Feirar reviderte ordbøker

Hilde Kristin Strand
universitetet i bergen språksamlingane ordbok kortnytt
Peder Gammeltoft (til høgre) leiar Språksamlingane ved UiB. Her feirar han og kollegaene at det kom ordbokmillionar over statsbudsjettet for nokre år sidan.

Onsdag markerer Universitetet i Bergen ferdigstillinga av dei nye utgåvene av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Dei siste sju åra har ordbøkene vore gjennom ein stor revisjon og har fått nytt og oppdatert innhald og ei ny nettside.

Ordbøkene har no 160.000 søk i døgnet, skriv UiB i ei pressemelding, og det er komne inn ord som er i bruk i moderne norsk, ord som til dømes «digg», «havvindpark», «natursnø» og «nettroll». Ord som «matboks», som har vore i bruk lenge, har faktisk ikkje kome inn i ordbøkene før no.

Sjølv om revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka no er avslutta, skal UiB framleis jobba med å halda ordbøkene oppdaterte og aktuelle også i framtida.

Under feiringa onsdag er både forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund L. Hoel og Åse Wetås, direktør i Språkrådet, blant dei som skal ha innlegg.

Powered by Labrador CMS