Mangfald

— Når eg brukar ordet rasisme, blir det dårleg stemning. Det er nesten ikkje plass til å snakke om det

Langt igjen til mangfald blir tatt på alvor i akademia, meiner førsteamanuensis Ronald Mayora Synnes.

— Å snakke om diskriminering, etnisitet og kjønn er akseptert, og det blir gjort mykje bra. Men rasisme som begrep er nesten borte. Det verkar som det er vanskeleg å godta sjølve ordet rasisme, seier førsteamanuensis og sosiolog ved Universitetet i Agder, Ronald Mayora Synnes.
Publisert Oppdatert

— Eg opplever jo at folk blir overraska når det kjem ein «mørkemann» og skal undervise i norsk migrasjonshistorie.

Førsteamanuensis og sosiolog ved Universitetet i Agder (UiA), Ronald Mayora Synnes, er langt frå ukjent med situasjonar der hudfargen hans skuggar for både fag og person.

I eit intervju i Khrono nyleg hevda forskar ved HL-senteret, Mona Abdel-Fadil at mange på universitet, høgskular og institutt har eit sjølvbilde som slett ikkje stemmer med realitetane:

— Det som skil denne sektoren frå andre, er ein sjølvforståing om at «her har vi ikkje noko problem med rasisme og diskriminering fordi vi er så reflekterte, høgt utdanna og har ein plan for likestillingsarbeidet», hevda Abdel-Fadil.

Synnes kunne ikkje ha vore meir einig.

— Eg kjenner meg veldig igjen i dette. Eg opplever at akademia generelt oppfattar seg som så progressive at det ikkje er nødvendig å snakke om, seier han.

Det er nettopp det er, meiner Synnes, eit sterkt behov for å snakke om det. Han trur, som Abdel-Fadil, ikkje at det er meir rasisme i akademia enn andre stader i samfunnet — men heller ikkje mindre.

Men der kjønn og diskriminering skaper engasjement, blir det ofte ubehageleg stille i rommet når rasisme blir tatt opp.

— Taust i rommet

— Når eg brukar ordet rasisme blir det dårleg stemning. Det blir taust i rommet med ein gong du peiker på tematikken. Det er nesten ikkje plass til å snakke om rasisme i akademia. Å snakke om diskriminering, etnisitet og kjønn er akseptert, og det blir gjort mykje bra. Men rasisme som omgrep er nesten borte. Det verkar som det er vanskeleg å godta sjølve ordet rasisme, seier Synnes.

Synnes har sete i fleire styre og utval i sektoren. Han har vore medlem av UiA-styret. For tida er han med i Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen).

I begge forsamlingane er Synnes' erfaring at det ikkje blir snakka om rasisme. Kif-komiteen har som oppgåve å «bidra til kjønnsbalanse og mangfold ved universiteter, høgskoler og forskningsinstitutter», ifølgje nettsidene. I mandatet er omgrepet rasisme ikkje brukt.

— Eg opplever aldri at andre tar opp temaet. I UiA-styret og i andre verv eg har hatt er det alltid eg som har tatt det opp. Ein må liksom stå på heile tida, og eg endar fort som ein irriterande «tante Sofie». For meg kostar det å alltid måtte ta den rolla, samstundes som det er veldig tydeleg at ein ikkje er happy med det.

— Mangfald er inkludert

Leiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), Sunniva Whittaker, seier ho ikkje kjenner seg igjen i bildet Synnes teiknar opp. UHR er interesseorganisasjon for sektoren.

— Dei fleste institusjonar har likestillingsplanar, og for dei fleste er mangfald inkludert. Men det er klart, vi kan alle bli betre, seier ho.

Whittaker er også rektor ved UiA og har leia styret Synnes sat i.

— Det har ikkje vore nokon saker i universitetsstyret der rasisme har vore ei aktuell problemstilling. Vi arbeider systematisk på dette området, seier ho.

Rektoren viser til at UiA har eit senter for likestilling som to gonger i året arrangerer mangfaldsveke og likestillingskonferanse.

— Rasisme var einaste tema på siste konferanse.

Til opplæringa hentar UiA ifølgje Whittaker eksterne bidragsytarar med særskilt kompetanse i mangfaldsleiing.

Leiar av Universitets- og høgskolerådet og rektor ved Universitetet i Agder, Sunniva Whittaker.

— Mangfaldsleiing er del av leiaropplæringa vår, og etnisk mangfald var tema på førre leiarsamling.

Synnes er derimot ikkje imponert, og peikar på manglande resultat av arbeidet.

— Det er berre å sjå på kven som sit i leiinga. Der er det heilt, heilt kvitt. Eg kan ikkje sjå at mangfaldsarbeidet har gitt noko resultat på det planet så langt, seier han.

Rektorat, dekanar og direktørens leiargruppe tel samla 25 personar, alle kvite og nordiske. Det same gjeld styret, med eitt unntak.

