Debatt siri Storheim

Menn dominerer semesterplanen

På Noregs musikkhøgskole er det sannsynleg å gå ein heil grad utan å sjå ei kvinne eller ein person med minoritetsbakgrunn på dirigentpodiet.

Noko så enkelt som å inkludere kvinnelege komponistar og dirigentar, burde ikkje vere eit tema i 2022, skriv Siri Storheim.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Som (nesten) ferdig masterstudent på Noregs musikkhøgskole (NMH) vandrar eg framleis i gangane. I haust tok eg ein titt på semesterplanen for Musikkhøgskulens symfoniorkester. Der kunne eg sjå at programmet for hausten 2022 består utelukkande av mannlege komponistar og dirigentar. Eg skulle gjerne sagt at eg vart overraska, men dette har vore norma så lenge eg har studert ved NMH.

Motivasjonen for å skrive dette er altså ikkje at eg er overraska eller sjokkert, men at eg er utruleg lei.

I løpet av seks år på Noregs musikkhøgskole, har eg jobba med éin kvinneleg dirigent éin gong i regi av skulen (med unntak av dirigentstudentar). Gjennom tallause prosjekt med symfoniorkesteret kan eg heller ikkje hugse å ha spelt eit einaste verk av ein kvinneleg komponist eller ein komponist med minoritetsbakgrunn.

Som student på det klassiske programmet, er orkester ein sentral del av utdanninga. Det er det største og kanskje mest synlege ensemblet på høgskulen.

Ok, så var det kanskje eitt stykke av Kaija Saariaho på det eine prosjektet i 2016 som eg ikkje var med på, men poenget er at musikkhøgskulen ikkje har tatt mangfald, likestilling og inkludering på alvor så lenge eg har gått der. Symfoniorkesteret er kanskje det tydlegaste døme på det.

Den førre styreperioden bestod orkesterkomiteen, som vel både repertoar og dirigentar til symfoniorkesteret, av kun menn. I dag består den av sju menn og ei kvinne. At det ikkje finst mekanismar som sørger for at viktige råd og utval på ein statleg høgskule i det minste har begge kjønn representert, seier noko om kor djupt dette stikker.

Våren 2022 var eg på utveksling i Los Angeles i USA. Der har EDI — equality, diversity and inclusiveness — ei mykje større rolle, og verkar å ha ein plass i det meste som skjer på universitetet.

I orkesteret på universitetet mitt verka det utenkeleg å sette opp eit konsertprogram med berre kvite, mannlege komponistar og dirigentar. I løpet av åtte måneder i USA spelte eg under fleire ikkje-mannlege og ikkje-kvite dirigentar enn eg har gjort heile livet i Noreg.

EDI-arbeidet i USA kunne innimellom oppfattast som i overkant politisk korrekt, men det har likevel ein effekt. Forventninga om mangfald blir internalisert, og studentane tek med seg den forventninga ut i yrkeslivet.

Ikkje minst var det tydeleg at dei tilsette på universitetet i Los Angeles i stor grad visste kva som var forventa av dei på EDI-fronten. Eg opplevde fleire gonger at professorar tok seg sjølv i å sei noko som var litt ugreitt, og arresterte seg sjølv i augneblinken. Det viser at det handlar om bevisstgjering. Musikkhøgskulen burde også̊ ha eit ansvar for å bevisstgjere og kurse tilsette og studentar.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Når eg har tatt opp mangelen på mangfald med tilsette på NMH, har fleire gongar fått kjensla av ansvarsfråskrivning eller at dei rett og slett ikkje opplever dette som eit problem. Eg har også̊ fleire gongar høyrd argumentet om at det (sett på spissen) «diverre ikkje finst god musikk skrive av kvinner, og sånn er det berre».

Det stemmer at det er vanskeleg å finne historisk musikk skrive av kvinner, men kva med alle dei dyktige, moderne og nolevande kvinnelege komponistane? Er ikkje det ein god grunn til å spele meir ny musikk?

Når det gjeld dirigentar kan eg ikkje tru at det finst eit godt argument for å utelukkande engasjere menn. Ikkje minst lurar eg på kva slags bodskap dette sender til NMHs kvinnelege direksjonsstudentar.

Saman med Anna Rødevand og Sigrid Sand Angelsen har eg arrangert to utgåver av Musikkstudentkonferansen. På årets konferanse hadde vi eit stort panel med leiarane frå̊ dei største norske musikkutdanningane der mangfald, likestilling og inkludering var eit naturleg tema. Vi fekk til dømes høyre om tiltak for å rekruttere kvinner til jazzstudier og sikring av kjønnsbalanse i juryer.

Etter kvart var det ein panelist som innrømde at arbeidet med desse temaa ikkje er godt nok, og at tiltaka dei hadde gjort avgrensa seg til kjønn. Det syntest eg var både modig og forfriskande. I mine auge er vi avhengige av at institusjonane innrømmer og er ærlege med seg sjølv om kor langt, eventuelt kort, dei har kome. Det nyttar diverre ikkje å påstå at NMH er opptatt av mangfald og samtidig presentere eit slikt sesongprogram for symfoniorkesteret.

Likestillingskampen handlar sjølvsagt om mykje meir enn kjønn og kan vere kompleks og vanskeleg. Difor burde noko så enkelt som å inkludere kvinnelege komponistar og dirigentar ikkje vere eit tema i 2022.

Debattinnlegget vart først publisert i Kontekst.

Powered by Labrador CMS