Berekraftsmål

Lei av Erna Solbergs somling med berekraft: — Er ikkje artig lenger

Regjeringa lovar satsing på FNs berekraftsmål, men ved Universitetet i Bergen er dei leie av å vente på handling bak ord. – Vi tar saka i eigne hender, seier forskar Dorothy Dankel.

- You gotta walk the talk, seier forskar Dorothy Dankel ved Institutt for biovitskap på UiB. Så langt meiner ho det stort sett er berre talk frå regjeringa.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fiskeribiologen er frustrert over mangelen på framdrift og konkrete signal frå styresmaktene om korleis dei vil setje berekraftsmåla ut i livet. FNs medlemsland vedtok i 2015 mål for berekraftig utvikling fram til 2030. Blant dei 17 hovudmåla er bremsing av klimaendringane og reduksjon av fattigdom og ulikskap.

FAKTA

FNs bærekraftsmål

  1. Utrydde fattigdom.
  2. Utrydde sult.
  3. God helse.
  4. God utdanning.
  5. Likestilling mellom kjønnene.
  6. Rent vann og gode sanitærforhold.
  7. Ren energi for alle.
  8. Anstendig arbeid og økonomisk vekst.
  9. Innovasjon og infrastruktur.
  10. Mindre ulikhet.
  11. Bærekraftig byer og samfunn.
  12. Ansvarlig forbruk og produksjon.
  13. Stoppe klimaendringene.
  14. Liv under vann.
  15. Liv på land.
  16. Fred og rettferdighet.
  17. Samarbeid for å nå målene.

Hovudmåla er utbrodert i 169 delmål.

— Men vi anar ikkje kor vi står når det gjeld desse måla. SSB har gjort eit visst arbeid med å måle dette, men det er langt frå omfattande nok. Som forskarar får vi ingen signal om kva slags prioriteringar regjeringa har, seier Dankel, som arbeider ved Institutt for biovitskap.

Ho etterlyser også regjeringas handlingsplan som er blitt lova lansert seinast i oktober i fjor.

Det har også Riksrevisjonen gjort.

I november 2020 kom Stortingets kontrollorgan med skarp kritikk av regjeringa. «Det har manglet koordinering, planlegging og kartlegging av status», for den nasjonale styring av og rapporteringa på FNs berekraftsmål, ifølgje Riksrevisjonen.

Schwarzenegger ikkje nok

Denne veka arrangerer Universitetet i Bergen sin eigen nasjonale berekraftkonferanse, for første gong digitalt, men med rekordstor deltaking frå meir enn 100 land. Tema er blant anna pandemi og ulikskap.

Regjeringas eigen nasjonale berekraftkonferanse er det derimot ikkje blitt noko av. Den er utsett for tredje gong, og skal etter den siste planen skje i juni 2021.

I mellomtida opplever forskarane at det er taust frå dei styrande, når det gjeld konkrete tiltak, meiner Dankel. Med tanke på at det berre er ni år og to stortingsperiodar til måla skal vere nådd, synest ho ikkje koronakrisa er ein god nok grunn til å halde fram med å skyve dei framfor seg.

— Eg hadde forventa meir, også når vi tar høgde for pandemien.

Statsminister Erna Solberg har tatt med fotballar påtrykt FNs berekraftmål over heile verda for å reklamere for arbeidet. Men forskarar er kritiske til framdrifta i Solbergs arbeid. I fjor retta også Riksrevisjonen skarp kritikk mot regjeringa for å ikkje gjere nok i berekraftarbeidet. Bildet er frå Norway Cup.

Pandemien set på spissen og forsterkar utfordringar som berekraftsmåla skal bidra til å løyse, peikar Dankel på.

— Erna Solberg har i to år reist rundt med ein fotball med berekraftsmåla på, og gitt han til både Arnold Schwarzenegger og Prins Charles. Det er artig, men snart er det ikkje artig lenger. You gotta walk the talk, seier Dankel, som er fødd i USA.

Statsministeren er av FNs generalsekretær gitt vervet som leiar i ei såkalla pådrivargruppe for berekraftsmåla.

NMBU: For lite fart

Prorektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), Solve Sæbø, har stått sentralt i arbeidet med berekraftsmåla i universitets- og høgskulesektoren. Han er einig med Dankel i at det er for lite fart i regjeringas berekraftarbeid.

— Eg er også einig i at vi manglar kunnskap om korleis vi skal nå måla innan 2030. Vi treng eit betre kunnskapsgrunnlag for heilskapen i berekraftagendaen. Her må forskarar nasjonalt og internasjonalt bidra til å tette hola, slik at vi faktisk kan velje rett retning, seier Sæbø.

Prorektoren meiner kunnskapsgrunnlaget for å ta dei rette politiske avgjerslene i dag ikkje er godt nok.

— Det er to grunnar til det. Kvaliteten og omfanget av data er ikkje godt nok. Der er manglande geografisk dekning, datainnsamlinga er forsinka, og tilgangen til data er mangelfull. Og kanskje viktigast, indikatorane fangar ikkje godt nok opp samspelet mellom indikatorane, det vil seie korleis dei er avhengige av kvarandre, seier Sæbø.

Skipar senter i Bergen

Sidan responsen let vente på seg, er UiB ifølgje Dankel i gang med å spele ut sine eigne kort. Ho peikar på etableringa av eit nytt tverrfagleg senter for berekraftig arealforvaltning på UiB, leia av professor Vigdis Vandvik.

— Tanken er å utvikle ei plattform for å kople kunnskap og samfunn, mellom anna i samarbeid med VIS innovasjon.

På berekraftkonferansen er dette eit emne det skal jobbast vidare med saman med potensielle nordiske samarbeidspartnarar.

— Vi er ikkje i nærleiken av å få noko svar på korleis regjeringa meiner vi skal jobbe. Det har vore ei offentleg høyring og forskarane har kome med haugevis av forslag til prioriteringar. Vi ønskjer at regjeringa skal vere tydeleg, og vi ønskjer kapasitet og kompetanse, seier Dankel.

Regjeringa: Lovar plan til våren

Statsminsterens kontor viser til Kommunal og moderniseringsdepartementet og berekraftsminister Nikolai Astrup for å svare for regjeringa. I e-post til Khrono innrømmer han at Noreg har «noen forbedringsområder»:

«Det handler blant annet om å om å se målene i sammenheng og koordinere innsatsen på tvers av departementer og sektorer», skriv Astrup.

Han lovar at den nasjonale handlingsplanen for berekraftsmåla skal komme til våren. Som ein del av dette skal det komme nasjonale indikatorar for berekreftsmåla, ifølgje ministeren.

«Regjeringen omtaler også bærekraftsmålene i alle meldinger og strategier hvor det er relevant, og vi stiller krav til kommunene og fylkeskommunen om at de skal legge bærekraftsmålene til grunn i sin planlegging», skriv Astrup vidare.

Han understrekar også at regjeringa tar Riksrevisjonens kritikk på alvor. «Men det er verdt å legge til at undersøkelsen til Riksrevisjonen omfatter perioden fra 2016-2019, og at en rekke tiltak som er iverksatt etter dette ikke fanges opp av undersøkelsen», ifølgje berekraftsministeren.

Powered by Labrador CMS