styremøte
No kan norske samandrag verta lovbestemt
Universitetet i Bergen skal mellom anna gjera ei endring i ph.d.-forskrifta når dei samlast til årets første styremøte. Sjå møtet direkte her.
Tysdag kveld kom beskjeden om delvis gjenopning av Noreg. Men sidan Universitetet i Bergen (UiB) har årets første styremøte allereie dagen etter, var det i god tid på førehand varsla at dette vert eit digitalt møte.
Møtestart er klokka 10, og du ser møtet direkte her.
Vil ha Greve som ny styreleiar
I tillegg til å diskutera fleire årsmeldingar, mellom anna frå den sentrale klagenemnda, som du kan lesa meir om her, vert styret informerte om UiB sitt pandemiarbeid. Styret skal òg diskutera arbeid med ny strategi og tilsetja ny styrereleiar og eit nytt styremedlem til Sars-senteret. Her er forslaget at viserektor Gottfried Greve går inn som leiar og at professor Øyvind Fiksen vert nytt styremedlem. I tillegg sit allereie Inge Jonassen og Plamena Markova i styret.
Norsk i avhandlingar
Styret skal òg diskutera språk i doktoravhandlingar. Som Khrono skreiv før jul, heiter det i UiB sine språkpolitiske retningslinjer at alle doktoravhandlingar skal ha eit samandrag på både norsk og engelsk. Men UiB sitt språkpolitiske utval har funne ut at berre fem prosent av dei avhandlingane som er skrivne på engelsk har eit samandrag på norsk.
— Me ser at desse retningslinjene ikkje vert praktiserte. Attendemeldingane frå institutta er at dette må inn i ph.d.-reglementet for å verta følgt, sa Endre Brunstad, som leiar det språkpolitiske utvalet.
Det er dette som no skal skje, styret er bedne om å legga inn ein ny regel i ph.d.-forskrifta.
Her er heile sakslista
S 1/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 2/22 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 25.11.2021
S 3/22 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 4/22 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemien (COVID-19)
S 5/22 Økonomirapport 2021
S 6/22 Årsrapport for Universitetet i Bergen 2021 – Utkast til styrets beretning
S 7/22 Tildelingsbrev for 2022 fra Kunnskapsdepartementet
S 8/22 Ny strategi for Universitetet i Bergen 2023 – 2030
S 9/22 Årsplan for internrevisjon 2022
S 10/22 Forslag til ny regel i ph.d.-forskriften om norsk sammendrag av doktorgradsavhandling
S 11/22 Forlenging av mellombels forskrift V2022 – koronaforskrift
S 12/22 Studieportefølje 2022 - Nedlegging av studieprogram
S 13/22 Redelighetsutvalgets årsmelding 2021 og justering av retningslinjene for sammensetningen av utvalget
S 14/22 Årsmelding for 2021 - Den sentrale klagenemnd
S 15/22 Sars-senteret - oppnevning av ny leder og et nytt styremedlem