Frank Aleksander Bræin og Gunnhild Skjold, leiarar i Pedagogstudentene og Norsk Målungdom, vil ha nynorsk på agendaen. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne

Lærarane må kunne nynorsk for å gjere jobben sin godt nok

Målform. Utdanningsinstitusjonane og politikarane, med Iselin Nybø i spissen, må få på plass god og systematisk nynorskundervisning i alle lærarutdanningane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Norsk Målungdom og Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet har hjarte for nynorsk og vil at framtidas lærarar skal kunna bruka nynorsk i profesjonsutøvinga si. I dag er lærarstudentane i stor grad prisgjevne at dei møter ein lærarutdannar som brenn for nynorsk for at dei skal få kompetansen dei treng. Det er rett og slett ikkje godt nok, og me treng ei lærarutdanning som tek nynorsk og språkrettane til elevane i den norske skulen på alvor.

Lærarane må kunna nynorsk for å gjera jobben sin godt nok.

Frank Aleksander Bræin og Gunnhild Skjold

Mange skuleretta lærarutdanningar ventar at studentar meistrar begge skriftspråka når dei går ut frå vidaregåande, og gjev ikkje studentane kompetanse i sidemålet sitt. Resultatet er at ikkje alle kan nynorsk godt nok. Dette blir kritisk når framtidas lærarar skal møta elevar med nynorsk som både hovud- og sidemål. Lærarane må kunna nynorsk for å gjera jobben sin godt nok. Viss me skal ha to jamstilte skriftspråk må dei ikkje berre vere det på papiret, men òg i praksis.

Om framtidas lærarar ikkje meistrar nynorsk, meiner Pedagogstudentene og Norsk Målungdom at dette kan påverka den generelle haldninga til språket. Å undervise i eit språk ein ikkje er trygg på, kan bidra til negative haldningar som òg kan smitte frå lærar til elev. Elevar med nynorsk som sitt hovudmål treng lærarar med høg kompetanse i og engasjement for det språket som er elevane sitt hovudmål. Ikkje minst treng elevane med bokmål som hovudmål det same.

Difor meiner Pedagogstudentene og Norsk Målungdom at politikarar og høgare utdanningsinstitusjonar må setja nynorsk på agendaen, slik at ei endring kan skje. Framtidas lærarar må få den undervisinga dei treng for å meistra både nynorsk og bokmål. Det vil gjera det lettare å vera nynorskelev i den norske skulen, og bidra til å styrkja nynorsk som sidemål.

Målet vårt er at framtidas lærarar i barnehage og skule skal ha hjarte for nynorsk. Då vert spørsmåla: Kva er stoda i dag? Korleis kjem me dit? Difor har me gjeve ut heftet Den nynorske draumelæraren, som skal samla trådane og gjera det lettare å gjera endringane som trengst. Heftet samlar kjelder og kunnskapsgrunnlag og framlegg til tiltak.

Utdanningsinstitusjonane og politikarane, med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i spissen, må få på plass god og systematisk nynorskundervisning i alle lærarutdanningane. Me og lokallaga våre skal gjera vårt, men fleire må med for at me skal få til ein skilnad. Saman kan me sikra at framtidas lærarar vert nynorske draumelærarar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS