mellombelse faste stillingar

Om lag 50 forskarar har mista jobben siste året

Forskarar vert tilsett fast i mellombelse stillingar – for så å verta sagt opp igjen. – Det same som å vera tømrar utan jobb, seier fagforeiningsleiar.

Doktorkreering i Universitetets Aula i Oslo. For nokre går vegen til næringsliv, andre reiser til utlandet, og nokre vert verande i norsk akademia - ofte i mellombelse stillingar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tilsette i mellombelse, vitskapelege stillingar har vore eit tema i sektoren lenge, med Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet (UiT) som «verstingar».

Dei siste åra har fleire av institusjonane i staden for å tilsetja forskarar i mellombels stilling, tilsett dei fast på eksterne midlar. Men når pengane er brukte opp, kjem det varsel om oppseiing i posten.

Khrono har bede om tal frå alle universiteta i Noreg på kor mange forskarar dei har tilsett fast på eksterne midlar, og kor mange som har mista jobben det siste året. Ikkje alle har svara, og ikkje alle tilset på denne måten. Men tala redaksjonen har fått inn, viser at om lag 50 fast tilsette forskarar med ekstern finansiering har vorte sagt opp det siste året.

UiO har sagt opp 23

Institusjonane har ikkje tal på kor mange som er fast tilsette på eksterne midlar. Dei oppgir at desse vert registrerte på same måte som andre tilsette.

Universitetet i Oslo (UiO) oppgir at dei sa opp 23 forskarar i 2019.

— Dersom arbeidsoppgåver eller finansiering fell bort, vil dette normalt verta rekna som grunnlag for å kunne seia vedkomande opp, skriv personaldirektør Irene Sandlie i ein epost til Khrono.

Ho skriv at før ein går til ei eventuell oppseiing, skal einingane undersøka om det finst andre passande stillingar i verksemda.

— Då vert både kunngjorte stillingar og andre ledige stillingar ein er kjent med vurderte, seier Sandlie.

Universitetet i Tromsø oppgir at dei tilset forskarar fast dersom prosjektet har lenger varigheit enn to år. Det siste året har dei sagt opp mellom femten og tjue forskarar, åra før mellom ti og femten.

Nord Universitet oppgir at dei primært tilset i faste arbeidskontraktar.

— Ved bruk av mellombels tilsette vil det verta gjort ei vurdering av om det er ledig plass i organisasjonen før arbeidsforholdet vert sagt opp, skriv HR-direktør Marianne Hjartøy Breimo i ein epost til Khrono.

Ho seier at dette er fast rutine dersom arbeidsforholdet har ei varigheit eller på annan måte pålegg arbeidsgivar å vurdera om den tilsette har fortrinnsrett til anna stilling.

— Dette gjeld alle stillingar, òg eksternt finansierte prosjektstillingar dersom desse varer tre år eller meir, seier Breimo.

Stiller spørsmål ved kva nedgangen betyr

Khrono har ikkje fått konkrete tal frå NTNU. Men der var mellombelse stillingar på agendaen i universitetsstyremøtet i juni. Tala som vart lagt fram for styret viser at talet på vitskapeleg tilsette i mellombels stilling har gått ned. Men Forskerforbundet meiner tala ikkje stemmer, mellom anna fordi tilsette på timeløn eller honorar ikkje er med i statistikken. Dette skriv Universitetetsavisa om i fleire saker.

Ingvill Stuvøy er postdok ved NTNU.

Ingvill Stuvøy er representant for dei mellombels tilsette i NTNU-styret. Ho seier at som fersk styremedlem har ho ein avgrensa institusjonshugs. Men då styret i juni diskuterte mellombelse stillingar, sat ho på tilhøyrarplass.

— Slik eg oppfattar det, er ein samde om at det går framover, og at talet på tilsette i mellombels stilling går ned. Men det eg ikkje har fått klart svar på, er kva som ligg i dette med faste stillingar med oppseiing ved prosjektslutt, seier Stuvøy.

— Gir det å vera fast tilsett ein fordelar, til dømes i møte med banken for å få lån? Og betyr det noko for korleis ein vert integrert i arbeidsmiljøet? Der eg er tilsett som postdok er til dømes verken stipendiatar eller postdokar med på stabsmøte. Det er for dei faste tilsette. Vert ein meir heilskapeleg integrert dersom ein er fast tilsett, sjølv om det berre er for ein periode?

Klagesak opp i styret

Forskerforbundet har tidlegare vore usamd i måten Kunnskapsdepartementet tel mellombels tilsette på. Khrono har vore i kontakt med Forskerforbundet sin leiar, Guro Lind, i samband med denne saka. Ho er midt i lønsforhandlingar og har ikkje høve til å kommentera saka.

Gir det å vera fast tilsett på eksterne midlar ein fordelar, til dømes i møte med banken for å få lån? Og betyr det noko for korleis ein vert integrert i arbeidsmiljøet?

Ingvill Stuvøy

— Forskarar som er fast tilsette på eksterne midlar er like faste som andre i arbeidslivet. Ein tømrar har jo til dømes jobb under føresetnad av at det framleis skal byggast hus, seier Jørgen Melve.

