Vedtok å legga ned kinasenter

Hilde Kristin Strand
kortnytt kina universitetsstyremøte universitetet i bergen

Styret ved Universitetet i Bergen vedtok 13. februar å legga ned Norsk senter for kinesisk rett. Vedtaket vart fatta utan at nokon i styret tok ordet i saka.

Som Khrono har skrive, vart senteret oppretta ved Det juridiske fakultetet i 2017. Året etter vedtok UiB ein eigen strategi for samhandling med Kina, men denne planen gjekk ut i 2022.

Professor Bjørnar Borvik, som har leia senteter, sa til Khrono at han meiner at slik verda ser ut i dag, treng ein meir kunnskap om Kina.

— Ved kinesiske universitet studerer dei Vesten. I Vesten er innstillinga at «me likar ikkje Kina» og difor prioriterer me heller ikkje samarbeidet med kinesiske universitet. Det er ekstremt lite fruktbart, sa Borvik.

Powered by Labrador CMS