Utdanningspolitikk og skilleliner
I ein serie på fire kronikkar i Khrono skriv seniorforskarane Per Østerud, Sigmund Sunnanå og Åsulv Frøysnes om utfordringane for den nye lærarutdanninga med eit historisk bakteppe. Fjerde og siste: Utdanningspolitikk og skilleliner.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Skolen har over tid stått sentralt i politisk arbeid i alle parti. Kvart parti har hatt talsmenn og -kvinner i skolespørsmål. Det politiske arbeidet har tradisjonelt vore knytt til sentrale og prinsipielle spørsmål som kjem opp i samband med lovframlegg og stortingsmeldingar. Ein kan sjå langsiktige utviklingstrekk og prioriteringar i skolen som resultat av at det i lang tid har vore politisk semje om sentrale utviklingstrekk i skolepolitikken. Einskapsskolen har i lang tid vore ei felles politisk referanseramme. I seinare år er kunnskapsskolen blitt omgrepet som alle ser ut til å slutte seg til. Innanfor slike omgrep er det likevel råd for tolking og gjere tiltak med klar politisk vinkling.
I 1970-åra var dei politikarane som målbar skolepolitikken i ulike parti, klart meir markerte i Stortinget og i Kyrkje- og undervisningskomiteen enn det ein har sett i seinare år. Tidlegare var det fleire som hadde slike posisjonar over lengre tid, og som då med solid kunnskapsgrunnlag kunne markere seg i skolepolitikken.
Når det går mot valkampar og behov for politiske markeringar, kan ein vere viss på at tilhøve i skolen blir tekne opp av mange og følgjeleg med krav om at ansvarlege politikarar må rette på dei. Det er påtakeleg kor lett merksemda då rettar seg mot læraren og raske tiltak for betring av lærarutdanninga. Like lett ser det ut til å vere å foreslå tiltak som verkar tilforlatelege og lett forståelege blant folk flest. Ein kan sakne djupare kunnskap om skolespørsmål og spesielt om lærarutdanning. Det er fleire tilfelle der politikarane har vist handlekraft utan at dei søkte etter fagkunnskap eller i turvande grad har fått utgreidd og vurdert konsekvensane av tiltak som er sette i verk. At reformer i lærarutdanninga først kan få verknader i skolen 20 år eller meir etter at nye lærarar er utdanna, er lite i fokus.
Endringar i fag, innhald og opptaksreglar i lærarutdanninga treng ikkje å få økonomiske konsekvensar på statsbudsjettet med det same. Dette kan vere ein grunn til at det er lett og freistande å satse på slike tiltak. Reformer i skoleverket fører derimot som oftast med seg store ekstra kostnader, særleg til fleire lærartimar/-stillingar. Det gjer det vanskeleg å kome med framlegg om tiltak her.
[[{"fid":"4269","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"alt":"Foto: Skjalg Bøhmer Vold","title":"Per Østerud","height":"444","width":"620","class":"media-element file-default"}}]]
Per Østerud, er i dag aktiv ved Kompetansesenteret for seniorar ved HiOA. Han har tidlegare m.a. vore leiar for Forsøksrådet for skoleverket og rektor ved Sagene
lærarhøgskole.
[[{"fid":"2961","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"height":"414","width":"620","class":"media-element file-default"}}]]
Åsulv Frøysnes har vore høgskoledirektør ved HiO. Før dette arbeidde han mange år med høgre utdanning i det som nå er Kunnskaps-departementet.
[[{"fid":"11350","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"height":"314","width":"447","class":"media-element file-default"}}]]
Sigmund Sunnanå har vore skoledirektør og utdanningsdirektør i Rogaland og har tidlegare m.a. vore leiar for Lærarutdanningsrådet og rektor ved Stavanger lærarhøgskole.
Les og: Vil ha ny skoledebatt med helt fersk bok
Dei tre forfattarane har i mai 2015 gitt ut boka: «Norsk lærarutdanning i etterkrigstida. Ei utvikling i spenning mellom tradisjon og fornying.»
Boka er ei samling av forteljingar om forfattarane sine røynsler i arbeid med lærarutdanning gjennom fleire ti-år. Men den går også nærare inn på ulike sider ved dagens grunnskole-lærarutdanning og planane for framtidige opplegg.
Forfattarane vil i løpet av januar 2016 kome med ein del innlegg til debatt i Khrono og vonar at dette kan bidra til å auke kunnskapen om grunnskolen og lærarutdanning for grunnskolen i det ein søkjer å sette ljos på den historiske utviklinga sett i samanheng med utfordringar i dei komande åra.
Dei fire kronikkane:
19. januar: Lærarbehov og utdannings-kapasitet
23. januar: Den utskjelte allmennlæraren
26. januar: Lærerutdanning i endring og vekst inn i et nytt årtusen
1. februar: Utdanningspolitikk og skilleliner
Læraren sin sentrale posisjon i skolen har naturleg ført med seg interesse for lærarutdanninga, spesielt lærarutdanninga for grunnskolen. Sjølv om grunnskolen har mange faglærar i praktiske og estetiske fag og adjunktar og lektorar med fagutdanning frå universitet og høgskolar med praktisk-pedagogisk utdanning, har den politiske interessa vore knytt til lærarutdanninga for grunnskolen slik den blei etablert med ny lov om lærarutdanning av 1973.
I samband med innføring av 9-årig obligatorisk skole på 1960-talet gjekk universiteta og Norsk lektorlag inn for eigne utdanningar for barnesteget og ungdomssteget. Lærarskolane skulle utdanne for barnesteget og universiteta for ungdomssteget. Lærarskolane, Norsk lærarskolelag og Norsk lærarlag gjekk imot dette synet. Stortinget vedtok at lærarar til den 9-årige skolen kunne ha utdanning anten frå lærarskole eller universitet. Lærarutdanninga ved lærarskolane skulle gi generell kompetanse for heile grunnskolen, men studentane skulle undervegs i studiet ha høve til differensiering retta mot undervisning på ulike steg. Dette prinsippet blei ståande til og med Bondevik II-regjeringa si reform i 2006. Etter framlegg frå Stoltenberg-regjeringa gjorde Stortinget i 2010 vedtak om å ha spesielle utdanningar for barnesteget og ungdomssteget.
I den offentlege og politiske debatten har det dei siste åra vore fokus på å styrke sentrale skolefag - som i praksis er teorifag i grunnskolelærarutdanninga. Det har hatt som konsekvens at dei praktiske og estetiske faga er blitt sterkt svekka i grunnskolelærarutdanninga og som fagtilbod ved høgskolane.
Det er med undring vi har observert at tilhøve som det i 1960- og 70-åra var knytt store faglege og politiske spenningar til, ser det ut til å ha blitt allmenn politisk semje om. Det ser ikkje lenger ut til å vere noko skilje i utdanningspolitikken mellom partia i posisjon og opposisjon. Karakterkrav for opptak til ei bestemt utdanning har vore eit prinsipielt brot med retningsliner om minimumskrav for opptak/immatrikulering som grunnlag for den enkelte til å prøve å ta ei høgre utdanning. Den sterke vektlegginga av teorifag i lærarutdanning og skole er eit brot med tradisjonen om stor breidde i kunnskapsgrunnlag og støtte til utvikling av personlegdom og identitet.
I boka vår har vi gått nærare inn på nokre konkrete område som spesielt gjeld grunnskolelærarutdanninga. Det ser ut til å bli slik at ulike tiltak i denne utdanninga, med karakterkrav for opptak, todelt utdanning og lengre utdanningstid, vil ha som konsekvens at det blir langt færre lærarar som utdannar seg for det som tidlegare var kalla einskapsskolen, der lærarane skulle ha eit visst kjennskap til heile grunnskolen. Samtidig med dette er det innført nye reglar med utdanningskrav for å undervise i sentrale fag både på barnesteget og ungdomssteget i grunnskolen. Konsekvensane av desse krava vil snart vise seg. Det er god grunn til å sjå med uro på den vidare utviklinga av rekrutteringa til læraryrket og utviklinga i grunnskolen.
Dei fire kronikkane:
- 19. januar: Lærarbehov og utdanningskapasitet
- 23. januar: Den utskjelte allmennlæraren
- 26. januar: Lærerutdanning i endring og vekst inn i et nytt år-tusen
- 30. januar: Utdanningspolitikk og skilleliner
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!