Debatt ● Jenny Klinge

Når forskinga svekker tilliten til seg sjølv

Vi bør ikkje ha tillit til forsking som gir svar på noko som den ikkje har føresetnader for å svara på, skriv Jenny Klinge i Senterpartiet i sitt svar til Helene Ingierd.

Jenny Klinge i Senterpartiet svarar på påstandane frå Helene Ingierd i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Helene Ingierd, som er direktør ved Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, kritiserer meg og andre politikarar i innlegget Tilliten til forskning er under press. Ho påstår at vi diskrediterer «råd basert på vitenskaplige prosesser». Eg kan ikkje svara for dei andre politikarane, men sjølv har eg problematisert prosessen bak dei komande nye nordiske kosthaldsråda. Og eg står ved det.

Dei komande nordiske kosthaldsråda skal danne grunnlag for nasjonale kosthaldsråd. Når desse no ikkje lenger skal handle berre om helse, men også om klima og berekraft, har det dessverre mangla eit godt nok fagleg grunnlag i arbeidsgruppene som skal gi råd om nettopp berekraftig matproduksjon i eit nordisk og norsk klima. Norske forskarar som sjølv har vore involverte i arbeidet, og som har relevant kunnskap om berekraftig matproduksjon her til lands, har talande nok trekt seg frå arbeidet med desse kosthaldsråda. Årsaka dei oppgir er at arbeidet er for fagleg svakt.

Ingierd skriv: «Jenny Klinge har uttalt at arbeidsgruppen ikke består av eksperter på bærekraftig matproduksjon i Norge. Slike uttalelser bygger ikke opp om troverdigheten til denne forskningen, men er tvert imot med på å bagatellisere den.» Vel, forskinga klarer vel utmerka godt å bagatellisere seg sjølv viss ikkje relevant kunnskap er med i arbeidet.

Sjølvsagt er det eit mål å oppretthalde høg tillit til forskinga. Men forsking som gir svar med potensielt dramatisk effekt på noko som den ikkje har føresetnader for å svara på, bør vi ikkje ha tillit til.

Kvifor er dette viktig? Dei komande kosthaldsråda vil kunne påverke matinntaket til nordmenn mykje i åra som kjem. Kva vi et har også konsekvensar for kva matproduksjon vi kan oppretthalde, noko som igjen heng saman med kor stor sjølvberging vi har i krisetider der importen stoppar opp.

Attgroing i det norske kulturlandskapet senkar sjølvbergingsgraden, samtidig som mindre beiting truar mange raudlisteartar og det biologiske mangfaldet i naturen vår. Skal vi tenkje berekraft saman med kosthald, må det vera grundig forsking som ligg bak. Det må ikkje minst vera forsking som seier noko relevant om matproduksjon i eit kaldt klima som i Norge.

Eg protesterer når komande kosthaldsråd ser ut til å skulle be nordmenn eta større og større mengder importert mat. Samfunnet vårt er ikkje berekraftig om vi utraderer grunnleggande viktig matproduksjon her til lands.

Jenny Klinge

Sidan det er både bratt, vått og kaldt i landet vårt, kan ein undre seg på kvifor det bur såpass mykje folk her når det er så vanskeleg å produsere mat. Vi er nemleg i høg grad eit grasland, og menneske kan ikkje eta gras.

Berre tre prosent av arealet vårt er dyrkbar mark. 2/3 av dette igjen er berre eigna til matproduksjon ved hjelp av drøvtyggarane ku, sau og geit. Dei omdannar graset på mirakuløst vis til proteinrikt kjøtt og mjølk som vi menneske kan overleva på. Saman med fisken har dette grasbaserte husdyrhaldet gjort det mogleg for oss å bli ein nasjon av store, sterke og lengelevande nordmenn.

Eg protesterer når komande kosthaldsråd ser ut til å skulle be nordmenn eta større og større mengder importert mat. Samfunnet vårt er ikkje berekraftig om vi utraderer grunnleggande viktig matproduksjon her til lands. No er særleg raudt kjøtt og delvis mjølk skyteskiva, men det er altså dette kosthaldet som vi har hatt i generasjonar og som vi kjem til å vera avhengige av i generasjonar framover òg.

Det blir framstilt som om vi et så mykje meir raudt kjøtt frå drøvtyggarane enn før. Sanninga er at det er særleg kylling og delvis svin som er årsaka til den store auken i kjøttinntak. Dei beitar ikkje i utmark og held ikkje kulturlandskapet ope.

Eg snakkar ikkje ned verken svin eller kylling. Skal nordmenn først eta dette, er det veldig bra at det er norskprodusert. Men det husdyrhaldet eg verkeleg er opptatt av, er drøvtyggarane. Desse har ikkje skapt klimakrisa og løysinga er heller ikkje å slakte dei ned for alltid. Akkurat det bør forskarar som skal gi råd om kosthald til nordmenn forstå. Utan dette er dei med på å svekke tilliten til seg sjølve heilt utan mi hjelp. Og det er dessverre det som har skjedd i prosessen fram mot dei nye nordiske kosthaldsråda

Eg er ikkje kritisk utan grunn. Eg støttar meg til norsk forsking av høg kvalitet hos til dømes NIBIO og NMBU. Eg lurer på om Ingierd meiner at forskarar frå NIBIO tek feil når dei trekkjer seg frå eit arbeid dei meiner er for fagleg svakt? Tykkjer ho at dei bidreg til å svekke tilliten til forskinga ved å vera så tydelege? Eg meiner tvert imot at slikt bidreg til å styrke tilliten til forskarar, når dei reagerer på konklusjonar som ikkje er vitenskapeleg gode nok.

Powered by Labrador CMS