte til å unngå å benytte bussar som verkar overfylte, og kor det ikkje synest mogeleg å oppretthalde krav til minst ein meter avstand til andre. Vi ber fleire vurdere om dei kan gå eller sykle til arbeidsstaden, hvis og når det er mogeleg, seier Fossland.

Politikarar oppmodar

Eit av dei største korona-utbrota på seinsommaren har vore i Østfold og i Indre Østfold kommune. Som Khrono har skrive, skal tilsette og studentar frå denne kommunen førebels halda seg heime. Men høgskulen elles tilrår veksling mellom heimekontor og oppmøte på campus.

Byråda i både Bergen og Oslo har vedteke at dei to kommunane skal ha heimekontor for alle som kan, og byrådsleiarane Roger Valhammer og Raymond Johansen har oppmoda andre verksemder, både offentlege og private, om å legga til rette for det same.

Powered by Labrador CMS