Til dette seier Whittaker at ho gjerne skulle hatt fleire med ikkje-nordisk bakgrunn i leiargruppa, men at det finst fleire barrierar.

— Å bli leiar på eit universitet, krev ei viss fartstid som vitskapeleg tilsett på lågare nivå, for eksempel som studieprogramleiar eller instituttleiar. Dette avgrensar dessverre rekrutteringsgrunnlaget. Vidare kan det vere språklege utfordringar. Leiarstillingar handlar mykje om kommunikasjon både skriftleg og munnleg, seier Whittaker.

— Rasisme for enkel forklaring

Siddharth Sareen er frå India, og han har arbeidd i heile fem vestlege land, i tillegg til fødelandet og Noreg, der han har arbeidd sidan 2017.

— Eg trur absolutt toppleiinga kan vere meir proaktiv i arbeidet med mangfald, i å skape eit breiare akademia. Vi er i eit land som framleis er relativt homogent, og dette speglar seg også i akademia til ein viss grad. Men at dette har samanheng med rasisme, trur eg er ei for enkel forklaring, seier Sareen, som arbeider ved Institutt for media og samfunnsvitskap.

Sareen seier han aldri har følt på rasisme i akademia, verken i Noreg eller dei andre landa han har arbeidd i. Han har vore i USA, Storbritannia, Italia, Tyskland og Danmark. Tvert imot vil han peike på positive opplevingar som fleirkulturell i Noreg.

— Akademia er ein arena der samhandling mellom ulike kulturar kan utforskast og forbetrast, seier Siddharth Sareen.

— Eg opplever at mange i Noreg har hatt høve til å bruke tid til å vere i andre land. Eg synest folk er ganske bevisste og opne for mangfald og ulike ståstader. Samstundes har internasjonaliseringa i akademia her utvikla seg veldig raskt, og dette kan skape spenningar og misforståingar mellom folk og grupper. Men eg trur ikkje dette nødvendigvis handlar om etnisitet eller rasisme. Eg trur heller vi kan snakke om ulike kulturar. Det er ein viktig forskjell. Det handlar om å bygge opp tverrkulturell kompetanse blant akademikarar, som jobbar i institusjonar der det er viktig å samarbeide og utnytte mangfaldet som finst i norsk akademia.

Sareen understrekar at han ikkje underkjenner at andre kan oppleve rasisme og ha andre erfaringar i norsk akademia enn han sjølv har.

Han legg vekt på at Noreg som eit lite land har stort behov for å skape eit klima for mangfald – rett og slett for å kunne rekruttere heilt nødvendig arbeidskraft.

— Du treng talent frå øvste hylle for å skape dei beste forskingsmiljøa, og då må du rekruttere breitt frå ulike stader verda. Dei som har jobba i dette akademiske systemet i lang tid, må vere opne for å rekruttere talent frå ulike bakgrunnar på ein open og konkurransedyktig måte.

På eitt punkt er han heilt på linje med Synnes:

— Akademia er ein arena der samhandling mellom ulike kulturar kan utforskast og forbetrast. Dette er ikkje noko som nødvendigvis skjer av seg sjølv ute i samfunnet, seier Sareen.

Ingen skammekrok

Ronald Mayora Synnes trur berøringsangsten med rasisme han opplever i akademia har med skam å gjere.

— I Noreg vil mange kople det til 2. verdskrig og nazisme, for eksempel. Mykje skam blir lagt inn i rasismeomgrepet, seier han.

Men denne diskusjonen handlar ikkje om at nokon skal skamme seg, meiner han.

— Rasisme handlar om mange, og delvis usynlege, mekanismar som gjer at menneske med mørk hud blir ekskluderte frå ulike felt.

Ifølgje sosiologen er det derfor fullt mogleg at også han sjølv kan bere på rasistiske idear, utan at dette gjer han til eit dårleg menneske.

— Eg kan sjølv bidra til å forsterke rasistiske idear utan å vere klar over det, eg står ikkje over dette. Det viktige er at vi tar det opp, undersøker og diskuterer det, og sørger for at det ikkje pregar og øydelegg for folks liv, verken i akademia eller andre stader. Rasisme er komplisert. Skitkasting med utgangspunktet rasist vs. ikkje rasist er eg ikkje interessert i.

Men at rasisme i vid forstand er eit problem, også i akademia, er Synnes altså ikkje i tvil om.

— I akademia er dette meir samansett, fordi vi har ein posisjon og nokre privilegium i kraft av stillingane våre. Men ute på gata er vi alle svarte. Eg har sjølv blitt stoppa av politiet i Markedsgata i Kristiansand utan annan grunn enn at eg er mørk i huda. Det håper eg døtrene mine skal sleppe. På universiteta har vi eit særskilt ansvar for å løfte dette på vegne av samfunnet.

Powered by Labrador CMS