Debatt

Masterstudentar vil bli særleg påverka av koronasituasjonen

Ei oppmodning til utdanningsinstitusjonen i koronatida.

Me studentar treng alltid informasjon anten det er krisetilstandar eller ikkje, men dette vil påverka oss, skriv Eigil Hole Lønning
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Koronasmittens alvor har no seinka seg i heile landet, også i universitets- og høgskulesektoren. Campus er nedstengde, arbeidarar får oppmodningar og krav om heimekontor, og helsarbeidarane jobbar på spreng. Dette er bra, men eg vil likevel koma med nokre oppmodningar i alt kaoset.

Me humra smått over dei sjuke tilstandane i Kina for nokre veker sidan, kor dei stengde ned heile byar, bygde sjukehus på ei veke, og kor matleverandørar måtte visa dokumentasjon kroppstemperaturen på kjøkkenarbeidarane sine. No møter fleire av oss oss sjølve i døra, når me også stengjer ned alle våre store samlingspunkt – herunder høgare utdanningsinstitusjonar.

Noko seint, meiner somme, men ting skjer til slutt. Ting skjer veldig raskt. På berre få dagar har nesten heile Noreg stengd ned. Viktige tiltak kjem på laupande band. Då er det viktig å allereie no byrja å sjå på kva for konsekvensar me kan rusta oss mot på lengre sikt – også i denne sektoren.

Saman med nedstenginga av utdanningsinstittusjonane, er det naturleg at det same vil gjelda den faglege og administrative infrastrukturen rundt utdanningane. Infrastruktur som er heilt kritisk for det arbeidet og dei prestasjonane studentar står overfor.

Studentar har fått melding om at eksamenar og undervisning i tida framover er avlyst (førebels i ein månad ved min institusjon), og at det blir arbeidd for å koma med alternativ. Det vert samstundes løfta at heimeeksamenar, avhandlingsarbeid og liknande går som normalt, og fleire stader ymtast det på at skriftlege og munnlege skuleeksamenar vert konvertert til heimeeksamenar.

Krisestabane rundt om kring på institusjonane gjer ein god jobb i å presentera tiltak for å hanskast med smittefaren på best mogleg måte. Samstundes sitt studentane heime på hyblane sine, og er prisgitt den informasjonen og dei avgjerslene som kjem frå regjering, kommune og institusjon. Mange har ikkje høve til å reisa heim, og eg trur mange kan vera usikre på om deira særsituasjon er teke omsyn til i drøftingane. Studentar er trass alt ei særs divers gruppe. Her kjem difor eit par tips til omsyn som er nøydd å dekkjast – særleg dersom desse tiltaka kan strekkja seg lengre ut i tid.

Studentar treng tydeleg informasjon om kva som til ei kvar tid skjer knytt til infrastrukturen rundt studiet sitt, samt sjølve studieprogrammet. Dei treng informasjon tilknytt sin særsituasjon. Studentar har ei rekke ulike behov og finn seg i ei rekke ulike situasjonar.

Nokon er til dømes meir sosialt isolerte enn andre, nokon er meir avhengige av faglege spesialrom enn andre, og nokon har prosjekt av større dimensjonar som treng innsamling. Det kan vera lett å forsvinna inn i interne drøftingsprosessar for dei som styrer når kriser skjer, men som student er det lett å frykta det verste når ein ser at byane stengjer ned i den grad dei gjer no, og ein ikkje har tilgang til det ein skal.

For det andre er det viktig å ta ekstraordinært omsyn til avhandlingsstudentar – særleg på høgare grads nivå. Medan ein undervisningstime eller ein eksamen kan utsetjast slik dei no gjer (sjølvsagt ikkje utan logistiske utfordringar) så blir ikkje dette gjort ved ting som kan gjerast heime. Dette er forståeleg, men kan også få særs negative følgjer for studentane det gjeld – særleg masterstudentar.

Som masterstudent er ein heilt kritisk avhengig av mykje av infrastrukturen rundt utdanninga si

Eigil Hole Lønning

Som masterstudent er ein heilt kritisk avhengig av mykje av infrastrukturen rundt utdanninga si – i større grad enn andre studentar tør eg påstå. Mange av desse studentane er no inne i tida på semesteret kor den kritiske fasen i arbeidet er vél påbegynt. Her er ein heilt avhengig av bibliotek, bokhandlarar, laboratorium, tekniske rom, lesesal og rettleiing.

Om noko av dette skulle bli utelukka over lengre tid i denne fasen er det grunn til å spørja seg om det er nok at slikt kan gjerast heime. Det er sikkert ikkje eit uhøyrd tema for krisestabane der ute, men når informasjonen ein får er at oppgåver og heimeksamenar går som vanleg, og at andre eksamensformer vert konvertert til liknande, er det grunn til å stilla spørsmål i det minste.

Det er viktig å ta dei naudsynte førehandsreglane i møte med covid-19, men me er også i høgste grad i stand til å planleggja for neste steg, og sjå på korleis ein kan kompensera for effekten dette har på studentar og tilsette.

Så kva kan gjerast? Meiner eg at ein skal utsetja alle mastergradar, bachelorgradar og heimeeksamenar, slik ein også gjer med skuleeksamenar og undervisning? Ikkje naudsynlegvis, men eg vil oppmoda til at dette blir eit viktig tema i institusjonane sine diskusjonar og tiltaksplanar.

Anerkjenn at dette er noko som vil påverka studentar sitt arbeid i høg grad, sjølv om dei kan gjera dette heime. Gje tydeleg informasjon. Gjerne litt meir enn litt mindre. Om de skriv til studentar at dei vil få nærare informasjon på lågare nivå, så må dette følgjast opp. Me studentar treng alltid informasjon anten det er krisetilstandar eller ikkje, men dette vil påverka oss.

Me veit berre ikkje automatisk korleis. Ikkje ignorer dei særomsyn som gjeld for avhandlingsstudentar. At noko kan gjerast heime, tyder ikkje at det kan gjerast like godt heime. Ha difor klåre what-if-planar for korleis dette kan påverka desse studentane også, og gje informasjon til desse.

Til studentane vil eg senda ei oppfordring om å ikkje kvila i forsøk på å etterlysa informasjon av eigen institusjon. Om du føler at nedstenginga går utover ditt avhandlingsarbeid i nemneverdig grad – meld ifrå. Om institusjonen ikkje tek det til seg – ta kontakt med næraste studentombod, studentdemokrati eller nasjonal studentrøyrsle. Dei vil vera interessert i utfordringane dine.

Mesteparten av dette har nok vorte tenkt på allereie. Det er likevel verd å presisera. Eg vonar dette ikkje ber preg av manglande alvor tilknytt pandemien. Det er mange grupper i samfunnet som er råka – og mange meir enn oss. Dette er eit innlegg meint som eit konstruktivt innspel i prosessane som flinke folk allereie driv.

Powered by Labrador CMS