Ber departementet vurdera strengare norskkrav for lærarstudentar
Student. Dosent Benthe Kolberg Jansson meiner opptakskravet i norsk bør vera fire for grunnskulelærarar. Ho er uroa for at ny læreplan i norsk vil gjera det vanskelegare for studentane å oppnå god nok kompetanse i nynorsk.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det er opplagt at formuleringa om å «ta hensyn» inneber mindre vekt på og status for nynorsk i opplæringa. Etter så mange år med opplæring i sidemål, skal ein altså ikkje kunne venta ein tilnærma lik kompetanse i begge målformer. Dette er vel ei fallitterklæring, spør Benthe Kolberg Jansson retorisk.
Jansson er dosent ved Høgskolen i Østfold og har mellom anna vore tilsett ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i fem år. No er ho uroa. Ho meiner det vil verta vanskelegare for lærarstudentane å oppnå god nok kompetanse i nynorsk til å kunne undervisa i og på nynorsk. Grunnen er den nye læreplanen i norsk.
Det er veldig viktig at dei me utdannar skal kunne jobba i heile landet.
Eli Bjørhusdal
I den nye læreplanen i norsk i Fagfornyinga heiter det at ein ikkje skal få eigen karakter i sidemål før siste året på ungdomsskulen og siste året på vidaregåande skule dersom ein tek studiespesialiserande utdanningsprogram. Etter 10. klasse og etter fullført studiespesialisering i vidaregåande skule heiter det også at det skal leggast vekt på at elevane har hatt lenger tid med opplæring på hovudmål enn på sidemål, som for fleirtalet er nynorsk.
Ifølgje den same læreplanen skal ein etter 4.trinn skal ha lese tekstar på både nynorsk og bokmål, og etter sjuande trinn skal ein ha eksperimentert med å skriva sidemål.
Ein trear er ikkje ein trear
— For å koma inn på grunnskulelærarutdanninga må ein mellom anna ha tre i snitt i norskfaget. Det betyr at ein for eksempel kan koma inn med karakteren tre i hovudmål, sidemål og norsk munnleg. Men dette forslaget vil bety at krava til ein trear i sidemål er lågare enn tidlegare. Dersom ein har tre i alle dei tre norskfaglege disiplinane, vil det altså bety at ein samla karakter på tre reelt representerer ein svakare fagleg kompetanse enn tidlegare, forklarar Jansson.
Ho har eit forslag til løysing:
Elevar, etter elevens målform, 2009, 2014 og 2019
År | Bokmål | Nynorsk |
2009 | 532 133 | 81 214 |
2014 | 537 451 | 76 679 |
2019 | 554 492 | 75 245 |
Kilde: SSB
— Er Kunnskapsdepartementet villige til å heva inntaksgrunnlaget til 4 i norsk? Det er allereie gjort for matematikk, seier Jansson.
For nokre år sidan gjennomførte ho ein studie der ho såg på kva undervisning lærarstudentar får i sidemål. Ein får ikkje eigen sidemålskarakter på lærarutdanninga.
Undersøkinga hennar, som er frå 2004, viste at studentane fekk lite undervisning i nynorskdidaktikk, det vil seia korleis dei kan undervisa i nynorsk både som hovudmål og sidemål. Nynorskopplæring i lærarutdanninga skjer primært i norskfaget.
— Studien er nokre år gamal no, og me har ikkje oppdaterte tal. Men det er nok veldig ulikt kva undervisning studentane får, seier Jansson.
For svak kompetanse
I Sogndal sit Eli Bjørhusdal. Ho er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet, og på lik linje med Jansson er ho uroa.
— Spørsmålet er om det at ei eiga vurdering i sidemålet forsvinn betyr mindre sidemålsundervisning. Nokre vil svara nei – andre ja: Opplæringa i faget vert prega av at det ikkje skal gjevast eiga vurdering i det. Og eg vil vera redd for det siste, seier Bjørhusdal.
Ho seier at ein god del av studentane som kjem til lærarutdanninga har for svak kompetanse i nynorsk.
— Dei me uteksaminerer skal vera fullkompetente i begge skriftspråk, om me skal følgja dei nasjonale retningslinene til lærarutdanninga. Det strevar me med å få til i dag, innrømmer Bjørhusdal.
Fullkompetente betyr at studentane skal meistra begge målformer like godt og kunne skriva rett i alt skriftleg arbeid.
Sogndal er bygda mellom fjell og fjord, og mange studentar vel å studera der nettopp på grunn av naturen. Nokre av dei vert også verande etterpå- og skal då undervisa på skular som har nynorsk som undervisningsspråk.
— Det er veldig viktig at dei me utdannar skal kunne jobba i heile landet, seier Bjørhusdal.
I dag er norsk obligatorisk fag for dei som tek lærarutanning 1.-7., men ikkje for dei som tek 5.-10. Jansson fortel at nokre lærarutdanningar har hatt prosjekt der studentane har skrive oppgåver på nynorsk i andre fag enn i norsk.
— Men eg trur mange som tek lærarutdanning 5.-10. går ut i arbeid som lærar utan å ha skrive nynorsk sidan vidaregåande skule.
Fryktar større opplæringsoppgåver
— Me veit altså ikkje om dei dugleikane studentane har når dei kjem til oss vil vera dårlegare dersom det nye forslaget vil vedteke, men det er gode grunnar til å tru det. Det betyr at opplæringsoppgåvene våre vil verta større, seier Bjørhusdal.
Ho seier at ved lærarutdanninga i Sogndal vert det gitt oppgåver som skal leverast på sidemål i andre fag enn norsk.
— Kva er det studentane synest er vanskeleg med nynorsk?
— Det varierer. Men det er to ulike språk, med ulike system, og må lærast. Bokmålssystemet slepp studentane å læra på same måten som nynorsksystemet, for bokmål er dei så eksponerte for heile tida. Men på fritida er dei lite eksponerte for nynorske tekstar. Dette må me som lærarutdanning ta større og større ansvar for, å møta tekstar skrivne på nynorsk er like viktig som å skriva sjølv.
Elevar, etter elevens målform og fylke. 1. oktober 2019
Fylke | Elevar | Bokmål | Nynorsk | Samisk |
I alt | 636 250 | 554 492 | 75 245 | 857 |
Østfold | 35 293 | 34 628 | 2 | 1 |
Akershus | 83 760 | 82 961 | 0 | 0 |
Oslo | 68 925 | 67 803 | 2 | 1 |
Hedmark | 21 514 | 21 505 | 9 | 0 |
Oppland | 20 625 | 17 082 | 3 373 | 0 |
Buskerud | 34 151 | 33 329 | 636 | 0 |
Vestfold | 29 752 | 29 538 | 0 | 0 |
Telemark | 19 843 | 17 792 | 1 862 | 0 |
Aust-Agder | 15 026 | 14 147 | 678 | 0 |
Vest-Agder | 24 258 | 23 353 | 712 | 0 |
Rogaland | 63 848 | 48 521 | 14 362 | 1 |
Hordaland | 63 672 | 39 190 | 24 346 | 1 |
Sogn og Fjordane | 13 614 | 277 | 13 337 | 0 |
Møre og Romsdal | 32 228 | 16 218 | 15 917 | 0 |
Trøndelag | 54 873 | 54 269 | 3 | 18 |
Nordland | 27 500 | 27 468 | 1 | 31 |
Troms - Romsa | 18 872 | 18 644 | 4 | 76 |
Finnmark - Finnmárku | 8 275 | 7 546 | 1 | 728 |
Svalbard | 221 | 221 | 0 | 0 |
Kilde: SSB