Fekk tilslag på fire søknadar til EU

Joar Hystad
nyhetssenter

Nord universitet fekk nyleg tilslag på fire av fem forskingssøknadar til EU.

Det er universitetet sjølv som melder dette på si nettside.

I eitt av prosjekta er Nord koordinator, medan i dei andre er Nord partnar. I alt får dei fire prosjekta heile 16,5 millionar euro, eller 187 millionar norske kroner, i EU-støtte.

— Vi er fullt på høgd med resten av laget i Europa innan ein del område, både som koordinatorar og som partnarar. Vi har fleire framifrå forskingsmiljø, og det vert verkeleg arbeidd godt i desse miljøa, uttalar prorektor for forsking ved Nord universitet, Ketil Eiane.

Dei fire prosjekta som no har fått støtte er:

  • GuardIAS – Guarding European Waters from IAS. Fakultet: FBA. Prosjektleiar: Mark Costello. Nords rolle: partnar. Totalt budsjett: 7 millionar euro.
  • INTRACOMP – Intercultural and transcultural competence through collaborative cultural expression. Fakultet: FLU. Prosjektleiar: Nickolas Rowe. Nords rolle: koordinator. Totalt budsjett: 3 mill. euro.
  • METEOR – Methodologies for Teamworking in Eco-Outwards Research. Fakultet: FLU. Prosjektleiar: Anne Marit Valle. Nords rolle: partnar. Totalt budsjett: 3 mill. euro.
  • CONVIVIUM – New European Bauhaus Solutions in Food, Living Heritage, and Conviviality. Fakultet: HHN. Prosjektleiar: Ove Daniel Jakobsen. Nords rolle: partnar. Totalt budsjett: 3,5 mill. euro.
Powered by Labrador CMS