Han er hovudtillitsvald for NTL ved Universitetet i Bergen.

— Forskarar som er fast tilsette på eksterne midlar er mindre fast tilsette enn andre i staten. Men det er ein betre situasjon no enn tidlegare, legg Melve til.

Han seier at å vera fast tilsett, sjølv om det ikkje er til evig tid, gir dei tilsette betre vern. Han meiner òg prosessen vert betre.

— Då ein brukte berre midlertidige forskarstilllingar, var det nok mykje kreativitet for å halda dette innanfor det som er gyldige grunnar for midlertidigheit, seier Melve.

UiB har ikkje funne tal på kor mange forskarar som har vorte sagt opp ved UiB det siste året. Dei viser til at Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har flest saker, og dei har sagt opp fem. Når universitetsstyret ved UiB har møte torsdag, skal ei av sakene opp som klagesak der. Så langt Khrono har funne, har ikkje universitetsstyra ved dei andre universiteta som oppgir å ha tilsett forskarar i fast stilling på mellombelse midlar, handsama slike klagesaker.

Khrono har fått innsyn i fleire av oppseiingssakene som har vore oppe i fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved UiB. Det som går igjen, er at det vert sagt at det ikkje finst anna passande arbeid til den aktuelle forskaren.

Før heitte det at ein skulle ha gyldig grunnlag for å tilsetja i mellombels stilling. Her har det nok vore mykje kreativitet.

Jørgen Melve

Melve seier at som tillitsvald er han ikkje involvert i mange klagesaker.

— Leitar institusjonen godt nok etter anna arbeid?

— Dette er ein prosess som er lite transparent. Det finst nok ein rutine, men det er uklårt for oss kva ein gjer i kvart enkelt tilfelle, seier Melve.

Han seier at det er institusjonen i heilskap som er arbeidsgivar, ikkje det einskilde fakultetet eller instituttet.

— Men kor breitt ein går ut, veit eg lite om, seier fagforeiningsleiaren.

Dekan: Forskaren må ta ansvar

Helge Dahle er dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved UiB. Han seier at institusjonane har fått klar beskjed om at talet på mellombels tilsette skal ned.

— No tilset me i faste forskarstillingar. Eit år før finansieringa går ut vert den tilsette kalla inn til medarbeidarsamtale, der ein mellom anna snakkar om fortrinnsrett til annan stilling, seier Dahle.

Ein må satsa på breidde, ikkje berre spisskompetanse, seier dekan Helge Dahle.

— Korleis leitar de etter andre stillingar til dei som får varsel om oppseiing?

— Det er eit gjensidig ansvar. Me følgjer med på stillingar som vert lyste ut, men forskaren sjølv må også sjå etter aktuelle stillingar, seier Dahle.

Han seier at forskaren sjølv må informera om kvalifikasjonar, og peikar på at forskarar sjølve til dømes må seia kva tekniske kvalifikasjonar ein har. Fleire tilsette i ingeniørstillingar og andre tekniske stillingar har til dømes doktorgrad.

— Det at ein kan seia opp forskarar når finansieringa går ut, gjer det at ein kan «testa» dei og så seia dei opp dersom dei ikkje var så flinke som ein hadde tenkt?

— Nei, dette vil eg avvisa. Ein må vera medviten når ein tilset, og sikker på at vedkomande på sikt kan føra til ei heving av kvaliteten. Samstundes bør ein i større grad leita etter breidde enn spisskompetanse på noko veldig smalt, seier dekanen.

Berre for rekneskap?

Som Khrono tidlegare har skrive, vart fleire av rektorane innkalla til eige møte om mellombelse stillingar med dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Som ved NTNU har også UiB-styret diskutert mellombels-tal. Eirik Hovden, som fram til juni i år var representant for vitskapeleg tilsette i mellombels stilling i universitetsstyret, var den gongen svært kritisk.

— Det er litt fiffig at departementet har pålagt UiB å redusera talet på mellombels tilsette, og så løyser universitetet det med å omdefinera forskarstillingane til å verta faste, sjølv om dei ikkje er det. Dei er «faste» i hermeteikn. Det har eg fått mange tilbakemeldingar på. Det er sterke tilbakemeldingar om at dette er «kreativ bokføring» og fusking med tal, sa Hovden i møtet.

Han har tidligare sagt til Khrono at han meiner det er uheldig at ein tilset fast i stillingar som ein veit skal vara til dømes berre tre år.

Stuvøy ved NTNU seier ho meiner ein må stilla spørsmål ved om nedgangen i talet på mellombels tilsette er nettopp kreativ bokføring, eller om det gjer noko med sjølve mellombels-problematikken.

— Eg håpar ein ikke berre gjer dette for rekneskapen til Kunnskapsdepartementet. Mitt førebelse inntrykk er at dette er noko både styret og leiinga ved NTNU er opptekne av og som det vert jobba med, seier ho.

Powered by Labrador CMS