nesna

Manglar 30 medarbeidarar på Nesna. Rektor er optimist

Ei av tre stillingar til lærarutdanninga står framleis ledige .

Nord-rektor Hanne Solheim Hansen blei mektig upopulær på Nesna etter nedleggingsvedtaket. No meiner ho tilliten er tilbake.
Publisert Oppdatert

— Vi har tilsett sju vitskapelege medarbeidarar det siste året. Eg synest det er ganske bra, og betre enn eg frykta. Det er berre eit år sidan vi fekk endringsbeskjeden, og vitskapelege tilsetjingar tar tid, seier Hanne Solheim Hansen, rektor ved Nord universitet.

Endringsbeskjeden ho siktar til er den som kom frå Støre-regjeringa om at nedlegginga av Nord universitets studietilbod på Nesna i Nordland skulle reverserast.

Regjeringserklæringa slo dessutan fast at lærar- og barnehageutdanninga ikkje berre skulle startast opp igjen, men trappast opp.

Dermed har Nord universitet fått hastverk med å rekruttere folk til ledige stillingar på Helgeland. 52 av 59 tilsette som vart sagde opp takka i fjor ja til tilbod om å få jobbane sine tilbake.

Men det er ikkje nok.

Har rekruttert 7

Til no er det rekruttert 7 til vitskapelege stillingar og 1 til teknisk/administrativt arbeid. Målet er at i alt 88 medarbeidarar skal ha arbeidsstad Nesna når re-etableringa er fullført. Ifølgje Nord universitets eiga risikoanalyse bør målet vere nådd i løpet av neste år.

«Våre planer forutsetter at vi har nye fagansatte på plass allerede i 2023», heitte det i universitetsleiingas saksframlegg til styret i februar i år.

Førebels manglar altså kring 30 medarbeidarar, nær ein tredel av den totale, planlagde arbeidsstyrken, for at reknestykket skal gå opp. Det er i hovudsak fagfolk med kompetanse i pedagogikk og skulefag Nord no prøver å lokke til Helgeland og Nesna.

Hentar folk frå Bodø

Analysen som Nord universitet gjennomførte viste at — i tillegg til sviktande studentrekruttering — er rekruttering av fagfolk «en betydelig risiko» for gjennomføringa. Det blei peikt på at det generelt er vanskeleg å få tak i rett kompetanse til alle skulefaga, uavhengig av kvar i landet det dreier seg om.

— Når vi søker etter fagfolk i matematikk og engelsk, er det vanskeleg også i Bodø og Levanger, seier Nord-rektor Hansen.

Ifølgje risikoanalysen slit i utgangspunktet små fagmiljø med ein «høna og egget-problematikk». Der det er få frå før, er det endå vanskelegare å rekruttere nye.

Hansen er likevel ikkje bekymra for framdrifta for campus Nesna. Rektoren seier at dei neste to til tre åra må reknast som ein oppbyggingsfase. I mellomtida vil ho bruke fagkrefter som kan reise inn frå Bodø og Levanger, i tillegg til å undervise digitalt.

— Det er ikkje slik at det dersom vi ikkje har 88 tilsette i 2023, så vil dette ikkje henge i hop. Eg er optimist, seier Nord-rektoren.

— Med alt vi kan

I 2016 vart studiestaden på Nesna, som har utdanna lærarar sidan 1918, fusjonert inn i Nord universitet. To år etter vart ei omstrukturering sett i gong, som munna ut i nedlegging på Nesna. Det utløyste ein folkeaksjon, som til slutt sigra, då Senterpartiet og Arbeidarpartiet gjekk til val på å reversere universitetets nedleggingsvedtak.

Etter den betente striden om Nesna var Hansen nærast som ein persona non grata å rekne på Nesna.

Sjølv meiner ho den gjensidige tilliten no er på plass. Ho har no flagga at ho ønskjer seg fire nye år som rektor ved Nord universitet.

— Etter at vi fekk beskjed om å reetablere lærarutdanninga på Nesna, har vi gått inn med full kraft og med alt vi kan for å lykkast. Eg opplever at det er noko heilt anna å kom til Nesna no enn det var, og at vi jobbar mot same mål, seier rektoren.

* Retting 28.12.2022, kl. 17.14: I saka stod det opphavleg at Nord universitet har hatt ein kampanje til 600 000 kroner for å få fagfolk til lærarutdanninga på Nesna. Kampanjen har vore retta mot studentar, ikkje fagfolk. Khrono beklagar feilen.

Powered by Labrador CMS