Debatt andreas trohjell

Lovbrot på høglys dag

Like sikkert som at mai kjem etter april, kjem universitets- og høgskulesektoren til å bryte mållova.

Andreas Trohjell, leiar Norsk studentorganisasjon (NSO).
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Khrono presenterar denne veka nok ein gong eit sørgjeleg bilete av situasjonen frå Språkrådet sin årlege statistikk. Ingen utdanningsinstitusjonar i Noreg fylgjer mållova – heilt utan at dette gjev sanksjonar for dei. Lovar er ikkje friviljuge, heller ikkje mållova. I årevis kjem det fram at nesten ingen eller absolutt ingen av institusjonane klarar å fylle kravet der båe målformer er representert minimum 25 prosent. Dette rammar diverre nynorsken hardast.

Det kjem fram at NTNU korkje fylgjer mållova, eller har rapportert inn språkbruken til Språkrådet, slik dei pliktar. I tillegg har dei flest klagar etter manglande eksamen på nynorsk til studentane, som er heimla i universitets- og høgskulelova (UH-lova) at dei skal. Tidlegare i år såg me at UiO forsøkte å bruke korona som orsaking til å sleppe å gje eksamenar på båe målformer, og dermed unngå ei lov dei allereie ikkje fylgjer. Det er altså lite tvil om at dette ikkje er ei prioritering frå institusjonane si side.

Det er ikkje noko nytt fenomen at sektoren bryt lovene sine på høglys dag utan at det gjev konsekvensar for dei. To gongar i året, etter kvar eksamensperiode, så får me høyre at samtlege institusjonar bryt sensurfristen heimla i UH-lova. Studentar ser lite til betring, trass at nokon institusjonar har prøvd seg på eit botsystem, men lik som interne språkpolitiske retningslinjer institusjonane vedtek for å betre målbruken, synar det at desse har lite verknad på sensuren.

I etterkant har statsråd Asheim kommentert tala Khrono la fram, men her er det «intet nytt under solen». Som sin forgjengar lovar Asheim at det må bli betre, og at dei skal ta tak i det. Tradisjon tru vil me vente på den eine veka i året der statsråden set fokus på, og kommenterer sektoren sin språkbruk, før det igjen er gløymt. For NSO er det viktig at statsråden går fram som eit førebilete og gjev institusjonane tydelege signal om at dei må fylgje dei lovar og reglar som gjeld for dei. Då bør statsråden fyrst ta hand om sitt eige departement. Som Khrono skriv; departementet er sjølv like dårlege som institusjonane , og langt frå noko førebilete for sektoren. Dersom statsråden ynskjer å syne at han prioriterar dette har han ein historisk sjanse i båe i framlegg til ny språklov, samd revideringa av UH-lova.

Sektoren har eit særskild ansvar for kunnskapsformidling og utvikling av det norske fagspråket, og forslaget til språklova er tydeleg på at ein skal sikre nynorsk som bruksspråk. Dette ansvaret må dei ta. Gjennom søkbare midlar til faggrupper som vil bidra med materiale til Språkrådets termwiki – ikkje berre på nynorsk, men og på bokmål, for å utvikle termar til bruk i pensumlitteraturen. God terminologi er ein del av formidlingsoppgåva til utdanningsinstitusjonane og legg eit grunnlag for at det kan bli brukt, og sive ut i kvardagsspråket.

Dersom desse lovbrota ikkje i år tas alvorleg, og får fylgjer, står me på akkurat samme stad neste år. Nokre tradisjonar må ein gong kome til ein ende, og me vil at den tradisjonen er kunnskapssektoren sine lovbrot.

Powered by Labrador CMS