Svensk kritikk

Meiner lovforslag kan føre til meir politisk kontroll med universiteta

Svensk kritikk av det norske forslaget til ny universitets- og høgskulelov.

Forslaget til ny norsk universitets- og høgskulelov risikerer å legitimere direkte styring frå statsråden av institusjonane, meiner den svenske professoren, tidlegare universitetsrektoren og no generaldirektør i Sveriges svar på Nokut, Anders Söderholm. Han er også styremedlem ved Nord universitet.
Forslaget til ny norsk universitets- og høgskulelov risikerer å legitimere direkte styring frå statsråden av institusjonane, meiner den svenske professoren, tidlegare universitetsrektoren og no generaldirektør i Sveriges svar på Nokut, Anders Söderholm. Han er også styremedlem ved Nord universitet.
Publisert Oppdatert

— Endringa kan forsterke ministerstyringa og legitimere direkte styring i einskildsaker, seier den svenske professoren og tidlegare universitets- og høgskolerektoren, Anders Söderholm, til Khrono.

Fakta

Ny universitets- og høgskulelov

  • Leiar av Universitets- og høgskolelovutvalget, Helga Aune, overleverte utgreiinga i form av ei NOU (Norges offentlige utredninger) til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim torsdag 13. februar.
  • Utvalet har hatt i oppgåve å gå gjennom og vurdere regelverket for universitet, høgskular og studentvelferd, blant anna samskipnadsregelverket.
  • Blant temaene utvalet har sett på er styringsmodeller ved universitet og høgskular, opptak til høgare utdanning, kjønnspoeng, klagesensur og mellombelse stillingar.

Söderholm er for tida generaldirektør i Universitetskanslerämbetet (tilsvarende norske Nokut), som mellom anna har som oppgåve å føre tilsyn med kvaliteten i forsking og utdanning i Sverige. Han sit også i styret ved Nord universitet i Noreg, og er kritisk til visse punkt i forslaget til ny universitets- og høgskulelov (Lov om universiteter og høyskoler) som regjeringa la fram i februar.

Forslaget til ny lov, som no er ute til høyring, har vekt debatt. Kritikarane har mellom anna uttrykt bekymring for oppsmuldring av det tradisjonsfesta sjølvstendet til dei akademiske institusjonane. Bakgrunnen er pålegg om å innføre ekstern styreleiar med tilsett rektor som hovudregel.

Også Söderholm er uroa for den uavhengige stillinga, autonomien, men det er eit anna punkt i lovforslaget som bekymrar han.

Debatten rundt Nord universitet, og kven som skal avgjere nedlegging av studiestader, har også vore høgt på agendaen i Noreg og den svenske generaldirektøren har som styremedlem ved Nord vore midt i debatten.

— Farleg verktøy

I forslaget heiter det at departementet «kan gi skriftlig instruks til styret når instruksjonsmyndigheten ikke er avskåret (…)». «Avskåret» viser til unntaka i dette mandatet: Departementet skal ikkje kunne blande seg inn i innhaldet i forsking og undervisning.

Söderholm undrar seg over at formuleringa er tatt med i forslaget: Han seier det er eit bra prinsipp at instruksjonar er skriftlege – problemet er at det ikkje bør opnast for instruksar i det heile:

— Slik eg les det, kan dette vere farleg fordi det kan bli utvikla eit verktøy der ministeren gir instruksjonar i enkeltsaker. Det trur eg ikkje er klokt å legge opp til.

Söderholm meiner at ein lovparagraf som opnar for at politikarane kan instruere styret, sjølv om denne ikkje eksplisitt knyter seg til innhaldet i forsking og undervisning, kan føre til uheldig påverknad styringa av forskings- og utdanningsinstitusjonane:

Slik eg les det, kan dette vere farleg fordi det kan bli utvikla eit verktøy der ministeren gir instruksjonar i enkeltsaker

Anders Söderholm, generaldirektør Universitetskanslerembätet

— Når statsråden har ei slik fullmakt, kan det oppstå eit trykk frå ulike interesser i samfunnet, som igjen kan påverke styret sin agenda. Det kan gi ei meir randomisert styring i enkeltsaker.

Söderholm er også kritisk til at fleirtalet i Aune-utvalet, som har utarbeidd lovforslaget for regjeringa, går inn for å opne for såkalla lovlegheitskontroll. I praksis betyr dette at tre eller fleire styremedlemmer skal kunne krevje kontroll av styrevedtak og der departementet skal gjere den juridiske vurderinga.

— Til saman kan dei to punkta vere til for skade autonomi og langsiktig utviklingsarbeid, seier Söderholm.

— Styreleiar bør vere ekstern

Lovforslaget møtte sterk kritikk frå fleire hald i Noreg då innhaldet vart kjent tidlegare i år. Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, var svært kritisk til forslaget om at institusjonar som har vald rektor må ha ekstern styreleiar. OsloMet-rektor Curt Rice var oppteken av kjønnsdimensjonen og mislikte fjerninga av kjønnspoeng ved opptak av studentar.

Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, som i 2005 var med å utarbeide den eksisterande lova, meinte mellom anna at lovforslaget var ei «oppskrift på en meir sentralisert og monolittisk styringsmodell … basert på mangelfull bedriftsenkning og … respekt for universitetenes rolle som som samfunnsinstitusjoner».

Det var dissens internt i Aune-utvalet, både i spørsmålet om styreleiar og prinsippet om lovlegheitskontroll.

Söderholm er på si side mindre oppteken av spørsmålet om vald versus tilsett rektor. Han meiner styreleiar bør vere ekstern.

— Styret skal jo bidra til universitetet si utvikling basert på det rektor legg fram. Det blir rart om same person skal legge fram og samstundes leie diskusjonane i styret. Å gjere ei vurdering av rektors arbeid blir også vanskeleg dersom rektor og styreleiar er ein og same person. Det viktigaste er at styreleiar er ekstern og rektor intern. Om rektor skal vere valt eller tilsett er meir eit tradisjonsspørsmål, seier Söderholm.

Svensk berøringsangst

Der skil tradisjonene i Sverige og Noreg lag. I Sverige har tilsett rektor vore regelen i 30 år, medan det i Noreg er relativt nytt, og hovudsakleg praktisert på dei nye universiteta. I Sverige er det nærast utenkeleg å gi departement eller statsråd ein rett til å instruere universitetet eller høgskular, skriftleg eller ikkje.

— I Noreg opnar tradisjonen for at ministeren styrer noko meir. I Sverige har ministeren nesten berøringsangst. Det kan føre til at ting av og til går litt sakte. På den andre sida er ikkje statsråden utsett for press frå ideologiske eller økonomiske interesser, seier Söderholm.

Dette er altså ein av grunnane til at Söderholm vil bli kvitt instruksformuleringa i det norske lovforslaget.

— Universiteta skil seg frå andre samfunnsorgan fordi dei er ein del av løysinga når det gjeld alle store samfunnsproblem – no ser vi det med koronaviruset. Då blir det viktig å verne om autonomien for å sikre frittståande og kritisk kunnskapsproduksjon, seier Söderholm.

Han understrekar at han i store trekk er positiv til forslaget til ny universitets- og høgskulelov i Noreg.

— Bør avgrense styring

— Det er svært mykje bra med det norske systemet og lovforslaget, som er godt utforma og betre skrive enn mykje anna som regulerer sektoren. Der skal sjølvsagt vere ei politisk styring av universiteta, men den bør avgrensast til tildelingsbrev, budsjettproposisjonar, utviklingsavtalar og så vidare. Her er systemet betre utforma i Noreg enn i Sverige.

Men å gi departementet høve til å gripe inn i enkeltsaker og juridisk vurdere vedtak i institusjonane sine styrer, er altså ikkje vegen å gå, ifølgje Söderholm.

— Tvert om burde det i lova bli understreka at ministeren ikkje skal gripe inn.

Høyringsfristen for forslaget til den nye lova er sett til 5. juni og skal etter planen opp i Stortinget neste år.