Utveksling
Meiner godkjenning må vera klar før ein reiser ut
25 000 norske studentar tek kvart år heile eller deler av utdanninga si i utlandet. Mange av dei veit ikkje om dei får henne godkjend når dei kjem heim.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein norsk student tok ei bachelorgrad i Cape Town. Då vedkomande søkte opptak til mastergrad i Noreg, var beskjeden av det faglege grunnlaget ikkje var godt nok. Studenten kom i staden inn ved prestisjetunge London School of Economics.
Saka er ikkje eineståande: Khrono har mellom anna skrive om psykologistudentane i Ungarn og om tannlegeproblematikk for studentar som har teke utdanninga si i Danmark. Ernæringsfysiolog-utdanning frå Storbritannia har òg vist seg vanskeleg å få godkjend i Noreg.
— Godkjenningssystemet må vera føreseieleg. Studentane må vita at utdanninga dei tek i utlandet vert godkjend når dei kjem heim, seier Sebastian Hytten, president i Ansa (foreninga for norske studentar i utlandet, red.merk).
Vil at éin instans skal ha ansvar
I juli skreiv Nokut-direktør Kristin Vinje om godkjenning av høgare utdanning i i ein kronikk i Aftenposten. Nokut har per i dag ansvar for godkjenning for ei rekkje utanlandske utdanningar, men ikkje alle. No er deler av ansvaret føreslege flytta over til det nye stordirektoratet HK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse).
Forslaget frå regjeringa er at alle oppgåver knytt til godkjenning av utanlandsk utdanning skal flyttast. Forslaget er på høyring, og skal etter planen handsamast i Stortinget neste år.
«Det er et selvstendig mål at alle oppgaver knyttet til godkjenning og vurdering av utenlandsk utdanning skal ha en enhetlig organisering og styring. Det vil gjøre at det rettslige grunnlaget for de ulike godkjenningsoppgavene blir likt, og at oppgavene vil bli definert som forvaltningsoppgaver med ansvaret lagt til departementet», heiter det i høyringsnotatet.
Vinje skriv at godkjenning av utdanning teke i utlandet i dag er delt, mellom departement, direktorat, tilsyn, fylkeskommunar, universitet og høgskular, og ho argumenterer for at ansvaret burde samlast ein stad - gjerne hos Nokut.
Hytten er samd i at ansvaret bør samlast.
— Nokut har mykje kompetanse på dette feltet. Og for oss er det viktigaste at det er éin instans som har ansvaret og at kompetansen vert samla, seier han, og legg til at han håpar på betring etter forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim sitt forslag om samling.
— Ei samling av alle godkjenningsoppgåvene meiner eg vil gi store gevinstar, sa statsråden då forslaget vart kjent i sommar.
Individuell godkjenning
I studieåret 2020-21 var det om lag 13 000 norske studentar som tok ei heil grad i utlandet. Ser ein på studentar på alle nivå, er talet frå Ansa 25 000. Godkjenning av utdanninga deira skjer på individuelt grunnlag.
— Det er nok individuelt kven som får godkjend, sjølv om det er ein presedens i at dersom ei utdanning vert godkjend for ein student, vil det verta slik for fleire, seier Hytten, og fortel om ein student ved eit fransk universitet som fekk beskjed om at ingenting av det vedkomande hadde studert var godt nok for mastergrad i Noreg.
Han er oppteken av at ein på førehand må vita at ein kan få utdanninga si godkjend.
— Det kan ikkje vera som for Elte-studentane, der det vart ei endring midt i studieløpet.
Saka til psykologistudentane er klaga inn til Høgsterett, etter at lagmannsretten i sommar sa at det var rett at dei ikkje fekk autorisasjon. Norske studentar hadde teke utdanninga si i Ungarn i 13 år før det i 2016 brått vart ei endring.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Ansettelsessaken i Bergen: En faglig tautrekking
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet