NTNU
Meiner Eikrem-saka ved NTNU ikkje skulle vore i media
Eikrem-saka handlar ikkje om ytringsfridom, meiner Arnstein Vestad og kritiserer media si dekning av saka.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetsstyret ved NTNU skal, tidlegast i oktober, avgjere om førsteamanuensis Øyvind Eikrem skal mista jobben sin som førsteamanuensis eller ikkje.
Etter at tilsetjingsutvalet sitt vedtak om å sparka Eikrem vart kjent, har det meldt seg nokre kritiske røyster til korleis NTNU har handtert saka, mellom andre NTNU-tilsett Trond Andresen, professor Hans Otto Frøland og førsteamanuensis ved NTNU Roar Madsen.
«Så dere har funnet en gjeng med hvite menn som pusher 50 i faste stillinger som er 'redd' for å uttale seg? Wow. Tenner et lys», skreiv stipendiat Lisa Reutter på Twitter.
Ho skriv i ein e-post til Khrono at ho ikkje ønskjer å ytra seg meir om saka, og at det ho skreiv på Twitter var ironisk meint.
Handler mer om mannen enn ytringsfrihet
Ein som ikkje er kritisk til NTNU, men i staden til både Eikrem og media, er Arnstein Vestad. Han har ytra seg om saka fleire gongar, mellom anna på Facebook og i kommentarfelta i Khrono.
«Ut fra det som har kommet frem handler vel denne saken mindre om ytringsfrihet, og mer om at mannen, når Ntnu ønsket å undersøke PCene hans, ikke bare meldte de stjålet, men også beskyldte andre ved instituttet for å ha stjålet de... Noe slikt faller vel langt utenfor selv akademisk ytringsfrihet, som tydeligvis ligger langt utenfor den friheten som gjelder i noen som helst andre arbeidsforhold», skreiv Vestad i Khrono sitt kommentarfelt på Facebook i sommar. Vestad er sambuar med ei av stipendiatane som er kollega med Eikrem og som meiner å ha sett at Eikrem har brukt den anonyme og omtalte facebookprofilen.
Meiner saka er samrøre
I ein annan tråd skriv Vestad at «Når enkelte bruker alle anledninger for å beskylde andre for å være "woke" og del av ulike venstrekonspirasjoner, er det vel ikke så unaturlig at mange holder seg unna - og kanskje tenker at det ligger mer til en personalsak enn den eventyrlige historien Andresen fremlegger....».
(Andresen er Trond Andresen. Og å vera woke kan definereast som å vera vaken og på vakt mot det ein meiner er krenkande, diskriminerande eller stereotypierande, red.anm.)
— Dei skuldingane som kjem mot Eikrem handlar mellom anna om åtferd og trakassering. Det burde ikkje vore ei mediesak, seier Vestad til Khrono.
Han har særleg vore kritisk til Universitetsavisa si dekking av Eikrem-saka. Solveig Mikkelsen, som er journalist der, er gift med Trond Andresen.
— Eg synest det er underleg korleis Universitetsavisa presenterer saka, seier Vestad.
— Meiner du at det ikkje er ei sak om ytringsfridom?
— Ja, det meiner eg. Det er i tillegg berre ei side som har kome fram i saka. Ein veit at arbeidsgivar er bunden og ikkje kan uttala seg i slike saker. Eg synest saka er eit samrøre, med påstandar om både tjuveri og om at det er band mellom tilsette ved instituttet og Filter nyheter.
Sambuar med aktør
Eikrem-saka byrja med ei mediesak, eit omstridd intervju Øyvind Eikrem ga til Resett i 2018 og der Universitetsavisa først skreiv om at NTNU-leiinga kalte Eikrem inn på teppet på grunn av reaksjonar på saka.
Avskjedssaka som no er oppe, starta også som ei mediesak då Filter Nyheter i 2020 skreiv at Øyvind Eikrem skal ha stått bak fleire anonyme facebookprofilar som har kome med rasistiske ytringar. Filter Nyheter vart felt i Pressens faglige utvalg (PFU) på eitt av ni punkt; utvalet meinte nettavisa var for konstanterande i kritikken.
— Det er ikkje sikkert saka er som journalistane vil framstilla det, seier Vestad.
— Til tider kan det verka som om journalistane har ei eigeninteresse i å blåsa opp interne konflikter for å skapa saker som kanskje betre kan løysast av dei som har tilgang til informasjon frå begge sider.
Han er sjølv ikkje tilsett ved NTNU, og seier han synest det er ei interessant sak å sjå frå sidelinja. Men Vestad bur saman med Anne Aasback. Ho er stipendiat ved NTNU, og har vore intervjua av avisa Nidaros. Saman med Malin Fævelen sa Aasback at dei hadde sett Eikrem bruka nokre av dei omtala Facebook-profilane.
— Går du i krigen for partnaren din?
— Nei, eg ytrar meg på eigne vegner, seier Vestad.
Testar tolegrensa
— Vestad har eigne bindingar, seier Universitetsavisa sin ansvarlege redaktør Tore Oksholen til Khrono, og peikar på at Vestad bur saman med stipendiat ved Institutt for sosialt arbeid, Anne Aasback.
Han seier at som redaktør må han ha høg tillit til medarbeidarane hans sin integritet.
— Eg må òg ha høg tolegrense for at deira nærståande personar kan ha eigne engasjement. I denne konkrete saka, der Universitetsavisa vert ei lokalavis, ba den aktuelle reporteren sjølv om å sleppa å vera den som skreiv mest om Eikrem-saka. Dette skjedde før partnaren hennar for alvor gjekk inn i debatten.
Redaktøren seier at det skal vera lov å vera hard i klypa når ein kritiserer det avisa gjer.
— Men så lenge ein opptrer høvisk. Det er lov å vera tøff, men ikkje foraktfull.
— Kvifor meiner du dette er ei mediesak?
— Eg meiner sterkt at dette er ei mediesak. Det gjer eg fordi Eikrem sine oppfattingar er av ein slik karakter at mange tek avstand frå dei. Slik vert saka talande for kor tolegrensa går, både for institusjonen og for alle oss som følger denne debatten, seier Oksholen.
Filter-redaktør: Ikkje akademisk ytringsfridom
Også Harald Klungtveit, ansvarleg redaktør i Filter Nyheter, er tydeleg på at saka om Eikrem høyrer heime i media.
— Eg er veldig overraska om nokon meiner at det ikkje har offentleg interesse at ein førsteamanuensis kan knytast til ein Facebook-konto som er ein pådrivar for rasisme på Internett, seier Klungtveit, og legg til:
— Det er rart at akademia hoppar bukk over kva innhald dette var, det er ikkje knytt til akademisk ytringsfridom.
— Er det band mellom Filter Nyheter og tilsette ved Institutt for sosialt arbeid?
— Dette er skuldingar Eikrem har kome med heile vegen, og noko eg kjem med prov mot i tilsvaret vårt til den siste PFU-klagen Eikrem har sendt inn mot oss, seier Klungtveit.
Også Khrono har dekka Eikrem-saka inngåande.
— Eg meiner absolutt at det som har skjedd og skjer i Eikrem-saka er i det offentlege si interesse. Og det er heilt klart ei sak for media. Ikkje minst er det ei sak korleis leiinga ved landets største universitet handterer personalkonflikter og politiske motsetnadar mellom tilsette ved eit institutt som var ramma av dårleg arbeidsmiljø frå tidlegare, seier redaktør i Khrono, Tove Lie.
— Eg trur NTNU vil gjere lurt i å gjere som Universitetet i Bergen gjorde i tyskarvitssaka: Legge seg flate og beklage handteringa overfor alle dei involverte, seier Lie.
Holden: Krevjande for omdømmet til NTNU
I Universitetsavisa fredag 3.september kommenterer NTNU-professor Helge Holden Eikrem-saka i si eiga gjestespalte.
Korleis enda me her, spør han, og skriv at etter hans meining bør saka ikkje enda med avskjed:
«Slik saken står er det umulig for meg å forstå at man kan bli avskjediget på grunnlag av intervjuet i Resett og en anonym Facebook-konto. Selv om utsagnene på Facebook-siden fremstår som uspiselige, er det vanskelig å se hvordan en anonym konto kan skade NTNU. Det kan ikke være fritt frem for arbeidsgiver å undersøke hva ansatte gjør på fritiden uten referanse til arbeidsgiver».
Holden skriv òg at saka er krevjande for NTNU sitt omdømme.
— NTNU står fram som ein institusjon der akademisk fridom er truga, skriv professoren.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Ansettelsessaken i Bergen: En faglig tautrekking
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm