Nesna
Nord universitet kan få konkurranse på Nesna. Havbruk kan vere aktuelt
Nord universitet strevar med å få lærarutdanninga på føtene. No seglar heilt andre fag og utdanningar opp — og kanskje andre universitet.
I januar legg det som blir kalla «Utviklingsprosjektet på Nesna» fram dei første delrapportane etter eit halvt års arbeid med å finne ut korleis Nesna kan bli «et attraktivt universitetssted med en levende campus». Det er statsråd Ola Borten Moe som er bestillar av prosjektet. Delprosjekt 1 handlar om å foreslå framtidige fagmiljø og studietilbod.
Der kjem mykje til å handle om havbruksnæringa på Helgeland.
Dermed kan den meir enn hundre år gamle lærarutdanninga på Nesna på Helgeland i Nordland snart hamne i skuggen av heilt andre utdanningar.
Nord og Nesna
Utviklingsprosjektet på Nesna skal foreslå tiltak som skal gjere Campus Nesna levedyktig. Prosjektet skal til våren legge fram forslag om rekruttering, velferd, infrastruktur, studietilbod og alternative organisasjonsformer.
Det er heller ikkje sikkert at det blir Nord universitet, som i dag, som kjem til å regjere på Nesna i framtida.
Lærarhøgskulen på Nesna vart i 2016 fusjonert inn i Nord universitet. I 2020 vedtok styret å legge ned studiestaden, som ledd i ei større omstrukturering av universitetet.
Senterpartiet og Arbeidarpartiet gjekk til val på å reversere Nord-styrets vedtak. Dette vart del av regjeringsplattforma etter valet i 2021.
«Næringas behov»
Prosjektleiar for «Utviklingsprosjekt Nesna», Jan-Oddvar Sørnes, stadfestar at havbruk no er ei «heit potet».
— Vi har fått cirka 50 konkrete innspel til delprosjektet og hatt innspelsmøte fleire stader i Nordland fylke. Mange av dei handlar om havbruk. Sjølv er eg brønnøyværing, og eg har hatt møte med havbruksnæringa der og fleire stader på Helgeland, seier Sørnes.
Han begynte i jobben først 15. oktober, etter at den tidlegare prosjektleiaren sa opp.
Nordlandsforsking presenterte tidlegare i år ein rapport, finansiert av Nesna kommune og næringslivet i regionen. Eit hovudfunn i rapporten var at havbruksnæringa forventar vekst, og meiner det er behov for ei utdanning på Nesna — så lenge ho er «relevant og tilpasset næringas behov».
Ein av medlemene i gruppa som har jobba med å finne nye studietilbod til Nesna, er Aino Olaisen, eigar og styreleiar i Nova Sea, eitt av dei største oppdrettsselskapa i Nord-Noreg.
Ho har tidlegare vore engasjert i redningsaksjonen for Nesna, knytt til Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland.
Blant dei andre fagretningane som blir diskuterte, er det særleg reiselivsfaget som peikar seg ut. Også idear om å etablere fagskuleutdanning eller universitetsutdanning for SFO-medarbeidarar har blitt spelt inn.
— Alt er mogleg
Nord-rektor Hanne Solheim Hansen hadde svært låg tillit blant dei universitetstilsette på Nesna etter nedlegginga. Ho har no gitt beskjed om at ho ønskjer seg ein ny periode som rektor.
Men dersom havbruksutdanning avløyser lærarutdanninga som den viktigaste utdanninga på Nesna, er det ikkje sikkert det blir med Nord universitet i førarsetet.
— I teorien er alt mogleg. Den endelege fasongen på dette veit vi ikkje. Men det er klart at ein modell som involverer andre universitet, høgskular og fagskular vil krevje ein annan organisasjonsmodell enn om det berre dreier seg om leveransar innanfor Nord-systemet, seier Sørnes.
Sørnes seier at «fagkreftene pratar med kvarandre», sjølv om dei andre utdannings- og forskingsinstitusjonane ikkje formelt er del av utviklingsprosjektet.
Ola Borten Moe har tidlegare sagt at «det kan godt hende det er andre utdanningsinstitusjoner som ser det interessant å komme med faglige tilbud».
UiT på banen
UiT Noregs arktiske universitet har for lengst stadfesta den tanken. For eit års tid sidan var rektor Dag Rune Olsen i møte med ordføraren på Nesna, der «andre utdanningsmuligheter enn lærerutdanning» stod på agendaen.
Om utsiktene til høgare utdanning innan havbruk på Nesna slår til, kan det dermed bli konkurranse mellom lærestadene om å sikre seg utdanninga. Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, seier ho vil vente med å kommentere konkrete forslag frå utviklingsprosjektet, og nøyer seg med denne kommentaren:
— Vi har veldig sterk kompetanse på havbruk.
Enno manglar meir enn 30 medarbeidarar, nær ein tredel av den planlagde arbeidsstyrken.
Ventar på senter
Folkeaksjonen for høgare utdanning på Nesna er opptatt av at lærarutdanninga ikkje blir gløymt:
— Vi er positive til eventuelle havbruksutdanningar. Det kan bli viktig for å vidareutvikle campus Nesna. Vårt fokus har samstundes vore lærarutdanninga. Behovet er framleis veldig stort på Helgeland, seier leiar Jenny Myklebust.
Ho er opptatt av lovnaden i regjeringsplattforma om at det skal etablerast eit nasjonalt senter for lærarutdanning på Nesna. I spørjetimen i Stortinget 1. desember forsikra statsråd Borten Moe om at dette ikkje er gløymt. Myklebust ventar likevel på at dei konkrete grepa skal manifestere seg.
— Dette må til for at vi skal få til ei distriktsorientert lærarutdanning i Noreg, seier ho.
Den endelege rapporten frå «Utviklingsprosjekt Nesna» skal vere klar 1. mai 2023.
* Retting 28.12.2022, kl. 17.12: I saka stod det opphavleg at Nord universitet har hatt ein kampanje til ein halv million kroner for å få fagfolk til lærarutdanninga på Nesna. Kampanjen har vore retta mot studentar, ikkje fagfolk. Khrono beklagar feilen.