Italia er landet i Europa med flest korona-smitta. Der er òg ein norsk student no i karantene, etter å ha fått påvist sjukdommen. Foto:flickr.com/Dipartimento Protezione Civile

NTNU-student smitta av korona. Andre studentar har fått karantene

Korona. Ein norsk utvekslingsstudent er smitta av korona-viruset, andre sit heime i karantene og NTNU ber studentar og tilsette som har vore i høgrisikoområde om å halda seg heime i to veker.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire studentar har fått karantene etter ha hatt praksis ved augeavdelinga ved Ullevaal sjukehus. Det var her dei første tilfella av koronasmitte i Noreg dukka opp. Studentane kom frå Universitetet i Oslo (UiO) og frå OsloMet. Det er snakk om elleve studentar frå Fakultet for helsevitskap og Fakultet for lærerstudier og internasjonale studier ved OsloMet og tretti medisinstudentar frå UiO, skriv OsloMet og Uniforum.

FAKTA

Koronavirus (SARS-CoV-2)

Startet som et utbrudd av lungebetennelse i storbyen Wuhan i Kina desember 2019. Identifisert av kinesisk helsemyndigheter 7. januar 2020.

Tyder på at smitten startet på et stort matmarked i byen, Huanan Seafood Wholesale Market.

Har genetiske likheter med SARS-viruset (SARS-CoV). 774 dødsfall ble registret i 26 land etter den epidemien i 2002-2003.

Feber har vært rapporter som det vanligste symptomer på infeksjon. Sår hals er rapportert og noen har blitt diagnostisert med lungebetennelser med pustevansker og/eller hoste, eventuelt med lungeinfiltrater på røntgen.

Folkehelseinstituttet anbefaler god håndhygiene, med såpe og vann, til forebygging.

Det finnes ingen vaksine mot sykdommen per i dag.

30. januar 2020 erklærte WHO utbruddet som en "alvorlig hendelse av betydning for internasjonal folkehelse".

(Kilde: Folkehelseinstituttet, Store Norske Leksikon. Oppdatert 3.mars 2020)

Student smitta på utveksling

Tysdag føremiddag var det i alt 32 tilfelle av kjend koronasmitte i Noreg. Alle dei som er smitta i Noreg skal ha band til Italia, skriv VG. Ingen skal vera alvorleg sjuke.

Me tilrår tilsette og studentar som er på reise eller som planlegg å reisa om å følgja med på UD sine reiseråd.

Anne Borg

Ein norsk student som er på utveksling i Italia, er smitta. Han er i Firenze, og skal ikkje vera alvorleg sjuk, skriv Universitetsavisa.

Fleire norske utdanningsinstitusjonar har studentar på utveksling til land med korona-utbrot, men som Khrono tidlegare har skrive, er det førebels ikkje planar om å henta desse heim.

Men utbrotet får konsekvensar for studentar som har praksis. I tillegg til studentane ved augeavdelinga, som må halda seg heime, får studentar frå Universitetet i Sørøst-Noreg, som skulle hatt praksis i Italia, ikkje reisa. Universitetet sender heller ikkje studentar som har vore i område med koronasmitte ut i praksis i Noreg. Studentane vil få ein alternativ plan som gjer at dei ikkje vert forseinka i studieløpet, skriv USN på sine nettsider.

I tillegg skriv fleire institusjonar at helsefagstudentar i praksis vert oppmoda om å gjera det same som andre som jobbar i helse- og omsorgssektoren: Halda seg heime i to veker dersom dei har vore i område med koronautbrot.

NTNU avlyser reiser

Khrono har skrive at Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, ikkje kjem seg til Kina som planlagt. NTNU avlyser eller utset alle reiser til Fastlands-Kina. Det same gjer dei med reiser til andre høgrisikoområde, som no er mellom anna Nord-Italia, Sør-Korea, Japan og Iran. I tillegg ber dei både studentar og tilsette som kjem heim frå reiser til desse områda om å halda seg heime i to veker.

— Me tilrår tilsette og studentar som er på reise eller som planlegg å reisa om å følgja med på UD sine reiseråd og informasjon frå Folkehelseinstituttet, seier NTNU-rektor Anne Borg til eigne nettsider.

Andre institusjonar seier det same som Folkehelseinstituttet skriv på sine nettsider: Dersom ein kjem heim frå område med smitte og har symptom på luftvegsinfeksjonar, bør ein halda seg heime.

Powered by Labrador CMS