Forsking frå NTNU viser at det å aktivt bruka begge målformer har ei rekke positive effektar på same måte som anna fleirspråklegheit, skriv Charlotte Sant.

Nynorsk er ikkje tvang

Målform. Nynorsk er ein rett, uavhengig av kor mange som har retten, skriv Charlotte Sant.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nynorsk er eit minoritetsspråk, og løysinga på å ha minoritetar i eit språkmangfald, er ikkje å fjerna dei. Det er viktig at me passar på at det offentlege, og då spesielt vidaregåande og universitet, gir eit rom kor nynorskbrukarar føler seg mottekne og ikkje til bry, slik som no er høvet.

For ja, nynorskbrukarar kan jo berre bruka bokmål, men då går ein vesentleg del av identiteten bort. Nynorsk er norsk. Bokmål er norsk. Dei må kunna sameksistera, og det er faktisk ikkje så mykje å kreva at 25 prosent går på eit likestilt skriftspråk.

Eg meiner det blir feilkonkluderande å seia at nynorsk er dømt til å døy ut.

Charlotte Sant

Arve Waage skriv 25. august i Khrono at mållova er udemokratisk og at ho «diskriminerer bokmål», med basis i at det for eksempel kun er 9,6 prosent av Noreg si befolkning som bruker nynorsk som hovudmål (at dette ikkje er eit vesentleg poeng kjem eg tilbake til). Men å skylda på nynorskkravet som grunn til at dette skjer, blir ei misforståing av dataen.

Språkforskar Øystein A. Vangsnes poengterer i boka «Språkleg toleranse i Noreg» at elevar bytter målform på vidaregåande av diverse grunnar, som at det blir lettare å få ein god norskkarakter. Men den viktigaste grunnen er fordi nynorsk blir sett på som ukult.

Men kvifor det? Når ein tek eit språkvitskapleg emne ved eit universitetet, høyrer ein raskt at ein skal vera deskriptivist og ikkje preskriptivist. Ein kan skildra språket og språksituasjonen slik dei er, ikkje slik dei bør vera. Det er ingenting objektivt som gjer nynorsk teitare eller vanskelegare enn bokmål.

Tvert imot ser me positive effektar av å ha begge målformer. Forsking frå NTNU viser at det å aktivt bruka begge målformer har ei rekke positive effektar på same måte som anna fleirspråklegheit, som auka kreativitet, språkleg bevisstheit og betre evne i matematikk. Trine Skei Grande uttrykker i Dagbladet 27. august at bokmål og nynorsk, saman med dialektene, er med på å oppretthalda eit rikt ordforråd og ei produktiv språkutvikling.

Synet på nynorsken er eit resultat av mange års påverknad frå tida kor me hadde riksmål og landsmål, og det blir naivt å tru at det kjem til å endra seg over natta. Men den nye mållova er eit steg i riktig retning og ei tydeleg verdsetting av språkmangfaldet me har i Noreg. Eg meiner det blir feilkonkluderande å seia at nynorsk er dømt til å døy ut.

Når Waage repeterer faktaen om at det «kun» er 9,6 prosent av Norge si befolkning som bruker nynorsk som hovudmål, viser dette ei misforståing av kva målet med ein rett er. Nynorsk skal reflekterast i offentleg teneste fordi nynorskbrukarar skal ha det, uavhengig av kor mange det er.

Eg tilrår Waage ikkje å bruka ord som diskriminering mot bokmål, i og med at mange av dei store universiteta ikkje eingong reflekterer dei få prosentane av nynorskbrukarar me har i landet. Nynorsk er ikkje tvang, men ein rett, uavhengig av kor mange som har retten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS