eikrem-saka

Meiner NTNU-rektor må forklare seg om kontakt med PST. — Stalinistisk

— Svært alvorleg om eit universitet overvakar forskarane, seier UiO-professor Kristian Gundersen. Han reagerer sterkt på nye opplysningar om kontakt mellom NTNU og PST.

Professor Kristian Gundersen meiner NTNU opptrer autoritært og skadar tilliten til universitetet og forskinga.

Professor ved Universitetet i Oslo (UiO), Kristian Gundersen, har lenge vore kritisk til det han oppfattar som ei autoritær framferd av NTNU-leiarane i den såkalla Eikrem-saka.

— Ei stalinistisk linje, er ordet han no set på det.

Sjå NTNU-leiingas kommentar til kritikken frå Gundersen lenger nede i saka.

Khrono la nyleg fram nye opplysningar som viser at Politiets tryggingsteneste (PST) allereie i 2014 var i kontakt med NTNU om tidlegare førsteamanuensis Øyvind Eikrem. Dette er fleire år før det som tidlegare har vore kjent, og i strid med det NTNU-leiinga tidlegare har sagt.

Det noverande rektoratet har ikkje svart Khrono på spørsmål om dei nye opplysningane som er komne fram i saka.

Vil ha svar frå rektor

FAKTA

Eikrem-saka

Gundersen meiner det ikkje er haldbart at dagens rektor, Tor Grande, er taus, ettersom han også var i leiinga under det han kallar ei «heksejakt» mot Eikrem.

— Ein annan svært aktiv leiar var Marit Reitan, som framleis er prorektor. Ho burde kunne gjere greie for kontakten med PST.

NTNU gjekk i 2021 til avskjedssak mot Eikrem, mellom anna basert på skuldingar om hatefulle ytringar. Men styret ved NTNU gjekk imot dåverande rektor Anne Borg, og saka  enda med forlik i 2022. Eikrem var mellom anna skulda for rasistiske ytringar på ein anonym Facebook-profil.

— Banale argument

UiO-professoren meiner det er eit problem i seg sjølv at det har vore eit utstrekt og langvarig samarbeid med NTNU og PST. 

— Ein skal ikkje overvake frie forskarar med mindre ein må. At vi ikkje får noko informasjon frå NTNU, gjer det endå meir problematisk. Er det PST som har drive fram dette — eller er det NTNU? Det er svært alvorleg om det er slik at eit universitet overvakar forskarane, seier Gundersen.

Konsekvensen av saka er uansett at forskarar kan bli redde for å vere overvaka, meiner han, med den skaden det medfører.

— Det gjer forskarane meir ufrie. Institusjonen vel å legge lokk på saka med banale argument som at det er ei personalsak, at dei er ferdig med det og så vidare. Det er klart at ein då blir mistenksam. Kvifor får vi ikkje vite meir? Dette er ikkje eit kva som helst direktorat. Det er eit universitet vi snakkar om.

Tor Grande, sittende på et møterom.
NTNU-rektor Tor Grande har ikkje ønskt å uttale seg om nye opplysningar i Eikrem-saka.

Han legg til at han meiner hemmeleghaldet også sett utanfrå går hardt utover tilliten til institusjonen NTNU.

— Eg stolar mykje mindre på NTNU enn før. Det har samanheng med denne saka — og det har samanheng med saka der Anne Borg måtte gå av etter at det blei avslørt uheldig samrøre med kjernekraftforskarar.

Gundersen synest også det er merkeleg at PST er opnare om kva som har føregått i Eikrem-saka enn det NTNU er.

— Det verkar som at leiarane rett og slett ikkje har vore i stand til å handtere desse sakene, med referanse til Eikrem-saka og saka der Anne Borg gjekk av.

Vil ikkje svare

Informasjonen Eikrem har fått tilgang til i «mappa» si hos PST, står i sterk kontrast til det NTNU-leiinga sa då det i 2021 kom fram at dei hadde oversendt ein rapport om Eikrem til PST — utan at Eikrem var informert.

Direktør for organisasjon og infrastruktur, Bjørn Haugstad, som sjølv ikkje var blitt tilsett då Eikrem-saka begynte, sa at han ikkje var kjent med kontakt mellom NTNU og PST, utanom rapporten dei sendte inn i 2021.

No har det derimot vist seg at leiande personar ved universitet har snakka med PST sju år før rapporten om Eikrem vart oversendt.

Bjørn Haugstad vil ikkje kommentere utover at «Gundersen står fritt til å ha sine meninger».

Khrono har basert seg på opplysningar Eikrem har fått tilgang til frå PST. Khrono har sjølv ikkje fått innsyn i dokumenta frå PST.

Khrono har tatt kontakt med NTNU-leiinga med spørsmål om kommentar til Gundersens kritikk. Heller ikkje i denne omgangen ønsker rektor Tor Grande eller prorektor Marit Reitan å uttale seg.

Bjørn Haugstad svarer ikkje på kritikken, men Khrono har fått tilsendt denne kommentaren frå Haugstad på e-post via kommunikasjonsavdelinga:

«Også Kristian Gundersen står fritt til å ha sine meninger og til å dele dem med offentligheten».

Powered by Labrador CMS