Lærarbehov og utdanningskapasitet

I ein serie på fire kronikkar i Khrono skriv seniorforskarane Per Østerud, Sigmund Sunnanå og Åsulv Frøysnes om utfordringane for den nye lærerutdanninga med eit historisk bakteppe. Først ut: Lærarbehov og utdanningskapasitet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Grunnskolen er ein stor arbeidsplass med kring 2900 skolar og 625.000 elevar. Det er meir enn dobbelt så mange elevar på barnesteget (1-7) som på ungdomssteget (8-10). Kring 900 grunnskolar har færre enn 100 elevar.

I skoleåret 2013-14 var det 57.600 lærarårsverk i grunnskolen, av desse var kring 37.000 dekt av 52.000 personar med allmennlærararutdanning. (Dei har i gjennomsnitt 71%-stilling.) Resten av lærarårsverka var dekt av førskolelærarar, faglærarar og adjunktar og lektorar med fagutdanning frå universitet og høgskolar og praktisk-pedagogisk utdanning. Desse underviste på ungdomssteget og i enkelte fag på barnesteget. Førskolelærarane underviste på barnesteget.

I dag er over halvparten av dei 52.000 allmennlærarane i grunnskolen passert 50 år og dei går i gjennomsnitt av ved 63 års alder. Opp mot 2000 allmennlærarar vil årleg gå av med pensjon dei næraste 10-15 åra. Det representerer opp mot 1 400 årsverk årleg, for ein stor del på barnesteget.

[[{"fid":"4269","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"alt":"Foto: Skjalg Bøhmer Vold","title":"Per Østerud","height":"444","width":"620","class":"media-element file-default"}}]]

Per Østerud, er i dag aktiv ved Kompetansesenteret for seniorar ved HiOA. Han har tidlegare m.a. vore leiar for Forsøksrådet for skoleverket og rektor ved Sagene
lærarhøgskole.

[[{"fid":"2961","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"height":"414","width":"620","class":"media-element file-default"}}]]

Åsulv Frøysnes har vore høgskoledirektør ved HiO. Før dette arbeidde han mange år med høgre utdanning i det som nå er Kunnskaps-departementet.

[[{"fid":"11350","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"height":"314","width":"447","class":"media-element file-default"}}]]

Sigmund Sunnanå har vore skoledirektør og utdanningsdirektør i Rogaland og har tidlegare m.a. vore leiar for Lærarutdanningsrådet og rektor ved Stavanger lærarhøgskole.

Les og: Vil ha ny skoledebatt med helt fersk bok

Dei tre forfattarane har i mai 2015 gitt ut boka: «Norsk lærarutdanning i etterkrigstida. Ei utvikling i spenning mellom tradisjon og fornying.»

Boka er ei samling av forteljingar om forfattarane sine røynsler i arbeid med lærarutdanning gjennom fleire ti-år. Men den går også nærare inn på ulike sider ved dagens grunnskole-lærarutdanning og planane for framtidige opplegg.

Forfattarane vil i løpet av januar 2016 kome med ein del innlegg til debatt i Khrono og vonar at dette kan bidra til å auke kunnskapen om grunnskolen og lærarutdanning for grunnskolen i det ein søkjer å sette ljos på den historiske utviklinga sett i samanheng med utfordringar i dei komande åra.

Dei fire kronikkane:

19. januar: Lærarbehov og utdannings-kapasitet
23. januar: Den utskjelte allmennlæraren
26. januar: Lærerutdanning i endring og vekst inn i et nytt årtusen
1. februar: Utdanningspolitikk og skilleliner

Kostnaden per elev i grunnskolen var i 2013 kr. 102.000 i gjennomsnitt. Kostnadene ligg godt over gjennomsnittet i OECD-landa og nabolanda i Norden. Fleire lærarar per elev og færre undervisningstimar per lærar er hovudgrunnen til dei høgare kostnadene her i landet.

Det har i lang tid vore interesse for å følgje med og søke å tilpasse utdanningskapasiteten i lærarutdanninga i forhold til behovet for lærarar i grunnskolen. Det har vore rimeleg greitt å lage prognosar ut frå bestemte og alternative føresetnader, men det har ofte vist seg at føresetnadene endrar seg i løpet av kort tid. Endringane i føresetnader fører som oftast med seg auka behov for lærarar. Seinaste bidrag er styrking av barnesteget.

