Studentane i den femårige lærarutdanninga vil få like mykje obligatorisk pedagogikk som før, skriv tilsette ved lærarutdanninga på NTNU. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Pedagogikk og fag er like viktig

Endeleg er vi i ferd med å få ei lærarutdanning som stiller sterkare krav til at lærarstudentane kan det fagstoffet dei skal undervise i, skriv tilsette ved NTNU.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentane i den femårige lærarutdanninga vil få like mykje obligatorisk pedagogikk som før. Det er såleis ingen grunn til å bekymre seg over lågare pedagogisk kompetanse, slik det blir uttrykt i kronikk i Adresseavisen 4. april. Det negative bildet som blir teikna der, målber ei uheldig polarisering. Fag og pedagogikk står ikkje i motsetnad til kvarandre i lærarutdanninga. Dei er tvert om integrerte delar av ein heilskap.

Det er god grunn til å glede seg over den nye lærarutdanninga for grunnskulen.

Den blir eitt år lengre. Det gir rom for utvida skulepraksis, med alt det betyr, til dømes for betre erfaringsgrunnlag og utvikling av relasjonskompetanse. Eit ekstra år gir også rom for fagleg fordjuping på masternivå – i pedagogikk så vel som matematikk og norsk, engelsk og andre skulefag. Ved NTNU kan studentane faktisk velje å ta master i alle dei faga som inngår i lærarutdanninga for grunnskulen. På sikt borgar det for fagleg kvalitet i lærarkollegium med brei samla spisskompetanse.

Framtidas lærarar vil komme ut i den norske grunnskulen med 60–150 studiepoeng i pedagogikk. Det obligatoriske omfanget er uendra frå 2010-reformen, altså 60 studiepoeng for alle studentar. I dei to siste studieåra av den femårige utdanninga kan dei i tillegg velje å gå vidare med pedagogisk spesialisering på masternivå. Den nye lærarutdanninga vil altså ikkje berre utdanne lærarar med fordjuping i eit undervisningsfag. Den vil òg utdanne lærarar med fordjuping i pedagogikk, spesialpedagogikk eller begynnaropplæring.

Lærarane i lærarutdanninga er ikkje snevert opptekne av detaljar i sitt eige fag. Lærarutdanninga for grunnskulen er ei profesjonsutdanning som er spissa mot trinn (1–7 og 5–10), og faga er skuleretta; det gjeld både undervisningsfaga i skulen og pedagogikk. Lærarutdanningsfag som norsk, matematikk, samfunnsfag og musikk skil seg i så måte frå tilsvarande disiplinfag. Vi underviser i mange av dei same emna som disiplinfaga, men i grunnskolelærarutdanninga underviser vi aldri «brøk og grammatikk» isolert. Spørsmål om kvifor eit fagemne er viktig, kva slags fagleg innhald som skal prioriterast for kven, korleis vi kan tilpasse undervisninga slik at den støttar læring og utvikling for alle elevar, er integrerte delar av alle fag og emne.

Kravet til profesjonsretting og dei ulike faga sitt ansvar for praksis er sterkare framheva i den nye lærarutdanninga enn nokon gong før.

Tilsette ved Institutt for lærarutdanning

Slike spørsmål kan ein ikkje svare på utan fagkunnskap. Fagkunnskapen er altså ein grunnleggjande føresetnad for god og differensiert undervisning. Du kan ikkje undervise i brøk på ein måte som er tilpassa dei ulike elevane i klassen, viss du ikkje har inngåande kunnskap om nettopp brøk. Du kan heller ikkje fremje demokratisk innstilling og innsikt i historiske prosessar viss du ikkje har ei solid fagleg forståing av nettopp demokrati og historisk utvikling.

God kompetanse i pedagogikk, relasjonsbygging, tilpassa opplæring og læring generelt er altså ikkje nok. Læraren må sjølvsagt ha god kunnskap om det som ho eller han skal undervise i. Derfor gir det heller ikkje meining å skape ein motsetnad mellom undervisningsfag og pedagogikk.

Det er riktig og viktig at vi endeleg er i ferd med å få ei lærarutdanning som styrker fordjuping i undervisningsfaga i grunnskulen og stiller sterkare krav til at lærarstudentane kan det fagstoffet dei skal undervise i. Utdanninga som dei nye studentane begynner på til hausten, er like fullt ei grunnskolelærarutdanning, ikkje ei fagutdanning eller ei faglærarutdanning.

Kravet til profesjonsretting og dei ulike faga sitt ansvar for praksis er sterkare framheva i den nye lærarutdanninga enn nokon gong før. Og lærarutdanninga skal framleis vere brei. Dei som utdannar seg for å undervise på barnetrinnet, skal ha tre eller fire undervisningsfag og pedagogikk. Dei som utdannar seg for å bli lærarar på mellom- og ungdomstrinnet skal ha to eller tre undervisningsfag og pedagogikk.

I 2014 kom det krav om at lærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise elevar på ungdomstrinnet i faga engelsk, matematikk, norsk, samisk og teiknspråk. På barnetrinnet er kompetansekravet for å undervise i eit fag framleis berre 30 studiepoeng. Det svarer til eit halvt års utdanning. Det er ikkje mykje med tanke på alle dei faglege spørsmåla som små barn stiller og fortener innsiktsfulle svar på. Ikkje minst treng vi lærarar med spisskompetanse i den første lese-, skrive- og rekneopplæringa. Alle rektorar bør satse sterkt på å få slike ressurspersonar inn i lærarstaben.

Framtidige lærarar som kjem ut i skulen med ei femårig utdanning, blir ikkje dei første som har ein profesjonsretta mastergrad i eitt av faga sine. I vår lærarutdanning for grunnskulen har vi hatt master i skuleretta norsk og matematikk sidan 2005, og tilbakemeldingane vi får frå praksislærarar, skular og rektorar, er særs gode: Lærarstudentane som har valt å gå vidare til ein master, får ros for å vere både fagleg og pedagogisk dyktige. Og som lærarar blir dei viktige ressurspersonar i sine eigne miljø – på småskuletrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Det er dette den nye lærarutdanninga tar sikte på å gi oss meir av.

Vi heiar på ei integrert femårig lærarutdanning med sterke band mellom teori og praksis, inngåande fagkunnskap og god pedagogisk kompetanse.

(Kronikken er først publisert i Adresseavisen)

Les også: Lærere trenger mer pedagogikk

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS