Bildet er frå eit allmøte på campus Kjeller. Curt Rice står foran. Foto: Siri Øverland Eriksen

Nokre av oss ønskjer faktisk å vera på campus Kjeller

Campus Kjeller. I dag er det mange studentar i Pilestredet som ikkje føler seg sett, dei er ein i mengda og det kan vera vanskeleg å bli kjent med andre studentar. Er det nokon som trur at dette blir betre med 200 studentar til, spør sju ansatte ved bachelorutdanninga i sjukepleie på campus Kjeller, OsloMet.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Khrono 28. januar skriv Torheim, Terragni, Henjum, Telle-Hansen og Myhrstad at det stort sett er dei kritiske røystene som ytrar seg mest og som får størst plass i media. Det er mogleg at det er slik, men me oppfattar det heller slik at rektor med sine, har ei så stor og kraftig røyst at me som er kritiske må ropa høgt for å ha ei moglegheit til å verta høyrde.

Har me råd til å mista gode sjukepleiestudentar i ei tid kor samfunnet skrik etter oss?

Sju ansatte ved campus Kjeller, OsloMet

Ved sjukepleieutdanninga på Kjeller har berre dei positive røystene til no markert seg i media og av den grunn er det på tide at me som er kritiske til samlokalisering får seia vårt.

For nokre fagområde er det heilt sikkert positivt å samlokaliserast og me vil ikkje vera ei røyst mot desse. Me meiner at dette ikkje er den riktige løysinga for alle og at det heller må gjerast eit reelt forsøk på å byggja opp Kjeller.

Me arbeider på bachelorutdanninga i sjukepleie på Kjeller. På Kjeller har me i underkant av 200 studentar per kull. I Pilestredet er det i underkant av 500 studentar per kull. Med mindre ein vil gå ned på den totale studentmassen på bachelor i sjukepleie vil ei samlokalisering føra til att kvart kull vil vera på nesten 700 studentar. 700 studentar!

I dag er det mange studentar i Pilestredet som ikkje føler seg sett, dei er ein i mengda og det kan vera vanskeleg å bli kjent med andre studentar. Er det nokon som trur at dette blir betre med 200 studentar til?

Trur nokon at fleire studentar inn i den allereie store massen vil føra til betre studiemiljø for studentane våre? På Kjeller er me heldige og har arbeidsoppgåver på tvers av studieåra, noko som gjer at me kan følgja studentane opp på ein god måte.

For det første har me moglegheit til å følgja studentane gjennom alle tre åra og me blir godt kjende med dei og dei vert godt kjende med oss, me er lett tilgjengelege på kontoret og studentane veit kvar dei kan finna oss. Dette gjev også ei tett oppfølging og me har i større grad moglegheit til å kvalitetssikra studentane og ikkje minst fanga opp eventuelle skikketheitssaker.

At me arbeider på tvers av studieåra gjer også at me som lærarar veit kva me kan forventa av studentane gjennom heile løpet. At me arbeider på tvers studieår gjer også samarbeidet mellom oss lærarar veldig godt, me kjenner kvarandre og veit kven me skal snakka med om me lurer på noko eller står i vanskelege situasjonar.

Me har også ein særs god delingskultur og arbeider aktivt for å gjera kvarandre betre. Det er også eit stort privilegium å få lov til å sjå korleis studentane utviklar seg frå førsteårsstudentar til nyutdanna sjukepleiarar nesten tre år seinare.

I diskusjonen vert det fleire gonger hevda at det er meir miljøvenleg å samla oss i Oslo. Eit av argumenta er at Kjeller har dårleg infrastruktur og lite kollektivtilbod og at det difor er mange som vel å ta bilen til jobb og studie. Det er kanskje noko sanning i dette. Ein må likevel ta inn over seg at me på Kjeller har mange vaksne studentar med born, som er avhengig av bil for å få studiet til å gå rundt, med levering og henting av born i barnehage og på skule.

Når me har snakka med desse studentane er veldig mange tydelege på at dei har valt Kjeller nettopp fordi det er mogleg for dei å kombinera studie med familieliv. Andre studentar seier også at dei har valt Kjeller nettopp med tanke på scoring på Studiebarometeret. Ved å flytta til Pilestredet er me redde for at fleire av desse studentane anten ikkje søkjer på sjukepleieutdanninga eller eventuelt søkjer seg til andre studiestader, som Kongsvinger, Elverum og Gjøvik. Har me råd til å mista gode sjukepleiestudentar i ei tid kor samfunnet skrik etter oss?

