kveldsundervisning

Nokre får 15 kroner ekstra for å undervisa på kveldstid. Andre får mykje meir

— Det var ikkje vanskeleg å få leiinga med på dette, seier Forskerforbundet ved OsloMet. Der får dei tilsette 25 prosent meir i timeløn om dei jobbar etter kl 17.

Med avstandsreglar er det avgrensa kor mange studentar som kan vera saman. Det betyr at undervisningstidspunkta vert endra.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For å jobba etter kl 17, får ein ifølge hovudtariffavtalen i Staten 15 kroner ekstra i timen. Vanlege år har ikkje dette vore den mest debatterte paragrafen, men denne hausten legg fleire institusjonar opp til at ein del undervisning må skje på sein ettermiddag og tidleg kveld: Slik kan flest mogleg få fysisk undervisning på campus.

Forskerforum skriv no at Forskerforbundet meiner eit tillegg på 15 kroner timen er altfor lite. 50 prosent auke i løna for undervisning etter kl 17 er det ein bør ha, seier Forskerforbundet sin leiar Guro Lind.

— Me er uroa over undervisningssituasjonen og dei som skal undervisa i haust, seier Lind.

Ho viser til at mange jobba mykje i vår, og trekte med seg arbeid inn i sommarferien, mellom anna på grunn av forseinka sensur.

Gulrot ved OsloMet

Men nokre institusjonar har allereie fått på plass ein avtale om ekstra betaling for ettermiddagsarbeid. Ved OsloMet skal ein få 25 prosent auke i timeløna etter kl 17.

I utgangspunktet er det frivillig om ein som OsloMet-tilsett vil undervisa etter kl 17, seier hovudtillitsvalt Erik Dahlgren.

— Det var ikkje vanskeleg å få leiinga med på dette. Ein ønskjer at det skal vera ei frivillig ordning, og då må det vera ei gulrot, seier hovudtillitsvalt Erik Dahlgren til Khrono.

Undervisning på kveldstid skal ifølgje den ferske avtalen berre skje dersom det er einaste praktiske måte å få avvikla undervisninga på, og Dahlgren understrekar at det vil vera snakk om å skyva på arbeidstida, ikkje at dei tilsette skal jobba overtid.

— Det betyr til dømes at tilsette med små barn vil kunne levera i barnehagen eller skulen, seier Dahlgren.

— Kva tilbakemeldingar har du fått frå medlemmene?

— Dei fleste ser at ein må jobba på kveldstid for å få det til å gå opp i haust.

Også ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) har ein fått på plass ein avtale, førebels for dei teknisk-administrativt tilsette. Mykje av kveldsundervisninga på laoratoria vert gjort av inteniørar, og dei skal få normal overtidsbetaling for dei timane dei jobbar etter kl 17.

Fleire av dei andre institusjonane, som NTNU og Universitetet i Oslo, har førebels ikkje fått på plass ein avtale.

UHR: Lite motiverande

Men òg arbeidsgivar skjønar at det ikkje er særleg attraktivt å jobba for 15 kroner ekstra.

«UHR mener at en kompensasjon på dette nivået vil virke lite motiverende i en tid hvor institusjonene fortsatt vil ha store utfordringer med gjennomføring av undervisning med den kvalitet og omfang som er ønskelig,» skreiv Universitets- og høgskolerådet (UHR) i eit brev til Kunnskapsdepartementet i sommar. UHR meinte at ein burde opna for lokale avtalar, der dei tilsette kunne få eit prosenttillegg eller eit kronetillegg.

— Det seier seg sjølv at dersom du vert beden om å jobba for eit kronetillegg på 15 kroner timen, så er ikkje det så veldig motiverande, seier generalsekretær i UHR, Alf Rasmussen, til Forskerforum.

Kunnskapsdepartementet sendte brevet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Det er dei som har arbeidsgivaransvaret for statstilsette. KMD har så langt ikkje svara.

Lind i Forskerbundet seier til Forskerforum at ho er glad for at UHR ser problemet. Men ho meiner det trengs varige løysingar.

— No kjem òg behovet for etter- og vidareutdanning, som det vil verta eit auka trykk på. Det vil vera naturleg at mykje av òg den undervisninga vil pågå på ettermiddagstid og i helgene, seier Lind.

Powered by Labrador CMS