korona og studiestart
NTNU snur om heimekontor
Etter nye vurderingar senkar leiinga terskelen for å la tilsette ha heimekontor.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fleire universitet og høgskular har dei siste dagane revurdert sine planar og reglar for det komande semesteret, etter fleire nye korona-utbrot.
Både ved UiT Norges arktiske universitet og NTNU hadde beredskapsleiinga møte om dette i går.
NTNU hadde i utgangspunktet bestemt seg for at hovudregelen var at dei tilsette skulle vere tilbake på kontora sine frå den 10. august.
Nye oppmodingar frå helsedirektør Bjørn Guldvog om å framleis nytte seg av heimekontor, gjorde at NTNU vurderte endringar i planane.
Etter beredskapsmøtet i går vart det ikkje bestemt nye endringar, men no viser det seg likevel at universitetet snur.
«Hjemmekontor skal fortsatt avtales mellom ansatte og leder, men for å bidra til mindre smitte skal terskelen for hjemmekontor være lavere enn det som ble besluttet i juni», står det på NTNU sine intranettsider i dag, ifølgje Universitetsavisa.
Må avtale med næraste leiar
Dermed går NTNU vekk frå regelen om at hovudarbeidsplassen for dei tilsette skal vere på campus.
Dei går i staden for ei meir fleksibel ordning, der kvar enkelt tilsett, i samråd med næraste leiar, kan finne ei fordeling mellom heimekontor og campuskontor.
Nå har man kommet til at det skal være mer opp til den enkelte ansatte å, i samråd med nærmeste leder, komme fram til en fordeling av arbeidstid mellom hjemmekontor og campuskontor.
«NTNU er en stor organisasjon og det er nødvendig å tilpasse bruk av hjemmekontor med tilstedeværelse slik at den faglige virksomheten fungerer tilfredsstillende», skriv leiinga.
Nylige artikler
En drivkraft i nord har forlatt oss
Anne Husebekk har gått bort
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia