Internasjonalisering
Norske og utanlandske forskarar sit på kvar si tue
— Den kollegiale samtalen står i fare for å døy ut, seier dosent Marit Greek.
Tendensen går i retning av meir «meg og mitt» og mindre «vi og vårt». På den måten går universiteta glipp av kompetanse som kjem med internasjonaliseringa.
Saman med professor og kollega ved Akademisk språk på OsloMet, Kari M. Jonsmoen, har ho sett på korleis internasjonaliseringa endrar ein lite undersøkt del av arbeidet ved utdanningsinstitusjonane: samtalen mellom kollegaer. Den dreier seg om alt frå kaffipausen til allmøte, faglege samtalar med kollegaer og dialog med leiinga, både formell og uformell.
I ein artikkel i siste utgåva av Nytt Norsk Tidsskrift viser Greek og Jonsmoen korleis vitskapeleg tilsette opplever «arbeidshverdagens språklige interaksjoner, nærmere bestemt bruk av norsk og engelsk mellom kolleger, og den kollegiale samtalens betydning for faglig utvikling og personlig vekst».
I strevet etter publiseringspoeng og personlege og institusjonelle merittar, blir samtalen sett til side
Marit Greek, dosent OsloMet
Internasjonalisering er høgt prioritert og verdsett på alle nivå. Men, skriv Greek og Jonsmoen, «skal den internasjonale og faglige kompetansen til (de internasjonale) være en styrke innad i fagmiljøene, må de ansatte kommunisere med hverandre slik at de kan nyttiggjøre seg hverandres ressurser».
Det gjer dei ikkje i dag, ifølgje undersøkinga, som er basert på feltarbeid ved to profesjonsretta institutt ved eit norsk universitet.
Kan forsterke fordommar
— Vi ser ein slåande mangel på kollegial samtale. Dei tilsette meiner sjølve dette har med arbeidssituasjonen og manglande organisering og tilrettelegging å gjere Det er ikkje rom for det. Dette skuldast ikkje først og fremst dei internasjonalt tilsette, sjølv om dei ofte får skulda. Det er heller snakk om «dropen», seier Greek.
Med det meiner ho at profesjonsutdanningane frå før slit med å sameine «to kulturar»: dei som kjem frå profesjonane og har erfaring i det praktiske – og dei som kjem frå forskinga eller går strake vegen inn i eit forskarløp.
— I dette ligg det også eit generasjonsskilje. Når språklege utfordringar og andre kulturelle barrierar kjem på toppen av dette, blir det ekstra vanskeleg.
Gjennom observasjonar og samtalar har ho og Jonsmoen avdekt mange av hindringane for samhandling:
- Fleire informantar peikar på strukturelle hindringar for samarbeid, for eksempel at stor undervisningsbyrde på ulike tidspunkt avgrensar tid til meir utstrekt samarbeid.
- Fleire av informantane ser ein tendens til at kollegaer med same språklege bakgrunn søker saman. Dei som beherskar norsk flytande, grupperer seg. Det same gjer internasjonale som brukar engelsk som arbeidsspråk.
- Ifølgje informantane er det ein tendens til at tillitsverv og deltaking i ulike vedtaksprosessar fell på dei som beherskar norsk.
- Enkelte hevdar skeivfordeling av arbeidsoppgåver mellom internasjonale og dei norske bidrar til splitting av kollegiet, som gjer det vanskelegare å samarbeide. Dei meiner at denne splittinga kan forsterke fordommar.
- Meir heterogene miljø har ført til at den kollegiale samtalen primært blir ført mellom tilsette som kjenner kvarandre og alt har inngått fagleg samarbeid, eller mellom dei som har felles språk og referanserammer.
Greek peikar på at den sosiale samtalen mellom kollegaer er sentral for den faglege samtalen, at desse overlappar og er ei drivkraft i fagleg utvikling.
Språk berre del av bildet
— Ein må spørje seg kva universitetet ønsker seg frå eit fagmiljø. Er det å styrke og bruke det internasjonale mangfaldet til forsking, fagleg utvikling og auka studiekvalitet for studentane? Eller dyrke enkeltpublikasjonar som ein kan skilte med som institusjon? seier Greek.
Ho meiner det første er i ferd med å gå tapt. Det betalar seg ikkje å legge innsats i å utvikle strukturar for kollegial samtale. Desto meir lønsamt for karriereutviklinga kan det vere å prioritere si eiga forsking og publisering, framfor å bruke tid på kollegaer.
På denne måten går også ein stor del av gevinsten med internasjonaliseringa for norske institusjonar tapt, slik Greek ser det. Undersøkinga underbygger dette: Både internasjonale og norske tilsette nedprioriterer den kollegiale samtalen til fordel for eiga forskingstid.
— I strevet etter publiseringspoeng og personlege og institusjonelle merittar, blir samtalen sett til side. Med internasjonaliseringa treng vi samtalen endå meir enn før. Men i staden for å bli ei positiv kraft, står mangfaldet i fare for å gjere ting vanskelegare, på grunn av mangelen på samhandling. Om samtalen skjer på norsk eller engelsk er i denne samanhengen ikkje avgjerande. Likevel spelar språket ei rolle, når nokon er ukomfortable med engelsk og andre ikkje beherskar norsk, seier Greek.
Men det er ikkje internasjonaliseringa som i utgangspunktet struper den kollegiale samtalen, ifølgje Greek og Jonsomoen.
«We need to talk»
— Dette har med arbeidsplanar, innstilling og prioritering på institusjonelt nivå å gjere. Kven blir verdsett? Det blir delt ut arbeidsmiljøprisar og prisar for god undervisning. Men til sjuande og sist er det forsking og publisering som gir den enkelte «score» og karrierepoeng, ikkje kor godt du jobbar eller innsatsen du gjer for å legge til rette for godt arbeidsmiljø og kollegiale samtalar, seier Greek.
Ho meiner verdien av den kollegiale samtalen er undervurdert, og at det er ein tendens til at institusjonar jobbar og «smykkar» seg med internasjonalisering – for så å gløyme dynamikken som får internasjonaliseringa til å verke.
I artikkelen konkluderer Greek og Jonsmoen med at «den kollegiale samtalen bør styrkes dersom universitetet skal nyttiggjøre seg den samlete kompetansen i et flerspråklig, internasjonalt arbeidsmiljø».
Då må noko skapast, som i for liten grad finst i dag: eit arbeidsmiljø der kollegaer møtes, blir kjent og snakkar med kvarandre – på tvers av faglege, kulturelle og språklege forskjellar.