Så lenge Noreg har fleire skriftspråk, må me gjere det me kan for å oppretthalde dei, skriv BI-student Jonas Økland. Foto: SBIO

Universitet og høgskular har ei plikt til å sikre norsk fagspråk, både på bokmål og nynorsk

Målform. Berre fordi færre brukar mitt skriftspråk, betyr ikkje det at det er mindre viktig enn bokmålet, skriv BI-student og nynorskbrukar Jonas Økland i eit svar til Bokmålsforbundet.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Viseformann i Bokmålsforbundet, Arve Waage, skriv i Khrono om kvifor han meiner nynorsk ikkje burde prioriterast. Eit arrogant innlegg der nynorskbrukarar ikkje blir ofra ein tanke. Den minkande delen folk som tek i bruk nynorsken Waage snakkar om er akkurat grunnen til at me treng ei mållov. Det er jo vitterleg slik at ingen kan bruke nynorsken dersom det ikkje er lagt til rette for det.

Det kan godt hende at Waage ynskjer å identifisere seg som ungdom sjølv, men ungdommen eg kjenner er mykje meir oppteken av nynorsksaka enn mange eldre.

Jonas Økland

Eg som nynorskbrukar i høgare utdanning har aldri ein einaste gong ynskt eksamen på mitt eige skriftspråk. Ikkje fordi eg ikkje vil ha eksamen på skriftspråket eg identifiserer meg med, men fordi eg ikkje har tiltru til at nynorsk bli løyvd nok tid og krefter til at eksamensoppgåva vil vera god, akademisk nynorsk.

Eg er i verste fall redd for at oppgåveteksten eg får vanskelegare å tolke enn den mine medstudentar får på bokmål er. Slik eg kjenner det no, ser eg det som ei ulempe å velje eit anna skriftspråk enn det mine medstudentar brukar. Slik skal det ikkje vera.

Waage skriv: «Man skulle tro at universitetene hadde langt viktigere oppgaver å bruke sine tildelte ressurser på.» Det skal Waage få lov til å tru, men viktigheit og prioriteringar er som alle politiske saker, subjektive. Eg vil tørre påstå at kunnskapsformidling er noko av det viktigaste høgare utdanning kan drive med. Dette gjeld å fremje begge skriftspråka våre. Eg meiner dei har ei plikt å sikre ivaretaking av fagspråk, og difor begge målformene.

Dagens mållov bør ikkje følgje kor mange som brukar skriftspråket akkurat her og no, som Waage meiner. Prosentandelen må vere minimumet me ynskjer å oppnå. Eg tykkjer det er heilt rimeleg å ville ha ei minimumsgrense på 25 prosent, som i tilnærma alle tilfelle vil gjelde nynorsk, sjølv om dei skal vere likestilte. Me kan ikkje stikke under stol at bokmål er det føretrekte skriftspråket her til lands.

Men nettopp difor viser det akkurat kor viktig det er at kravet på 25 prosent er der. Spesielt når me veit at andelen som vel bokmål framfor nynorsk er så mykje høgare, må me ta innover oss at posisjonar på offentlege institusjonar som universitet og høgskular, eller til dømes i mediebransjen, oftast vil vere besette av bokmålsbrukarar. Det bør ikkje vere slik at målformbruken fylgjer personar i viktige kommunikasjonskanalar. Det skal ikkje vere slik at nynorskbrukarane må få inn ein av «deira eigne» for å kunne få eksamen, eller høyre nyheitene, på nynorsk.

Berre fordi færre brukar mitt skriftspråk, vil eg ha meg fråbeden kronikkar som impliserer at det då ikkje er like viktig. Det er ikkje slik at den monopolistiske tankegangen til Waage, der ein meiner at eit språk til slutt må sigre, er rett.

Det er ikkje ei sanning kva gjeld kva språk ein vil bruke. Så lenge Noreg har fleire skriftspråk, må me gjere det me kan for å oppretthalde dei. Sjølv om forfattaren meiner at «det er utopi å tro at nynorsk kan reddes ved hjelp av tvang og statlige subsidier.», så hjelper det mykje. Eg vel å sjå på det som at utan hjelpemiddel som mållova vil nynorsken vere betydeleg mykje vanskelegare å redde.

Waage drar òg oss unge inn i artikkelen. At «ungdommen kjøper ikke nynorskaktivistenes argumenter», kjøper ikkje eg. Det kan godt hende at Waage ynskjer å identifisere seg som ungdom sjølv, men ungdommen eg kjenner er mykje meir oppteken av nynorsksaka enn mange eldre. Eg heiar fram alle likesinna, og vonar at denne saka blir kjempa i mange år framover, for artikkelen til Waage syner at det trengst.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS