Kortnytt

Ny studentleiar for sjukepleiarane

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Edel Marlèn Taraldsen er ny studentleiar for Sykepleierforbundet.

Fagforeininga har 120 000 medlemmer og 13 500 studentmedlemmer.

Korona førte til ein ekstraordinær situasjon, seier den ferske studentleiaren, som no skal vekependla frå Hammerfest til Oslo.

Taraldsen er sjølv utdanna sjukepleiar frå Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet i Hammerfest, og seier til iFinnmark at ho reagerte på at det var ulikskapar mellom sjukepleiarutdanningane. Difor valte ho å engasjera seg.

— Det er mange som tenkjer på sjukepleiar som kvite englar og varme hender. Men det er ikkje der fokus skal vera. Me må få fram allde dei kloke hovuda som har stor kompetanse. Sjukepleiaryrket er svært givande, utfordrande og allsidig, seier Taraldsen til iFinnmark.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS