I all for lang tid har spørsmålet om nynorsk blitt behandla som eit spørsmål om tvang, skriv Karl Peder Mork, tidlegare leiar i Studentmållaget i Oslo. Foto: Anna Sofie Valvatne

Bokmålsforbundet bommar på målet

Nynorsk. Prosentdelen nynorsk eller bokmål i mållova har ingen samanheng med talet på nynorskbrukarar i samfunnet elles. Det er heller ikkje meininga, skriv tidlegare leiar i Studentmållaget i Oslo.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Arve Waage i Bokmålsforbundet kommenterer mållova i Khrono 9. august. Han meiner at lova er udemokratisk.

Ut frå argumenta Waage presenterer i innlegget sitt, verkar det som at han har misforstått ein sentral dimensjon ved språkstoda i det norske samfunnet og ved mållova i sin heilskap.

Mållova må reflektere det som må til for å gjera det lettare å vera nynorskbrukar enn det er i dag.

Karl Peder Mork

Waage meiner at mållova er udemokratisk fordi ho fastset eit minstekrav til nynorskdel ved statlege institusjonar (dei velkjente 25 prosent) som er høgare enn delen nynorskbrukarar i samfunnet elles. Han stør påstanden sin med eigenprodusert statistikk om studentars val av målform og statistikk frå Forsvaret.

Eg stiller meg undrande til valet av bakgrunnstal. I kva grad representerer dei som er inne til sesjon eller dei som studerer ved universiteta i Noreg eit tverrsnitt av befolkninga? Og i kva grad gir universiteta studentane sine informasjon om høvet til å registrere språk? Av erfaring veit eg at det er i forsvinnande låg grad. Dette er likevel ikkje hovudpoenget mitt. Poenget mitt er dette:

Prosentdelen nynorsk eller bokmål i mållova har ingen samanheng med talet på nynorskbrukarar i samfunnet elles. Det er heller ikkje meininga.

Hensikta med mållova er å sikre at statlege institusjonar bruker begge skriftspråka våre. At staten bruker meir bokmål enn nynorsk, er ikkje so overraskande, fordi bokmål er eit kvantitativt større språk enn nynorsk. Om 10 prosent, 8 prosent eller 3 prosent av folka i Noreg skriv nynorsk dagleg, er i denne samanhengen ikkje relevant – dei har alle uansett 100 prosent behov for og rett til å sjå språket sitt i bruk. Mållova sitt ambisiøse mål skal sørge for at nynorsken ikkje blir marginalisert som eitt av statens to offisielle skriftspråk.

Waage argumenterer som om statsorgan bruker urimeleg mykje nynorsk i dag. Dette er langt frå sanninga. Statistikk frå Språkrådet viser at statsorgan i snitt bruker godt under 25 prosent nynorsk på alle punkt dei blir målte på. Det same gjeld NRK.

I all for lang tid har spørsmålet om nynorsk blitt behandla som eit spørsmål om tvang. Rundt om kring på norske arbeidsplassar finst det flust av nynorskbrukarar, men mange av desse er «sovande». Kvifor bruker dei ikkje nynorsken sin? Eg meiner det handlar om at den generelle mangelen på synleg nynorsk i samfunnet, gjer det vanskelegare å bruke nynorsk utan å bli møtt med eit «Jøss, kvifor skriv du nynorsk?».

Mållova set eit høgt mål for alle statsorgan, på alle samfunnsområde. Det er fordi nynorskbrukarar ikkje er samla berre éin stad. Vi er over alt. Vi er berre i mindretal. Eit lovverk kan ikkje berre reflektere eit status quo. Mållova må reflektere det som må til for å gjera det lettare å vera nynorskbrukar enn det er i dag.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS