Kakefest for nytt Grieg­akademi

Ragnhild Bjørge
statsbudsjettet griegakademiet universitetet i bergen kmd

Dekan Frode Thorsen forsyner seg av ei av to store marsipankaker som det står «Griegakademiet» på.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) var det fest etter at det sundag kveld vart klart at 25 års arbeid har kasta av seg. SV vann fram med kravet om pengar til nytt Griegakademi ved Universitetet i Bergen. Det betyr 10 millionar kroner til nytt musikkbygg i Bergen på 2025-budsjettet.

Dekanen på Fakultet for kunst, musikk og design Frode Thorsen vart fyrst klar over at budsjettforliket var klart då han såg Dagsrevyen sundag kveld.

— Då fekk eg ein skikkeleg klump i magen. Eg har opplevd mange vonbrot i denne prosessen, så eg trudde ikkje heilt på det. Så ringde UiB-rektor Margareth Hagen like etter. Ho var heilt i fistel, og hadde problem med å gjera greie for seg – så glad var ho! Og eg hadde problem med å svara, så det var ein veldig sterk augneblink!, fortel Thorsen.

Frode Thorsen feirar at nytt Griegakademi faktisk får pengar på statsbudsjettet for 2025.
Alt etter 1946 har vore provisoriske eller halvferdige løysingar for musikkutdanning, seier dekan Frode Thorsen som måndag kunne feira at nytt Griegakademi får pengar på statsbudsjettet for 2025.

Sundag kveld la UiB-rektor Margareth Hagen ut ei jubelmelding på facebooksida si:

«Gullet kom til Bergen! Griegakademiet skal bygges!»

— I dag vil eg takka SV! Me er uendeleg takknemleg for at dei har kjempa for Griegakademiet gjennom tre statsbudsjett og sytt for at me no får bygd nytt på Møllendal, sa ho til Khrono same kvelden.

Frode Thorsen har arbeidd med nytt Griegakademi i eit kvart hundreår.

Kakefest for at nytt Griegakademi faktisk får pengar på statsbudsjettet for 2025.
Gullet kom til Bergen, sa UiB-rektor Margareth Hagen søndag kveld. Måndag var det kakefest.

— I Bergen hadde me Noregs første spesialbygde lokale for musikkutdanning i perioden 1913 til 1946. Og alt etter 1946 har vore provisoriske eller halvferdige løysingar. Dette konkrete prosjektet starta med eit teoretisk romprogram som vart vedteke av universitetsstyret i 2001. Då hadde eg vore involvert i arbeide med det alt eit par år, så det er faktisk 25 år sidan dette prosjektet starta.

Måndag stod stemninga i taket då dei feira statsbudsjettet i det noverande Griegakademiet i Bergen.

— Det er veldig kjekt å sjå at det er mange tidlegare studentar her i dag som har fått dette med seg, og det er veldig mange menneske som har engasjert seg veldig intenst i dette, og som i dag er veldig er letta og som ser fram til at dette vert ein realitet, seier dekanen.

— Kva betyr denne løyvinga?

— Det betyr mykje. Me løyser eit gigantisk problem dei neste 2-3 åra. Det betyr eit veldig løft for kulturbyen Bergen og det betyr eit enormt løft for heile fakultetet. Dette handlar ikkje berre for musikkutdanninga, det handlar om ei samling av kunstfaga, kunst, musikk og design. Det betyr mykje for studentane, for dei tilsette og for kulturbyen Bergen.

Powered by Labrador CMS