Den politiske interessa for grunnskolen og verksemda der fører med seg at det er tilsvarande interesse for lærarutdanninga. For å følgje med utviklinga i behovet for lærarar blir det laga rapportar i Utdanningsdirektoratet. Statistisk sentralbyrå har utarbeidd ein modell, LÆRARMOD, for å følgje utviklinga.

Som det går fram av skolebladet Utdanning nr. 17/2015, er det slik at ein kan endre på føresetnadene og få endringar i prognosane. Systemet med prognosar kan vere vel og bra, men endringar kan lett få sterkare fokus enn dei fortener, særleg når det er fokus på situasjonen 20 år fram i tid. Eit fokus 5 – 10 år fram i tida burde vore meir aktuelt. Det er  ikkje lett å skaffe seg grundig innsyn i prognosane og resultata. Dei fleste vil nøye seg med dei sluttvurderingane som blir gjort og stole på dei.

Det kan også vere tenleg med ei enklare vurdering der ein søkjer å følgje opp faktiske tal, og så prøve å vurdere behovet for å rekruttere nye lærarar dei næraste 5-10 åra.

Med dagens utdanningskapasitet blir det utdanna om lag 2000 grunnskolelærarar årleg, om lag halvparten av desse for 1.-7. årssteg. Ein kan rekne med at om lag 75% tar arbeid i grunnskolen. Tilgangen av lærarar til barnesteget vil bli ca. 750 årleg. Den 4-årige grunnskolelærarutdanninga for 5.-10. årssteg vil ha om lag tilsvarande kapasitet. For ungdomssteget vil det også vere tilgang på faglærarar og lærarar med ulik fagbakgrunn og praktisk-pedagogisk utdanning.

Kravet om 30 studiepoeng i norsk, matematikk og engelsk for å undervise på barnesteget vil vere problematisk, særleg kravet om engelsk som mange ikkje har teke i grunnutdanninga si. 30 studiepoeng i matematikk i allmennlærarutdanninga for alle blei innført på 1990-talet etter at utdanninga var utvida til fire år. Mange lærarar som er utdanna før denne tid har ikkje formell utdanning med dette omfanget.

Les og: 

Vi vil tru at den store avgangen av lærarar dei næraste åra vil føre til problem med rekrutteringa av grunnskolelærarar med kvalifikasjonar for å arbeide på barnesteget. Styrkingstiltak på barnesteget vil på landsbasis for ein ekstra undervisningstime krevje minst 800 nye årsverk. For dei høgare årsstega vil det vere ei breiare rekruttering. Dette kan lett føre til ein situasjon der ein på barnesteget i større grad vil måtte tilsette faglærarar i enkelte fag. Vi trur ikkje det vil vere tenleg å redusere klasselærarordninga på dette nivået.

Med dei nye krava til utdanning med omfang på 60 og 30 studiepoeng i fag for å undervise i fag på ungdomssteget, kan det bli ein konsekvens at lærarar som ikkje har slik fordjuping, vel å gå frå ungdomssteget til barnesteget i staden for å ta tilleggsutdanning. Om dei vil søke seg til andre skolar, må dei eventuelt søke seg til barnesteget sjølv med mange års erfaring med arbeid på ungdomssteget.

Opplegget for ei 5-årig grunnskolelærarutdanning og fagkrava for å undervise i ein del sentrale fag vil vere styrkingstiltak i lærarutdanninga og på lang sikt for grunnskolen. Vi er likevel sterkt i tvil om konsekvensane av ei obligatorisk 5-årig utdanning på masternivå og absolutte fagkrav for å undervise i ein del fag vil vere tenlege for grunnskolen. Med ei 5-årig utdanning må ein rekne med at det blir redusert utdanningskapasitet.

Vi har i Norge ein desentralisert skolestruktur med mange små skolar og lærarmiljø, der ein kan ha problem med å rekruttere dei lærarane ein ønskjer, og der ein skal sette saman eit lærarkollegium som dekker ein timeplan som er fastlagd i ein nasjonal læreplan. Det er tvilsamt om det gir god rekruttering til skolen om ein har ein situasjon der mange vel røynde lærarar formelt ikkje er kvalifiserte for undervisning.

Dei fire kronikkane:

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS