Tommy Aarethun (i midten) er ny rådgivar for rektoratet ved Universitetet i Bergen det neste halve året. Her er han avbilda saman med Synne Grønvold og Jørgen Ringen Andersen under sist landsmøte til Norsk studentorganisasjon i 2015.

Aarethun ny rådgivar for UiB-rektor Olsen

Tidlegare studentpolitikar Tommy Aarethun (25) er tilsett som rådgivar for rektoratet ved Universitetet i Bergen. Fagforeining protesterar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den røynde studentpolitikaren og Ap-mannen, Tommy Aarethun (24) er tilsett som rådgivar for rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen. Tilsettinga er eit engasjement i seks månader. Fagforeiningsleiar Jørgen Melve er ifølgje På Høyden kritisk til at stillinga heller ikkje denne gongen er lyst ut.

– Tommy Aarethun er ein hyggeleg og kompetent mann, og det er godt mogleg at han hadde fått jobben uansett. Men eg synest det er pussig at ein vel å gå utanom dei vanlege prosedyrane som er at ein skal lysa ut ledige stillingar.

Det seier Jørgen Melve. Han leiar NTL ved Universitetet i Bergen.

– Det er tre månader sidan Maria Dyrhol Sandvik varsla at ho hadde fått ny jobb i Oslo. Vanlegvis klarar ein å tilsetja nokon på den tida, legg Melve til.

Veit ikkje om stillinga vert fast


– Kvifor lyste de ikkje ut stillingen, rektor Dag Rune Olsen?

– Eit engasjement er ein fin måte å få eit raskt grep på om ein både passar til denne typen jobb og om vedkomande er komfortabel i rolla. Dette er ei stilling der ein jobbar tett saman, så personkjemien må stemma. Samstundes prøver me å avgrensa utgiftene til sentralt hald ved UiB, seier Olsen.

Det betyr at det ikkje er sikkert at stillinga vert fast.

Eit engasjement er ein fin måte å få eit raskt grep på om ein både passar til denne typen jobb og om vedkomande er komfortabel i rolla.

Dag Rune Olsen

– Kunnskapsdepartementet sitt budsjett var historisk høgt i 2016, så det skal noko til å sjå føre seg ein tilsvarande vekst for neste år. Det betyr at me må tenkja oss om før me eventuelt gjer dette til ei fast stilling. Men det er ei viktig stilling – det er viktig at UiB er synleg blant dei som fattar avgjerdsler og der avgjerdslene vert tekne, seier Olsen.

– Kvifor valte de Aarethun?

– Som rådgivar er det viktig å kunne skriva godt. Det er òg viktig å ha nokre som kjenner sektoren. I tillegg er det praktisk for oss som er litt eldre å ha med oss nokre med eit litt yngre perspektiv, seier Olsen.

– Som politisk rådgivar

Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt for Fagforbundet ved UiB, meiner det er greitt å ikkje lysa ut ei stilling av denne typen.

– Eg har ikkje store problem med dette. Dette er ei spesiell stilling, som kan samanliknast med å vera politisk rådgivar, seier han.

Melve er ikkje samd.

– Det er heilt uproblematisk å legga føringar når ein tilset i ei slik stilling. Men eg meiner at stillingar skal lysast ut, òg sett i lys av at ein ved UiB prøver å få bukt med bruken av mellombelse stillingar, seier han.

Talar, lesarinnlegg, kronikkar

– Eg fekk eit tilbod om å jobba for rektoratet, det var eit spennande tilbod og noko eg hadde lyst til, difor takka eg ja, seier Aarethun sjølv.

Han er tilsett i eit engasjement på seks månader. Tilsetjinga skjedde etter at Maria Dyrhol Sandvik fekk ny stilling i Klassekampen. Ho hadde siste arbeidsdag på UiB sist fredag. Aarethun starta i jobben etter nyttår, så dei to rådgivarane har hatt overlapp nokre veker.

Aarethun har vore leiar for Studentparlamentet ved UiB, og er òg politisk engasjert. For vel eit år sidan var han ønska som ordførarkandidaten til Lærdal Arbeidarparti, men trekte seg før endelg nominasjon. Han sto imidlertid på val lenger ned på lista. Før han var leiar for parlamentet ved UiB hadde Tommy Aarethun ei rekke andre verv på universitetet, i Velferdstinget i Bergen og i Norsk Studentorganisasjon (NSO). Aarethun (bilete under) stilte som leiarkandidat i Norsk studentorganisasjon i fjor, men tapte valet mot Therese Eia Lerøen. ‘

Les også: 

Aarethun  har ein bachelorgrad i samanliknande politikk, og snart ei i administrasjons- og organisasjonsvitskap.

– Jobben vert i hovudsak tekstproduksjon; talar, lesarinnlegg og kronikkar. I tillegg får eg hovudansvaret for rektoratet si Facebook-side, seier Aarethun.

Tidlegare kritikk mot Olsen

Rektor Olsen har også tidlegare fått kritikk for tilsetting av rådgivarar. Då han i 2014 tilsette den tidlegare studentpolitikaren André Almås Christiansen som lobbyist for Universitetet i Bergen, men med kontor i Oslo, fekk han kritikk internt. 

Den gongen var det ifølgje Studvest professor  og lobbyekspert ved Universitetet i Bergen, Per Lægreid, som meinte at eit slikt lobbykontor var uheldeg.

– Lobbyisme kan undergreve demokratiet ved at avgjerder blir tekne gjennom skjulte kanalar og møte. Et slikt sugerør inn til statskassen er uheldeg. Ein kan diskutere om det er rett bruk av midlane å bruke pengar mot «hovedsponsoren» sin, sa Lægreid til Studvest den gongen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS