Debatt Lars Nyre

Noreg må satsa maksimalt på kunstig intelligens. Me har ikkje noko anna val

Noreg må satsa maksimalt på kunstig intelligens, og kryssa fingrane for at det vert skapt kraftfulle og nyttige løysingar som samtidig har høg moralsk verdi, skriv Lars Nyre.

Noreg må satsa maksimalt på kunstig intelligens, og kryssa fingrane for at det vert skapar kraftfulle og nyttige løysingar som samtidig har høg moralsk verdi, skriv Lars Nyre.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det norske samfunnet må satsa på avansert teknologi for å vera skodd til ei framtid som vert stadig sterkare prega av teknologiske funksjonar. Universitetssektoren må vera sentral i utforskinga, og kan ikkje legga så stor vekt på etikk at det bremsar framdrifta.

UiB har inngått eit samarbeid med Trond Mohns Stiftelse for å bli eit kraftsenter for utvikling av teknologi basert på kunstig intelligens, og det vart arrangert eit seminar med tittelen «Intelligente Bergen» for å samkøyra innsatsen og skapa offentleg interesse.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Forskar Anja Salzmann deltok på seminaret, og kritiserer stemninga i eit innlegg i Khrono. Det var som eit vekkelsesmøte for teknologioptimistar, seier ho, og ho fryktar at det vil bli for lite fokus på den etiske dimensjonen ved kunstig intelligens. Universitetet kan ikkje oppføra seg som eit hallelujakor for teknologiutvikling, men må laga ein audmjuk og ansvarleg strategi der verdiar som personvern og demokratisering står sentralt. Sjølv om Anja Salzmann formulerer vakre ideal som dei færraste vil vera ueinige i, har eg ei ganske anna oppfatning av situasjonen på bakken.

Etikken lever i beste velgåande. Kunstig intelligens er ein kraftfull og overskridande teknologi, og dei som prøver den ut veit det veldig godt. Utforskinga skjer ofte med datasett frå verkelegheita, og då må forskarane handtera utfordringar knytt til brukarrettar, personvern og eigarskap. Dei må levera inn grundig utfylte meldeskjema til Norsk senter for forskningsdata (NSD) før dei prøver ut noko nytt, og etiske komitéar har makt til å stansa prosjekt dei meiner ikkje er forsvarlege.

I vårt opne demokratiske samfunn aukar fokuset på etikk i same takt som auken i forsking på ny teknologi, og dei etiske krava har difor aldri vore så omfattande som no. Reguleringa av forsking gjer at personvernet omtrent trumfar kunnskapsutviklinga. Kravet om ansvarleg forsking kan faktisk hemma konkurranseevna til norsk teknologiforsking på lengre sikt. Utviklinga av ny teknologi skjer på ein skala og med ei handlekraft som norske universitetet ikkje kan styra. Me er nøydd å følgja den globale utviklinga, og kanskje også overskrida våre eigne høgverdige etiske rammer i nokon samanhengar.

Framskritt og vekst har vore menneskas hovudgrunn til å utvikla ny teknologi heilt sidan Francis Bacon peika ut vegen på 1600-tallet. Ny teknologi produserer mat til alle, sikrar god helse og komfortable kvardagsliv. I hundrevis av år har politikk vore basert på ein positiv samanheng mellom teknisk utvikling og levestandard, og denne framtidsoptimismen er eit grunntrekk ved samfunnet vårt. Den pregar ikkje berre universitetet, men næringslivet, statsstyringa og andre sentrale institusjonar. Den kjem ikkje til å forsvinna.

Teknologisk vekst er nesten som ei pakt med djevelen, for vidare framskritt krev alltid at menneska lagar stadig meir avanserte maskiner og teknikkar. Nye løysingar har vanlegvis meir radikale eigenskapar enn dei eldre, både på godt og vondt. Bilar er mykje raskare og stabile enn hest og kjerre, men dei forureinar også mykje meir. Dei negative konsekvensane av teknologiutviklinga kan dessutan berre kunna motverkast med meir teknologi, ikkje mindre. Berekraftig energiteknologi må hjelpa oss ut av den farlege fossilalderen, men slik ny teknologi har sin eigen innebygde risiko. Dersom nødvendige metall må utvinnast frå havbotnen oppstår det eit nytt miljøproblem.

Berekraftig energiteknologi må hjelpa oss ut av den farlege fossilalderen, men den nye teknologien har sjølvsagt også sin innebygde risiko.

Lars Nyre

Teknologisk vekst er ikkje noko samfunnet kan velja bort. Det er mange tiår sidan datateknologi fekk same funksjon i samfunnet som forbrenningsmotorar og elektrisk straum. Dette er allmennteknologiar som kan brukast til omtrent alle tenkelege føremål, og som dermed gjer det mogeleg å laga nyvinningar på omtrent alle område i samfunnet. No er også kunstig intelligens i ferd med å bli ein slik mogeleggjerande og risikabel allmennteknologi. Den kan brukast til å styra funksjonane til datamaskiner som igjen styrer mekaniske prosessar for alle slags formål frå kreftbehandling til jordbærplukking.

Universitetet er ein vesentleg aktør i denne kompliserte teknologiske veksten. Sjølv om den viktigaste forskinga og utviklinga skjer i privat regi, må dei som vert tilsett ha utdanning frå universitetet. Unge folk må læra seg å følga den logikken som datamaskiner krev, og dei må kunna bidra med idéutvikling på dei områda der radikale allmennteknologiar let seg bruka. Unge karrierelystne menneske lærer seg logikk, informatikk, kybernetikk, robotikk og no også kunstig intelligens-programmering. Samfunnet treng stadig fleire ekspertar med mastergrad eller doktorgrad til å utføra dei kompliserte oppgåvene som treng å bli utført.

Som UiB sitt initiativ rundt kunstig intelligens viser, ynskjer universitetet ikkje berre å utdanna folk, men også å gje retning på teknologiutviklinga. Ingenting er viktigare enn dette! Universitetet må opparbeida seg ei teknologisk dømmekraft som i sin tur kan bli ein del av utdanningane. Og det er berre teknologisk praksis som kan gje universitetet ei god teknologisk dømmekraft. Det risikabelt å utforska overskridande tekniske løysingar, for det kan henda at resultatet i fyrste omgang ikkje er etisk respektabelt. Forskarane må ha lov å trå feil og gjera etiske kurskorrigeringar undervegs. Norske universitet kan ikkje la vera å pressa grensene i arbeidet med å laga avanserte tekniske løysingar. Utanlandske fagmiljø vil jo uansett gjera det og då vinn dei også kampen om studentar, forskingsmidlar og det beste renomméet.

Teknologisk vekst er nesten som ei pakt med djevelen, sa eg ovanfor. «Navigare necesse est, vivere non est necesse.» Å segla er nødvendig, men å leva er ikkje nødvendig, sa romerane. Me er nøydd å ta sjansar for å få godt resultat. Noreg må satsa maksimalt på kunstig intelligens, og kryssa fingrane for at det vert skapar kraftfulle og nyttige løysingar som samtidig har høg moralsk verdi. Men det vil naturleg nok kunna oppstå moralske protestar i humanistiske fagmiljø viss teknologane verkeleg forsøker å halda tritt med den globale utviklinga. Kunstig intelligens-teknologi vil bli så viktig i framtida at fagmiljøa på universitetet bør ta eigarskap til utviklingsprosessen. Ingen kan handtera dei etiske utfordringane betre.

Powered by Labrador CMS