Debatt språklege rettar

Nytt år, same gamle lovbrot

Universiteta og høgskolane viser manglande respekt for det norske språksamfunnet, norske lover og for studentar og tilsette når dei år etter år bryt mållova, skriv leiaren i Norsk Målungdom i dette innlegget.

Gunnhild Skjold meiner at universitesleiingane må gi tydeleg beskjed om at dei ønsker at lovene skal bli følgde internt. Også dei som handlar om språk og språklege rettar.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Nyleg melde Khrono at alle universiteta i Noreg bryt mållova. Om du fekk litt deja vu no kan eg tilgi deg, for ein kunne lese ei nær identisk sak både i fjor og året før det. Når universiteta og høgskolane år etter år ignorerer krava til språkbruk viser det ein manglande respekt for det norske språksamfunnet, norske lover og ikkje minst for deira eigne studentar og tilsette.

Denne manglande respekten går igjen hos alle utdanningsinstitusjonane. Vi ser det når nynorskstudentar ikkje får eksamen på språket sitt. Vi ser det når utdanningsinstitusjonane ikkje bruker nynorsk på nettsidene sine og i standardskjema. Vi ser det når universiteta ikkje løftar ein finger for å styrke det norske fagspråket, sjølv om dei har eit lovfesta ansvar for dette.

Orsakingane er også dei same år etter år. Det som går igjen er at målarbeidet blir «prioritert ned i ein travel kvardag», som NTNU uttalar til Khrono 23. juli. Det er forståeleg at universiteta og høgskolane har mange ting på blokka, og at dei ikkje får tid til alt. Problemet er at det er den same gruppa som blir nedprioritert kvar einaste gong. Om du er nynorskbrukar, er det alltid deg det går utover.

I starten av juli melde vi at det går mot eit rekordår for klagar på manglande eksamen på nynorsk. Norsk Målungdom administrerer ein klageportal, der vi hjelper studentar å klage på dette. Også her let utdanningsinstitusjonane den travle kvardagen sin gå utover nynorskstudentane. I år har dei også brukt koronapandemien som eit påskot for å ikkje gi studentane det dei har rett på.

Det er på tide at universiteta og høgskolane sluttar å komme med falske lovnader og faktisk startar arbeidet for å bli betre.

Gunnhild Skjold, Norsk Målungdom

Kvar gong vi gjer utdanningsinstitusjonane merksame på at dei bryt lova, får vi det same svaret der dei lovar bot og betring neste år. Året etter er stoda den same. Det er på tide at universiteta og høgskolane sluttar å komme med falske lovnader og faktisk startar arbeidet for å bli betre. Ein god start er om alle universiteta vedtar språkbruksplanar og set ned arbeidsgrupper for språkbruk. Tilsette må få kurs, både i å skrive nynorsk og i korfor dette er viktig. Leiinga må gi tydeleg beskjed om at dei ønsker at lovene skal bli følgd, og kva som må til for å nå dette målet.

Neste år håpar eg at du slepp ein ny deja vu, og at Norsk Målungdom heller kan juble høgt hurra for dei utdanningsinstitusjonane som følger lova! Det bør ikkje vere for mykje å be om. Dessverre er eg redd for at eg må resirkulere dette lesarbrevet neste år også.

Powered by Labrador CMS