Eit anna poeng for oss er at me gjerne er avhengig av bil for å koma oss rundt til studentar i praksis. På Kjeller er ikkje praksisplassane fordelt innanfor eit område med enkel kollektivtransport. Me har praksisplasser frå Asker til Trøgstad, Bjørkelangen, Hemnes og Eidsvoll og alt i mellom. Det er ofte ikkje mogleg å koma seg rundt til desse praksisplassane på ein fornuftig måte utan bil, iallfall ikkje om ein skal besøka meir enn ein praksisplass per dag. Kvar skal bilen stå når me treng den til å reisa ut i praksis i løpet av dagen?

Om me vert flytta inn til Oslo er det ikkje gitt at det er me som er frå Kjeller som automatisk skal følgja opp studentar som har praksis ‘i periferien’. Det er slik det er no fordi det er ei naturleg fordeling, Pilestredet har Oslo, Kjeller har tidlegare Akershus (Viken). Med samlokalisering er ikkje dette skiljet naturleg lenger. Og berre sånn at det er sagt; me er avhengig av praksisplassene ‘i periferien’ for å ha nok plasser til alle studentane.

Det har kome fram argument for samlokalisering som kan sjåast på som positive og kanskje er dei gode nok. Men veit me det? Og veit styret det når dei skal handsama saka 12. mars? Er det gjort ei konsekvensutreiing for samlokalisering? Kva vert konsekvensane av å flytta om lag 3000 studentar til Pilestredet?

I mai2019 kunne me lesa i Khrono at Nils Pharo skreiv at studentane ‘hans’ ikkje hadde noko av undervisninga i bygget som var tiltenkt dei. Studentane var spreidd over heile Campus. Blir det mindre av dette når 3000 studentar ekstra skal inn?

Me registrerer at studentar frå Pilestredet også er bekymra for dette i kommentarar til fleire av innlegga i Khrono. Studentane seier at dei allereie opplever Pilestredet som fullt, at det er vanskeleg å finna leseplassar og at så mange studentar samla går ut over det sosiale i utdanninga.

Studentane saknar mellom anna byggtilhøyrsel og er i dag spreidd utover, med alle ulemper dette medfører. Mindre sosialisering gjev ikkje betre læringstilhøve for studentane. Det er heller ikkje grunn til å tru at einsemda hjå studentane blir mindre når massen dei er ein del av blir større.

At studentmiljøet på Kjeller er dårleg vert nytta som eit argument for samlokalisering, men studiebarometeret syner ikkje at det er særskild betre studentmiljø i Pilestredet enn på Kjeller. Kanskje ein heller bør fokusera på å betra studentmiljøet begge stader enn å tenkja at fleire blir betre, når studentane allereie meiner dei er for mange i Pilestredet.

Det er snakk om å utvida bygningsmassen i Pilestredet, men ut frå det me kan lesa frå innlegget til Pharo og kommentaren til studentane vil ikkje det automatisk føra til betre tilhøve for studentar og tilsette, kanskje heller forverra situasjonen? At prisen vert høgare enn det den er på Kjeller er vel kanskje det einaste me kan vera rimeleg sikre på. Tørr styret gå inn på ein så usikker veg?

Curt Rice seier at det er få som ønskjer å vera på Kjeller, samtidig har han, som rektor, ikkje gjort noko for å få folk til å vilja vera på Kjeller. Me ønskjer ei utvikling av Campus Kjeller hjarteleg velkomen! Me ønskjer oss meir studentaktivitet og me ønskjer oss fleire utdanningar som me kan samarbeida med. Som leiar og ansvarleg burde heller rektor Rice gått inn for å styrka Kjeller.

Me er redde for å mista moglegheita til å følgja opp studentane våre slik me gjer i dag. Me er redde for at studentane og me skal bli ‘ein i mengda’. Me er redde det vil gå ut over studiekvardagen til studentane og at fleire studentar blir mindre nøgd med studiet sitt og at den faglege kvaliteten på uteksaminerte studentar vil gå ned.

Me er også redde for vårt gode arbeidsmiljø. Dersom styret vel å gå inn for samlokalisering krev me ein god fagleg plan og at utdanninga vert samla i eit bygg: Me vil ha ein god og fagleg formulert plan for korleis studentane skal takast i vare når dei vert overført til Pilestredet. Planen må vera fundert på ein like god, eller betre, didaktikk dersom dette skal vera eit alternativ for oss. Å gå ned på fagleg kvalitet er ikkje aktuelt for nokon av oss. Sjukepleieutdanninga må ha eit bygg, kor studentar og lærarar er samla og undervisninga kan føregå.

Innlegget er signert sju ansatte ved bachelorutdanninga i sjukepleie på Campus Kjeller, OsloMet.

Line Aasen, phd-kandidat

Vibeke Alvestad, Universitetlektor

Janne Bakke, Universitetslærar

Linn G. Evensen, Universitetslektor

Øydis Floden, Universitetslektor

Gro Røkholt, Førstelektor

Inger Helen Sekse Hilleren, Universitetslektor

Powered by Labrador CMS