ny sjef

Ny havforskingdsdirektør: — Ikkje noko hokuspokus

Nils Gunnar Kvamstø tek over styringa ved Havforskingsinstituttet. — Å leie forsking handlar om å ha eit trygt diskusjonsklima og skape retning. Det er ikkje noko hokuspokus, seier Kvamstø.

— Ved Havforskingsinstituttet har vi også fri forsking. Men vi har eit klårare oppdrag. Organisasjonen er litt meir linjestyrt. Så her er det nok lettare å etablere eit felles mål. Dette ligg også i tildelingsbrev og formålsparagraf, seier nystarta HI-direktør Nils Gunnar Kvamstø.
Publisert

Dei fleste trudde havforskingsdirektør Sissel Rogne skulle få seks nye år i stolen då åremålet som sjef for landets fremste marine forskingsinstitusjon vart lyst ut i fjor. Men Nærings- og fiskeridepartementet ville det annleis. Dei lyste ut stillinga på nytt. Og som ein slags dark horse dukka dåverande marin dekan ved Universitetet i Bergen, Nils Gunnar Kvamstø, opp. Då finaleheatet passerte målstreken viste det seg at Kvamstø vart den foretrukne kandidaten.

Han sette seg i sjefsstolen ved Havforskningsinstituttet frå årsskiftet.

Påverka samfunnet

Fakta

Nils Gunnar Kvamstø (57)

  • Doktorgrad i dynamisk meteorologi ved UiB 1992.
  • Forskingskonsulent, European Centre for Medium range Weather Forecasts (ECMWF) January 1993
  • Forskar, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen oktober 1993
  • Førsteamanuensis i meteorologi, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen juni 1999
  • Professor II, Bjerknessenteret, Uni Research, Bergen 2002 - 2011
  • Professor i meteorologi, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen september 2006
  • Nestleiar ved Institutt geofysisk institutt, Universitetet i Bergen 2004 - 2011
  • Instituttleiar Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen 01.08.2011
  • Marin dekan ved UiB fra 2019 til des 2020

—Kvifor ville du bli direktør ved HI?

— Jo, det har med det å gjere at her er vi ein vanvittig god miks av infrastruktur og ekspertise, samstundes som vi skal gi råd til politiske myndigheiter, forvaltning og næringane som opererer til havs. Det betyr at vårt arbeid påverkar samfunnet direkte, og det er særs motiverande.

— Du er sjølv meteorolog og har forska på klimadynamikk. Korleis står det til med havet?

— Iallfall frå min eigen ståstad så vil eg seie at vi ser ei forsuring og vi ser oppvarming. På same vis som på land er klimaendringane på veg i havet. Det er slikt vi i endå større og praktisk forstand skal ta oss av ved Havforskingsinstituttet. Vi har hatt eit temmeleg stabilt klima i titusener av år, mens det no skjer meir brå endringar. Då skal ein vere på vakt.

— Kva er dei viktigaste oppgåvene til Havforskningsinstituttet?

— Den aller viktigste rolla er å måle og overvake havtilstanden og ut i frå dette gje råd og risikovurderingar til forvaltninga når det gjeld uttak av fiskeressursar og ikkje minst utbreiing av akvakulturnæringa.

Ikkje alle til lags

—Kva vert di viktigste oppgåve som sjef?

— For meg er det viktig at brukarane av Havforskingsinstituttet sine tenester er nøgde på alle nivå. Mi oppgåve vert å legge til rette for at det skjer. Det betyr sjølvsagt ikkje at alle skal vere nøgde, nokon likar jo ikkje konklusjonane eller råda som kjem. Men tenestene våre skal vere nyttige og ha høg kvalitet for brukarane. Slik skaper vi også tillit til HI sitt arbeid.

— Nokre av brukarane er dei store næringane som har interesser i havet med sterke kapitalinteresser. Kva tenkjer du om tilhøvet til desse?

— Vi skal gi råd og status ut ifrå den den best oppdaterte kunnskapen vi har. Og det skal gjerast så objektivt og nøytralt som mogeleg. Så kan det hende at brukarar og næringsaktørar ikkje er einige eller opplever verkelegheita annleis enn det vi serverer. Sjølv om våre data, analyser og råd er stresstesta veldig hardt. Men dersom næringane opplever ei anna verkelegheit, er eg sjølvsagt open for ein dialog. Vi skal lytta, men våre prosessar, fakta og kunnskap må følgje dei vitskaplege standardene som gjeld. Eg må seie at dette også gjeld tilhøvet til politiske myndigheiter.

Går ikkje på akkord

—Korleis sikrar ein at HI gjev råd uavhengig av desse interessene, enten om dei er politikarar eller andre?

— Å følgje vitenskapelige metoder i arbeidet vårt er det vesentlegaste. Ikkje minst handlar det om å publisere den forskinga vi gjer, og på den måten få sikra at arbeidet vårt heldt høg kvalitet.

— At arbeidet på Havforskingsinstituttet påverkar samfunnet direkte, er særs motiverande, seier Nils Gunnar Kvamstø som starta som direktør for Havforskingsinstituttet frå nyttår.

— I kva grad kan råda frå HI likevel vere pragmatiske?

— Dei kan ikkje gå på akkord med vitskapeleg metode. Men vi kan eksempelvis lytta til innspel om kva observasjonsstrategiar vi skal ha. Om resultata kan vere bygd på for få eller feil målingar. Då må vi revurdere. Der er vi opne.

— Den varmaste poteten er vel havbruk. Kva rom er det for vekst ?

— Eg har ikkje vore særleg lenge i stolen og mitt eige fagfelt ligg ikkje opp i mot den næringa. Difor kan eg ikkje seie noko om tonn eller anna. Men vi utgreier potensial og vil nok beskjeftige oss meir med dette i tida som kjem. Det viktige er at ein slik vekst er berekraftig, slik at vi overleverer reine og rike hav til komande generasjonar. Her er føre-var-prinsippet heilt vesentleg.

—Nokon seier at for å erstatte olje- og gasseksporten må sjømateksporten minst gongast med fem. Kva tenkjer du om det målet?

— Det høyrest ut som eit stort tal og eg kan ikkje seie noko på ståande fot om realismen i noko slikt. Berekraft er som sagt ei rettesnor, og det kan sjølvsagt kome teknologi som kan endre konsekvensane av ein slik vekst. Men eg har ikkje grunnlag for å seie noko meir konkret om dette no.

Meir klimaråd

—Kva er dei største utfordringane for HI som institusjon?

— Naturgrunnlaget endrar seg om vi vil eller ikkje. Enten som følgje av klimaendringar eller anna menneskeleg aktivitet. Det vil gje oss andre og nye vitskaplege oppgåver og utfordringar. Eg tenkjer at HI vert involvert i aukande grad når det gjeld råd og tiltak som handlar om å nå klima- og utsleppsmål. Då vert arbeidet vårt endå meir tverrfagleg og vi må samarbeide med andre vitskaplege retningar enn før.

—Kva tenkjer du er dei viktigaste endringene du vil få til?

— Eg har først tenkt å bli godt kjent med organisasjonen og folk. Det gjeld ikkje minst dei ulike lokalitetane våre. Eg er vorten teken godt i mot, men noko tiltak vil eg ikkje varsle enno.

— Det er ikkje noko hokuspokus. Det må leggjast til rette for at det er eit godt diskusjonsklima og at medarbeidarane er trygge. Det høyrest basalt ut, men det kan også vere vanskeleg, seier Nils Gunnar Kvamstø om det å vere leiar av ein forskingsinstitusjon.

Basalt, men vanskeleg

—Kva er dine beste leiareigenskapar?

— Eg trur det å få folk til å jobba saman er ein av mine beste eigenskapar som leiar. Det inneber å forankre retning og avgjerder mellom kollegene. Dei to tingene er nok dei viktigaste.

— Kva er løyndomen som gjer at du er god på desse?

— Det er ikkje noko hokuspokus. Det må leggjast til rette for at det er eit godt diskusjonsklima og at medarbeidarane er trygge. Det høyrest basalt ut, men det kan også vere vanskeleg.

—Kva tenkjer du er det spesielle ved å vere leiar innan forsking og vitskap?

— Ved universiteta har dei vitskapeleg tilsette særskilt uavhengige stillingar og gjennom dette stor fridom. Samstundes meiner eg at ein også ved universiteta og høgskulane må ha satsingsområde og arbeidsfelt som ein profilerer og ynskjer å vere sterke på. Då er dette med forankring og få folk til å trekkje i same retning ei viktig leiaroppgåve.

— Og ved Havforskingsinstituttet?

— Her har vi også fri forsking. Men vi har eit klårare oppdrag. Organisasjonen er litt meir linjestyrt. Så her er det nok lettare å etablere felles mål. Dette ligg også i tildelingsbrev og formålsparagraf.

Blomar frå UiB-rektoren

—I diskusjonen om ny lokalisering i Bergen var ikkje HI og UiB heilt einige. Korleis oppfattar du tilhøvet mellom dei to institusjonane?

— Per i dag oppfattar er tilhøvet særs godt. Etter at eg vart utnemnd har eg hatt dialog med leiinga ved Universitetet i Bergen. Og seinast etter HI-dagane står det no ein blome frå Margareth Hagen i vindauget på kontoret. Så foreløpig tenkjer eg tilhøvet er godt.

— I kva grad er det konkurranse mellom slike institusjonar?

— Konkurransen ligg vel i kampen om forskingsmidlar. Vi har også ein del eksternfinansiert forsking og konkurrerer med universitet og høgskular. Slik er det også mot andre forskingsinstitutt. Men eg oppfattar at det er stor grad av samarbeid. Eg tenkjer denne konkurransen er sunn.

Ikkje sjuande mor

— Den forrige statsministeren meinte at Noreg burde verte sjef på verdshava når det gjeld kunnskap og forsking. Ho tenkte vel kanskje at dette burde byggjast rundt miljøa i Bergen?

— Når du ser på dei samla forskingsmidlane i Noreg som rettar seg inn mot hav, brukast om lag halvparten på det utvida Vestlandet. Bergen er eit marint tyngdepunkt, men vi er nasjonale og har samarbeid med institusjonane både på Austlandet og ikkje minst i Nord-Noreg. Men det også klart at ein kan ta ut synergiar med meir samarbeid.

—Arbeiderpartiet har teke til orde for å flytte deler av Fiskeridirektoratet til Tromsø. Kva tenkjer du om dette?

— Det er ein politisk prioritering som eg ikkje vil uttale meg om slik sett. Men det er klart at samarbeid er enklare når ein ligg i nærleiken av kvarandre. Og det bør vege tungt i slike avgjerder. Samstundes er det også krevjande å flytte slike fagmiljø og byggja dei opp att.

— Den forrige direktøren Sissel Rogne skal fortsatt ha ei stilling på huset. Er det fare for at ho vert ei slags sjuande mor?

— Vi har eit godt tilhøve, og kjende kvarandre også frå min forrige jobb. Eg tenkjer at dette skal gå greitt og tek tinga etter kvart om det du spør om skulle verte tema.

Powered by Labrador CMS