Slutt for kuratorpraksis ved Universitetet i Bergen

Ragnhild Bjørge
småfag kuratorpraksis kmd studieportefølje universitetet i bergen

Styret ved Universitetet i Bergen la i dag ned studieprogramma Master i kuratorpraksis, Bachelor i geofysikk – vær, hav og klima og Master i manusutvikling for seriar.

Fleire tilsette som underviser på masterstudiet i kuratorpraksis forlet styremøtet med tårer i augo etter at universitetsstyret samrøystes vedtok nedlegging.

Prorektor Pinar Heggernes forsikra styret om at dei framleis ynskjer eit studietilbod i kuratorpraksis, men at studietilbodet må koma i ny form og at det nye programmet må tilferdsstilla krava til kvalitet for eit slikt program.

Styret vedtok også å oppretta tre nye studieprogram. Desse har fått namna Double degree program in global change ecology, Integrert masterprogram i geofysikk – meteorologi og oseanografi og Master in global challenges for sustainability.

Powered by Labrador CMS